Historikk

Dei som har vakse opp i Hjørundfjorden veit kva krefter som vert sleppt laust når snømassane løsner i fjellsidene. Frå tidlegare tider veit vi om ulykkesnatta i 1679 då gardane Valset og Skylstad vart øydelagde. I 1770 vart eit brudefølge og dei tre båtane dei satt i tekne av skred utanfor Otåla i Storfjorden. I seinare tid har dei fleste høyrt om Riise- ulykka i 1968 og Molaup- ulykka i 1971. Desse skreda var såkalla spontanutløyste, altså naturleg utløyste skred. Under slike ekstreme forhold som TD etter snøfallet i februar 1968 er det sjølvsagt ingen som tenker på toppturar eller turar i skredutsatte områder. Det som skil desse ulykkene frå ulykker i forbindelse med skikøyring er at det oftast er skredoffertet sjølv, eller ein annan i følget som utløyser skredet.

 

Skredformer

Ein skil mellom to hovudtypar snøskred: Laussnøskred og Flakskred. Laussnøskred utgjer kun ein prosent av alle skredulykker. Tørre laussnøskred kan gå i bratte heng, minimum 35 grader, etter store mengder snøfall. Under slike forhold held vel dei fleste seg vekk frå slike bratte helninger og det er vel kanskje noko av grunnen til at prosentdelen av denne type ulykker er så lav. Av våte laussnøskred har sikkert mange sett dei meir koselige solfonnene som går i sidene i påsketider når sola og varmen har løyst opp bindingane i snøen. Desse utgjer sjeldan særlig trussel for skikøyrarar. Det som utgjer hovudtrusselen er tørre, eller litt mindre tørre flakskred.

 

Flakskred

Eit flakskred er eit snølag som glir oppå eit anna lag. Ein kan seie at eit flakskred består av tre hovudelement: Flaket som er eit lag der krystalla i snøen er godt bunde, eit svakt lag under som består av ein lausare type snø som kollapser slik at flaka løsner og ei gliflate med liten friksjon av hardare snølag eller skare som flaka glir på. Dei tørre flakskreda løsner i heng som er 30 grader eller meir, men i enkelte tilfeller kan dei løysast ut i litt slakkare heng. Der det har gått flakskred vert det danna ei tydleg bruddkant i overkant av der skredet løsna.

 

”Hotspots”

Tidlegare vart det forska på skred med det utgangspunkt at snødekket var homogent. Ein gjekk ut ifrå at ein kunne grave ein snøprofil i ei side som var tilnærma lik sida ein skulle kjøre i, analysere dei ulike laga og ut ifrå dette kunne anslå skredfara. Ein kan, ved å analysere snøprofilen, seie litt om snødekket generelt. Finn ein TD ut at bindingane mellom laga er ustabile kan ein anslå at det finns ustabile punkt i sida. Finn ein ut at laga er stabile, har ein derimot ingen garanti for at det ikkje finnes ustabile punkt andre stader i fjellsida. Dette er kanskje noko av den mest kompliserte delen av det å vurdere skredfare. Ein kan ikkje lese seg fram til det. Det krevst mykje erfaring. Vi veit i no at snødekket er langt frå homogent. I ei fjellside vil stabiliteten i snødekke kunne variere stort. Variasjonar i terrenget, endring i vindretning under snøfallet, oppstikkande steinar og tred er berre nåkre av faktorane som spelar inn i variasjonane i snødekket. Når eit område med svakare lag i snøen såkalla ”hotspots” vert belasta av ytre krefter kan dette føre til at laget kollapser og det vert løyst ut skred. Slik kan ein forklare at det ofte går skred i heng der fleire har køyrd før. ”Hotspots” finn ein og i på flatt lende. Har du gått på skaresnø og brått høyrt eit drønn rundt deg har du sansynligvis møtt ein ”Hotspot”. Dette er eit teikn på ustabile lag i snødekket. Hadde du då vore i eit heng på 30 grader hadde du kanskje løyst ut eit flakskred.

