Frukosten på terrassen blei raskt ekspedert, men i dag smurde eg skiver med norsk brunost på, fyllte ei to-liter flaske med drikke, pakka ein vindtett dress og ei ekstra t-skjorte i sekken. Sjølv greidde eg meg med shorts og t-skjorte; det er veldig greitt å velje turhabit her!  Men skikkelege fjellstøvlar er nyttig å ta med fordi underlaget til tider kan vere som å vandre på glatte kulelager.
Da eg sette meg i bilen, synte termometeret allereie 24 grader; det ville nok bli kjølegare når eg kom opp i høgda.  Turen starta opp gjennom den mektige og frodige Orotavadalen som er om lag 15 km brei og endar opp mot fjellryggen 10 km og 1000 m høgare opp. Tidlegare var det grøderikt jordbruks-land, no er det mest hustak over alt.   Den kjende geografen og oppdagingsreisande Alexander von Humboldt kom hit første gongen allereie kring 1810, og da han runda La Matanza og såg utover dalen, kom det spontant: Dette må vere den vakraste dalen i verda! Han kom tilbake mange gonger. Den same Humboldt la grunnlaget for plantegeografien, meteorologien og klimatologien.
Når vi er inne på Humboldt så var det broren Wilhelm som grunnla det seinare så berømte universitetet i Berlin med over 60 nobelprisvinnarar.
Frå 600 m høgde blir det lengre mellom husveggane og tettare med små finkaer (gardsbruk) Det går mykje i poteter, grønsaker og frukt - i hovudsak attåtnæring. Vegen går i store svingar og er prima. Det er to køyrebaner, breie fortau og glidekantane er ikkje av stål, men miljøvennleg trevirke.
Ved Aguamansa parkerer eg.  På nokre minuttar har eg avansert til 1000 meter over havet. Utsikta er formidabel: Orotavadalen, Puerto de la Cruz som ligg nede ved sjøen og så det endelause havet.
Her i Aguamansa ligg truleg det høgste oppdrettsanlegget i verda. Det er ikkje så stort etter vartdalsmål, men rommer fleire tusen laks.    Elles er det restaurantar over alt. Turismen styrer økonomien.

Målet for turen er fjellet Montana Lemon som toppar 2105 moh. På avstand ser det ut som ein kolle, eller, meir presist, som ein sitron på høgkant.
Skogssti I starten går stien gjennom tett pinjeskog

Temperaturen har falle til 18 grader og eg nærmar meg pinjeskogen som er så viktig for Canarieøyane. Pinjetreet høyrer til furufamilien, men har ei rankare stamme. Det unike med dette treet er at det akkumulerer vatn og bidrar til å balansere grunnvatnet. Stomnen har også eit brannpanser av bark som toler branner og temperaturar over 100 grader.  Det kan vere nyttig, for ofte herjar skogbrannane her.
Pinjetre stamme Pinjestomnen ser ut som ein furustomn, men har eit brannpanser som kan redde treet i ein skogbrann. Naturen har ei fantastisk evne til å tilpasse seg forholda!

Etter ein halvtimes trasking under skyggefulle pinjetrekruner, kjem eg opp til første rasteplasssen Chimoche 1430 m, og her er ordentlege saker. Eit ope hus med kunstferdig mura bakvegg i naturstein, taket er trestokkar, som er delte, og annankvar med ei renne i midten. Stokkane er lagde doble med flatsida mot kvarandre der stokkane med renna ligg under og leier vatnet. Som alt enkelt: genialt. Dette måtte vere interessant for Thomas Hustad!  Ut frå denne rasteplassen går det stiar i mange retningar, men ingen er merka med namn. Det har valda problem for nokon kvar - sjølv brukte eg første gongen mange timar på å finne rett sti (sendero). 
Chimoche Ein vakker Refuigo, rasteplass der ein kan søkje lyd for sol eller regn.

