Store delar av det som gjerne vert kalla snøskrednoreg var i helga samla i Ørsta.  Både fredag, laurdag og søndag var det eit tettpakka program og vi som var tilstades kunne suge til oss lærdom frå fagfolk både frå Noreg, USA og Canada. Leiar for programkomite til det som offisielt heitte Nordisk konferanse om snøskred og friluftsliv, var Hedda Breien, skredekspert i NGI.

P1020498_crop

Leiar for programkomiteen og i praksis sjef for sjølve snøskredkonferansen, var Hedda Breien, skredekspert i NGI.

Det var skredgruppene til hjelpekorpsa i Volda og Ørsta med Jarle S Bjørdal og Jan Peder Hoggen i spissen som var tekniske arrangørar av snøskredkonferansen.  Og utan tvil var Hedda svært så nøgd med den tekniske arrangøren:

- Den praktiske gjennomføringa av skredkonferansen kunne ikkje vore betre, rosar Hedda, og legg til at utan den gode dugnadsånda, som også rår innan redningstenesta generelt, er det uråd å få av stabelen eit slikt arrangement som dette.

Meir generelt om innhaldet på konferansen kan du lese m.a. her: snoskred.no og friflyt.no

Som sagt, innhaldet på konferansen var omfangsrikt, men for oss som berre var der for å lære om bratt friluftsliv (dvs. i helling over 30 grader) kan det vere klokt å legge merke til desse punkta som skredekspert og sivilingeniør Kjetil Brattlien tok fram i eitt av sine foredrag:

- I meir enn 90 % av skredulykkene er skredet løyst ut av den skredtekne sjølv, eller av ein annan i turfylgjet.

- Er du usikker på skredfaren, hald deg i fjell/områder som er mindre enn 30 grader bratt.

Av 31 døde på tre år innanfor friluftsliv(inkl. snøscooterkøyring)  syner statistikken fylgjande:

- 2 av 3 dreiv med bratt friluftsliv.

- 1 av 3 var på tur åleine

- 4 av 5 døde hadde ikkje skredsøkjar

- 5 av 8 døde på veg oppover

- 9 av 10 døde vart funne av organisert leitemannskap.

Ingen av dei døde var under 20 år.  Flesteparten var mellom 20 og 40 og ikkje overraskande var det flest menn som døde.

Statistikken syner også fylgjande:

Av dei som vert tekne av snøskred og som vert liggande under snøen etter at skredet har stoppa, er dei aller, aller fleste døde etter 45 minutt.  Her er altså konklusjonen klar:  Vert du teken av skred og vil kome frå det i live, er du i praksis heilt avhengig av at at kameraten eller kameratane reddar deg.

Lensmann Guttorm Hagen seier til hjorundfjord.no at dersom nokon vert teken av snøskred i fjellsida opp mot Saudehornet (eit fjell nært Ørsta sentrum) så kan i praksis leitemannskapet vere der tidlegast 45 minutt etter at skredet har gått.  Det seier seg då sjølv at den skredtekne må verte redda av kameratane.

Så nokre gode råd som kom fram fleire fonger under skredkonferansen:

- Ha på skredsøkar - og den må vere slått på,  ha med søkjestong og ha med spade.  Og NB:  Du må trene på å bruke utstyret.  Du må også trene på det som er mest tidkrevande, dvs. framgraving av den skredtekne.  Skredkort er viktig å ha med seg og bruke.  Klikk her for nedlasting.  Har du ein slik skrivar, skriv dei ut i A5 format - i slik "bokversjon"

Som allereie nemnt - forsking syner at fleire døyr av mekaniske skadar, (t.d. hovudskadar ved å treffe stein og tre) enn det ein har rekna med heilt til nyleg. Difor er det også svært viktig at ein brukar hjelm.

Heilt til slutt i denne omgang nemner eg at det er særs viktig at ein går i trygt område når ein går åleine.  Kameratredning er vanskeleg i desse høva.