Så er vi klare for nok ein kamp..

 

Mot Utleira 1

Innmarsj og presentasjon! Sæbø/Åmdal sine spelarar er f.v. Anette Mork (2), Elisabeth Skogen, Malene Aambakk (12), Torill Haugen Øye (4), Sara Konstanse Årseth, Else Marie Stokke (7), Helene Andreassen (1), Aina Opsal Bakke, Inger-Anne Stokke, Hanne Stokke, Synnøve Eikås, Kathrine Brekke og Karen Ose Lid.

Kampen starta bra med leiing til Sæbø/Åmdal dei første 5 minutt. Då utligna Utleira og etter det var dei i føringa heile kampen.
Utleira viste seg å vere eit tekninisk godt lag som var samspelte og brukte stor fart og var offansive, kanskje det beste laget vi har møtt så langt spelemessig.
Med Liv Grete, Silje og Monica på skadeliste vart vi nok ein gong for lette i forsvar. Inger-Anne kom inn for Monica som har opperert eit kne og blir borte frå hanballen lenge, og med litt meir trening trur vi dette skal bli bra!

Pauseresultatet var 11-25 og sluttresultatet vart 26-48.

 mot Utleira 9

Kathrine

Mat Utleira 3

Helene skyt og blir felt og det blir straffe som Malene set sikkert i mål!

mot Utleira 11

Malene var aggressiv som vanleg og sette 12 mål i nettet.

mot Utleira 5

Torill med 4 mål.

mot Utleira 10

Anette skåra 2 mål.

mot Utleira 4

Else Marie spelte ein flott kamp, spesielt andreomgang, og skåra 7 mål.

Anna

Anna stod i kiosken og selde mange gode vaflar til eit tallrikt publikum!

Neste kamp er i Molde mot Træff 14. november og då håpar vi at vi kan stille med fullt lag!