 

Vurdering

Når ein skal gjere vurderingar om skredfare er det fire faktorar som må være med: Terreng, vær, snødekke og menneske. Skredekspertar har utvikla ulike system som er til hjelp i når ein skal gjere vurderingane. Sveitseren Werner Munter kom i 1997 med noko som vert kalla 3x3-filter. Munter kalla dette for eit zoom-system, med tre ulike vurderingsnivå: regionalt, lokalt og enkeltheng. I Noreg bruker vi gjerne begrepa turplanlegging, områdevurdering og enkelthengvurdering om desse nivåa. Kort kan ein seie at turplanlegging er vurderingar som vert gjort før sjølve turen har starta, områdevurdering vert gjort på avstand frå turområdet med kikkert eller liknande, medan enkelthengvurdering er vurderingar ein gjer undervegs på turen. Det finnes fleire slike system som eg ikkje kan gå inn på enkeltvis i denne artikkelen. T.d. har NGI ein god vurderingsmodell som er spesielt retta mot skikjøring i bratt lende.    

 

 

Vind og snøtransport

Når det gjeld skred kan ein seie at nedbøren gir byggmaterialet og vinden er byggmeisteren. Vinden kan transportere store mengder snø som legg seg på stader vinden har mindre makt. Har vinden nordlig retning vil den transportere frå dei nordvendte henga (Lo-side), over toppane og til dei sørvendte henga (Le-Side) som er mindre eksponert for vind. Snøtransporten auker proporsjonalt med vindstyrka. I ei skredvurdering er kart saman med værmelding nyttige hjelpemiddel. Ein ser då på vindstyrke, vindretning og nedbørsmengd og ut ifrå det gjer eit overslag på kvar det kan ha lagt seg mykje snø. Sett i samanheng med Werner Hunter sin vurderingsmodell kan en seie at på regionalt nivå bruker du opplysninga om vind som er oppgitt på værmeldinga for turområdet. På lokalt nivå kan ein bruke augene å sjå om ein ser kvar snøen har lagt seg, er det store skavlar tyder det på stor snøtransport eller at det bles snø av toppane. På enkelthengt nivå vurderer ein utvalgte punkt i området. Vi er her inne på variasjonar i terrenget. T.d. kan sidedalar leie vinden i nye retningar som resulterer i at innblåst snø legg seg på stader som kanskje ikkje virker naturleg i forhold til den generelle vindretninga. Ved skiftande vindretningar vil det bli mykje lagdeling i snøen. Du kan få viktig informasjon om vindretninga ved å lese teikna i snødekket. Snøen rundt steinar og tre gir indikasjon på vindretning. Det gjer også sastrugi, som er bølgemønstera ein kan sjå i snøen enkelte stader, dei gir ei ”skavlete” overflate som viser kva retning vinden har hatt.

 

Temperatur og høgdeforskjell

Temperaturen påverkar snøen og dermed også skredfara. Normalt kan ein seie at temperaturen i fjellet er lågare enn nede i dalen. I Gjennomsnitt utgjer denne temperaturforskjellen 0,65 grader per 100 meter høgdeskilnad. Står du i dalbotnen og skal vurdere snøforholda 1000 høgdemeter over må du ha i tankane at temperaturen der kan være fleire grader lågare. Det vil også seie at nedbør som har landa som regn i låglandet kan ha landa som snø i høgda. Under enkelte forhold er desse skilnadane i temperaturen omvendt, på fagspråket kalla inversjon. Dette skjer i kaldt og klart vær med rolege vindforhold. Kanskje har nokon gått på ski opp ein dalbotn under slike forhold og merka at det er mildare på eidet enn lenger nede i dalen. Dette oppstår fordi kald luft er tyngre enn varm luft. Den kalde lufta vil då sige ned i dalen og presse varm luft oppover. Under slike forhold vil det ofte verte danna overflaterim på snøen. Vert overflaterimet dekt av nytt snølag vert dette eit svakt lag i snødekket.

 

Temperaturendringar

Krystalla i snøen er i konstant endring. Temperaturen avgjer mykje av korleis desse omvandlingsprossessane går føre seg. Kulde har ei konserverande effekt på snøen. Kjem det nysnø i ei kuldeperiode og kulda vedvarer etter snøfallet vil det ta lengre tid før snødekket stabiliserer seg. Om det etter ei periode med mildvær går over til kaldare vær vil det gi eit gunstigare snødekke. Når den våte snøen vert nedkjølt vert bindingane sterkare og snølaget vil verte meir stabilt. Når temperaturen stadig vekslar vil snødekket bli stabilt i overgang frå varmt til kaldt vær medan det vil bli meir ustabilt når været vert varmare. Stabilitet og temperaturendringane må sjølvsagt sjåast på i samanheng med varigheita. Om ein TD får ei varmare periode vil snødekket først bli ustabilt for så å stabilisere seg etter nokre døgn.

