Sivert Årseth har enno ikkje fylt 17 år, men han har allereie vore med på jakt i fleire år - først og fremst i Åfjord i Trøndelag der mor Anna (Moan) kjem ifrå.  Sivert er godt kjend med både småviltjakt og elgjakt.  Og i dag felte han også ein fin hjort, ein spissbukk på 50 kg.

IMGP2529 - Kopi

Sivert Årseth med sin første hjort, ein spissbukk på 50 kg.

I ca. 14 dagar no har vi hatt godt vêr - på tide vil sikkert mange hevde.  Nokre av oss har nytta dei fine haustsøndagane til å jakte etter hjort på Årsetsida i Kvistaddalen.  Sivert har vore ein av oss og for tredje søndagen på rad var han i dag plassert ut på den øvste og beste posten i Storfonna.

Sist søndag kom det 10 hjortar over fonna - i tillegg snudde fem stk. på kanten og gjekk innover dalen igjen.  I dag var det tydeleg at eit eller anna hadde skjedd i løpet av denne siste veke for i dag såg vi berre ein hjort.  Flesteparten av hjortane har, som vanleg er på denne tida av året, altså reist frå dalen og vendt nasa mot vinterbeita.  Men i alle høve var ein hjort att i dalen...

Spissbukken, seier Sivert, kom i roleg temp innanifrå og starta kryssinga av det opne feltet, dvs. Storfonna.  Men halvvegs over nølte han - vart han vàr eit eller anna?  Spissbukken starta no å gå nedover, men Sivert ropte og hjorten stoppa og vende blikket mot jegeren.  Sivert var no sikker på at det var ein spissbukk han hadde med å gjere og det heile var over med eit perfekt skot.

IMGP2532 - Kopi

Sivert og hjelpemannskapet.  Frå venstre far Jon Arne Årseth, Jakob Hustad, onkel Normann Dimmen og altså Sivert.

På vårt jaktfelt, Årset og Gjerde, har vi i år hatt svært mykje hjort, alt for mykje.  Såleis vil nok mange hevde at det ikkje kan vere så vanskeleg å felle eit slikt dyr. Ja, ja, men det skal fellast rett hjort.  Vi som jaktar her minner stendig vekk kvarandre på at kalven skal skytast før kolla (les Ivar Arne Vartdal sitt gode innlegg i Møre-Nytt i går om etisk rett jakt), at det må skytast meir ungdyr osb.  Likevel har vi sett både her og på andre jaktfelt at det har blitt skote "spissbukkar" med fleire enn to takkar og "ungkoller" som har vore både to og tre år. Det må understrekast at dette slett ikkje berre gjeld unge jegerar.

Difor er det spesielt gledeleg at Sivert, som i det siste har fått både store bukkar og vaksne koller rett forbi seg på kort avstand på posten i fonna, ikkje har skote på desse dyra.  Han har venta tolmodig til han i dag var sikker og til det kom eit ungdyr.  Bukken heng no ferdig slakta.  Det er berre å gratulere.

 

                                   -----------------------------------

Om ein tenkjer effektiv jakt så er jakta inne i dalen, som vi seier, slett ikkje av den mest effektive sjølv om vi etter kvart har lært oss kvar dyra held til osb.  Den minst slitsame og mest effektive jakta driv ein frå ein post, morgon eller kveld, (evt. måneskinsjakt) like ved ei dyrkamark.  Men spør Jakob eller Sivert kva som er den kjekkaste jakta og du får eit klart svar.  Ei god matpause i fonna, gjerne med ein innlagt skytekonkurranse, høyrer med.  Og neste år reknar vi med at sjefjagar Normann også har med bacon til steikepanna over bålet.

IMGP2535 - Kopi IMGP2538 - Kopi

Til venstre får dagens Rambo, Normann (Dimmen) på seg tørre klede.  Han vart forresten skikkeleg skræmt av ei orrhøne som flaug opp i det han var i ferd med å trakke på ho.  Til høgre har Jakob utfordra Jon Arne til ein liten skyte"duell".  Jakob trøstar seg med at neste år kan også han ligge på post.

IMGP2541 - Kopi

Etter den søte kløa kjem den sure svia... Det er ikkje det tyngste å få hjorten ned fonna, ned til elva, men så må han opp til vegen på motsett side.  Men fotografen må bere kameraet.