Vi seier det med ein gong - denne lenka må inn på favorittlista di: Klikk her. Klikk på "Fotogalleri" i venstre marg og nyt vakre foto, men også foto som kan gjere deg takknemleg, glad og kanskje til og med litt trist?

- Håvard, du er ein travel ung mann på 19 år, har du tid til å vere fotograf også?

- No brukar eg mykje av fritida mi til å gå i fjellet - og fotoapparatet er gjerne med. Etter kvart har også fotograferinga blitt ein hobby.   Så tenkte eg at det kunne vere klokt å systematisere fotoa som likevel ligg inne på pc-en.  Ja, så vart det altså fjellfotografen.net.

- Hobby?  Dette ser nesten profesjonelt ut.  Vert det fotoutstyr i staden for skiutstyr no?

- Nei, slett ikkje.  Fotograferinga vert nok framleis ein foto, på linje med skigåinga, men eg har hatt ei lita fotoutstilling her på Bjørke og ein del foto har eg også selt. 

- Så om nokon vil kjøpe foto av deg, kan dei ta kontakt?

- Sjølvsagt.  Telefonnummer og e-postadresse ligg ute på nettstaden.

photo 2

Harmonisk til sinns, heiter dette fotoet.  Foto:  Håvard Myklebust

Håvard fortel at det vert mest fjellfotografering for hans del i all den dag han brukar fjellheimen mykje både til trening og rein rekreasjon.  Han legg også til at han har late seg inspirere av både naturfotograf Gunnar Wangen og Grete Bjørdalsbakke.  Sistnemnde, har han lagt merke til, fotograferer litt lågare i lendet.  Så kanskje er det ikkje så uklokt å fotografere mest i fjell?

Håvard Myklebust har fått noko hjelp til å lage nettstaden fjellfotografen.net. Tom Christer Erlandsen står for kode og design.