 

Vegvalg og organisering- ”følg rygg, ver trygg”

Gjennom gode vegvalg kan risikoen for å løyse ut skred reduserast.  Ein bør ungå å ferdast under, i eller rett over heng som er brattare enn 30 grader om forholda ikkje er stabile. Ruta bør heller følge ryggar og slakkare heng. Såkalla terrengfeller bør ein også holde seg vekk frå. Fonngjel, renner, og andre formasjoner som vil leie skredet mot deg er døme på slike. Ein bør også forhøre seg med lokalkjende som veit kva område som er spesielt farlige og kva område som er trygge. Størrelsen på turfølget avgjer kor stor belastningen på snødekket blir. Dess fleire personar det er til større belastning vert det. Skal ein krysse heng brattare enn 30 grader bør ein halde over ti meter avstand mellom kvar person for å redusere belastninga av snødekket. Under nedkjøringa vert det anbefalt å halde minst 30 meter avstand mellom kvar person. I enkelte heng bør ein kanskje vurdere om det er lurast å kjøre ein og ein. Men er ein i sterk tvil bør ein kanskje ikkje køyre der i det heile. Før nedkjøringa kan det også være lurt å planlegge trygge samlingstader nedover i sida. Ein kan då stoppe å gjer vurderingar for neste etappe. Også dei som held seg i dalbotnen bør ha i tankane om dei er sikre for skred. Om det er skog i området som ber preg av dårlig behandling frå tidlegare skred veit ein sjølvsagt at det under enkelte forhold kan gå skred. Andre måtar å vurderdere dette på er å rekne ut kor langt skredet kan gå ut i frå tigraderspunktet i sida. Tigraderspunktet er der helninga i terrenget går frå brattare terreng til ti grader. På eit kart med målestokk 1:50000 er dette der avstanden mellom høgdekvotane er 2,2mm. Vidare må ein vurdere kvar anntatt bruddkant vil være, telle høgdekvotene og finne høgdeforskjellen frå der til tigraderspunktet. Eit skred kan gå om lag 1/3 av høgdeforskjellen forbi tigraderspunktet. Finn ein t.d ut at høgdeforskjellen er 300 meter vil eit skred kunne gå omlag 100 meter forbi tigraderspunktet.

 

Dei tre S-ane

Statistikk basert på skredulykker viser at sjangsane for å overleve er størst dersom skredofferet vert funnen dei første 15 minutta etter skredet har gått. Det tek oftast meir tid før organisert redningstjeneste når skredstaden og det er difor dei andre som er med i følget spelar viktigaste rolla om uhellet skulle vere ute. Det kan være lurt å ha faste rutiner før og under turen. Før turen må ein sjekke at nødvendig utstyr er med og at det fungerer. Skal turen gå i bratt terreng bør alle ha med søkestang, spade og sender/mottaker og litt førstehjelpsutstyr. Når det gjeld sender/mottaker-utstyr er det viktigaste at kvar enkelt kan bruke og kjenner funksjonane til den modellen dei har. Det er vanlig å ta ein gruppetest før avreise der ein sjekker at dette utsyret fungerer. Spada bør ha blad av metall og være spiss i enden. Må ein grave i komprimert snø fungerer ikkje plastspader godt. Søkestanga bør vere to meter eller lengre og ha gjennomgåande, gjerne plastbelagt, stålvaier. Andre nyttige hjelpemiddel på tur i vinterfjellet er t.d. kompass med helningsmåler. Samtidig finnes det store mengder produkt på markedet som kan være med på å redusere skadeomfanget som ABS-sekk, Avalung og fleire. Går ein mykje i fjellet kan ein vurdere å skaffe seg slikt utstyr men ein kjem langt med dei tre S-ane: søkestang, spade og S/M-utstyr. Så sant ein veit å bruke det.

 

Ikkje farlig for den som trår varlig..

”Hugs, min venn, skredet veit ikkje at du er ekspert!” Dette sitatet kjem frå den sveitske skredforskeren og klatraren Andre` Roch. Sitatet gir eit godt bilete på audmjukheita ein bør ha når ein ferdast i vinterfjellet. Sjølv dei med mange tiår med forskning og erfaring innan skred hevder ikkje at dei veit alt om temaet. Det vil være umogleg å seie akkurat når og kvar det kan gå skred. Likevel, er man våken, tek gode vegvalg og avgjerdsle vil ein kunne ferdast på ein trygg måte å få mange gode opplevingar i fjellet.

 

God tur!