No er eg inne på min sti og det går rimeleg greit oppetter kneikane. Enkelte stader ligg det eit tjukt lag med glatte pinjenåler i råsa så det er som å bevege seg på nysnø.  Frå trekrunene kvitrar kanariefuglane, også dei likar seg i høgda. Elles er det lite liv å sjå: ein og annan hare pilar for livet, her finst nemleg villhundar, og dei har ikkje så mykje anna å jakte på. Eg avanserer fort no og nærmar meg 2000 m grensa. Det er også grensa for pinjeskogen og etter kvart er det småbuskene Retama og Monteverde som klorar seg fast i lavaen. For her er det lava som regjerer grunnen.

Fotos 2009 060 Montana Lemon 2105 moh. Buskene Retama og Monteverde har klora seg fast i lavamassen. Det er turt for tida.

Etter eit par timars effektiv gange når eg toppen på Montana Lemon 2105 m. Eg er aleine denne gongen også, møtte tre vaksne spanjolar lenger nede i sida, men dei hadde eit anna mål. Utsikta er flott sjølv om ho ikkje kan måle seg med dei beste i Hjørundfjordfjella.
Observatorio de Izana I sør ser vi konturane av solobservatoriet Observatorio de Izana.

I retninga sør reiser nokre kjempestore bygningar og tårn seg mot himmelen. Det er det astronomiske og geofysiske Observatorio de Izana, som er det største og fremste solobservatoriet i Europa.Også Noreg har nokre aksjar her. Ja, der skulle du ha vøri Torbjørn U. Det er høve for publikum - og sjølvsagt amatørastronomar - å besøke observatoriet som har det adm. samarbeidet med universitetet i La Laguna. Det ligg eit par mil aust for Puerto de la Cruz, har ca 30 000 studentar og blei skipa 18 år før universitetet i Oslo.  Så dei var tidleg ute her på Tenerife.

Teide 09 Teide 3718 moh er eit typisk vulkanfjell. Gondolheisa følgjer ryggen til venstre. Råsa til toppen går oppetter fjellsida rett i front. Der ligg det også ein stor Refuigo der du kan overnatte for akklimatisering.

Mot sør reiser det mektige vulkanfjellet Teide seg. Det er høgste fjellet i Spania, 3718 m. Opp til øvste platået, som ligg på ca. 3350 m, går det gondolheis. Her er det hundrevis, ofte tusener, av turistar som dagleg besøker Teide med gondolheisa. Per Urke sin ide om djupvasskai på Urke og gondolheis opp til eks. Saksa ville  turistbransjen her omfavna - og gjort noko med. Til flyplassane på Tenerife kjem fleire gonger i veka over 60 000 turistar, og det starta frå Ingenting for berre 40 år sidan!
Å gå til fots opp på toppen av Teide har sin eigen sjarm og slit. Innsteget er på Montana Blanca 2200m, og så er det som å gå opp ei trapperås til 3400 m. Da flatnar det ut og dei siste 300 m går i slakt lende. Det som er skilnaden frå å gå oppetter råsa til Slogen, er ikkje stigninga, men kvart steg blir etterkvart så mykje tyngre. Og frå 3400 m er det diverre mange som ikkje kjem lengre, særleg dei som er i god form og stormar oppover. For å få lov til å gå på toppen må ein ha skr. løyve frå Politiet. Sjølv utsikta frå dei fornemste toppane i Hjørundfjorden kan ikkje måle seg med det gigantiske rundskuet du får ein klar dag frå toppen av Teide.

Elles er det med Tenerife som med Hjørundfjorden: Dei har på kvar sin måte ein unik natur. Tenerife har løfta fram naturen sin til heile Europa og blir omfamna - Hjørundfjorden kjem nok etter om enn i ein annan målestokk! Utfordringa er å finne investeringsvillig kapital og prosjekt som tek vare på både natur og folk i fjorden...