For ca. 14 dagar sidan nemnde Fred Ingar (Somby) Skårakongen og Jeksla.  Det hadde vore fint med ein tur dit - særleg om ein slik tur vert kombinert med skikøyring ned att, meinte han. - Greit, svara eg sjølv om eg knapt nok visste kva han snakka om.

Vel heime måtte eg leite fram både fjellbøker - tenkte det var fjell han snakka om sidan han nemnde ski i same slengen - og pc. Skårakongen og Jeksla er to av Kvistadkjerringane, kunne eg lese.  Må bruke tau for å kome opp, fekk eg også med meg.

b

Her ser vi både Skårakongen (t.v.) og Jeksla.  Foto mot sør.  Foto: Fred Ingar Somby.

PB110300b

Nærfoto av Jeksla.  Vi ser at sjølv tannlegen ville ha hatt problem med å tette holet her.  Foto:  Fred Ingar Somby.

Onsdag kom telefonen frå Fred Ingar.  Han var på veg mot Kvistaddalen og dei to nemnde fjella, eller rettare - fjellnålene. Nei, eg var nok ikkje klar for ein fjelltur, men neste dag...

Neste dag, torsdag, var eg klar.  Eg var litt usikker på kvar vi skulle, men Fred Ingar hadde nemnt Skårakongen.  - Vi satsar på Jeksla, sa Fred Ingar i det eg sette meg inn i bilen.  - Ok, sa eg - eg forstod kvifor.  Kvelden før hadde nemleg Stig Helset lagt ut ein artikkel om nettopp ein tur på Skårakongen på Hjørundfjordportalen.

Vi gjekk - nesten bokstavleg tala, i Stig Helset og Åsmund Vaage sine spor mesteparten av vegen opp. Etter parkeringa inne i Kvistaddalen gjekk vi innover mot Vasstøylen, vidare etter Kvamsedalsråsa opp til "Kvilesteinen", gjekk så vidare oppover, litt mot venstre, og inn i gjelet/renna som fører rett opp til desse to vakre fjellnålene.

No var det berre å få på stegjarna og med isøksa som stav gjekk turen oppover heilt uproblematisk.  Og ikkje minst - på ca. 700 meter møtte vi sola.  Det skulle vise seg å verte ein fantastisk dag.

PB120329b

Så er vi øvst oppe i gjelet.  Skårakongen ligg til høgre, Fred Ingar og eg er på veg mot venstre, mot Jeksla.  Langt der nede ser vi Vasstøylvatnet.

DSC00169 DSC00170

Til venstre ser vi den ca. 25 meter høge vestveggen av Jeksla der vi rapellerte ned.  Sjå under.  Til høgre er Fred Ingar i ferd med å klargjere til klatringa - i vakker natur.

La det vere sagt igjen - eg er ingen klatrar.  Likevel er det mykje ein får til når ein har ein klatrar som går opp først, men kanskje hadde det vore lurt med eit klatrekurs for meg også?  Eller kva seier du, Sverre Mauseidvåg der nede i Syden?  I alle fall må eg ha på meg klatreselen oftare slik at eg slepp hjelp til å få den på.

DSC00172 PB110309b

Til venstre er Fred Ingar klar for klatredelen av turen.  I bakgrunnen ser vi Skårasalen.  (Fotoet skal nok vridast ein del mot venstre)  På foto til høgre har han teikna inn ruta vi klatra opp - og ned.

Det er berre å beklage at fotoa ikkje er av beste kvalitet, men denne dagen måtte  eit lite kompaktkamera med låg batteristand og ein mobiltelefon gjere nytta.

Vi starta klatringa frå vestsida av nåla, klatra så raskt over på nordsida og kom til topps på nordaustsida.  Eg høyrer og les at klatrarane brukar ein del faguttrykk.  Sjølvsagt prøver eg å lære og  cruxet (eg forstår det slik at det tyder det vanskelegaste punktet på ruta) for meg på denne ruta var allereie i starten, men elles gjekk turen opp heilt fint.  Ikkje var det særleg snø i klatreruta heller, berre noko nesten på toppen på nordsida.  Frå standplassen kunne eg ikkje sjå Fred Ingar klatre opp, men etter lyden frå han og døme likte også han seg svært godt.

PB120330b PB120331b

Etter at Fred Ingar har klatra til topps er det min tur å kome etter.  Og opp kom eg.  Utan tvil er eg litt stolt på fotoet til høgre.  Eg har vel lov til å skrive det?

PB120333b

Torsdag den 12. november var ein vakker dag i Hjørundfjorden, særleg når dagen vert krydra med ein tur på tindenåla Jeksla.  Fred Ingar ser også ut til å vere godt nøgd.

DSC00173

I bakgrunnen ser vi Skårakongen.  Kanskje tek Fred Ingar den ved eit anna høve?

På toppen av desse nålene er det ikkje så god plass.  Fred Ingar var svært så opteken av å sikre svigerfar sin, som ikkje var særleg engsteleg, men som nok hadde litt sug i magen før nedstigninga frå denne holtanna, orsak - Jeksla.  Men heller ikkje her vart det nokon dramatikk.

DSC00174 PB120338b

Til venstre ser vi Fred Ingar på veg ned og vel nede er det ikkje anna å gjere enn smile for underteikna.

No brukar eg ikkje å skrive så mykje om medgått tid m.m., men eg må få nemne at klokka 1430 stod vi på tannkjøtet til Jeksla og var klare til å gå ned.  Klokka 1520 sat vi i bilen på parkeringsplassen.  Og etter det eg forstår rakk Fred Ingar foreldremøtet klokka 16 på skulen i Vikebygda også.  Med andre ord - avslutninga på denne turen var slik tradisjonen tilseier.

Takk for ein flott tur.

Under: Kvistadkjerringane sett frå Leknes sist onsdag.

IMG_0135

Ikkje særleg godt foto, men dei namngjevne toppane er frå venstre:  Skårakongen, Jeksla og Skårasalen.  Kanskje vanskeleg å sjå, men i fjellformasjonen til høgre-/nord for Jeksla  er det også eit hol.  Kan det vere dette holdet du snakkar om, Kjell Arne? (Jfr. kommentar under)