Torsdag tok eg og pappa halv sju-flyet til Gardermoen  saman med nokre andre personar frå Bondalen. Då vi kom fram til Gardermoen, tok vi det første toget til Lillestrøm der messa heldt til. Vi kom fram til messa omlag ein halv time før billettskrankene opna, så vi skulle ha god tid til å sjekke inn jakkene, baggane og få ein god plass i billett-køa.

Då vi hadde kjøpt billettar og kome oss innanfor messe-portane, var det berre å gå rett inn i hall 1, fordi messa gjekk over 4 store utstillingshallar, stappfulle med traktorar, treskarar og diverse anna reiskap.

 Messekart

Då vi kom inn i hall B var det ikkje vanskeleg å sjå at John Deere hadde denne hallen.

Bobcat

 

Ved inngangsporten såg vi ei rad med Bobcatar og JCB-liftar på venstre side.

 

John Deere 8345 R

 

Litt lenger inne i hallen fann vi den enorme John Deere 8345 R.

 

Avant

 

Heilt innerst i hall B fann eg Avant si samling med minilastarar rå 700-serien og nedover. I spissen med sine 50 hestekrefter stod Avant 750 og lyste opp samlinga.

 

 John Deere 7530 E premium

 

Heilt inne ved veggen stod ein John Deere 7530 E Premium med innebygd el-generator som produserar energi til AirConditionen, kjølevifta og ein kompressor. Dette reduserer drivstofforbruket og der vert uttak til straum bak traktoren. 220 og 400V /16A straumuttak. Du kan koble til mellom anna: vinkelsliparar, drillar, sveiseapparat og mykje, mykje meir. 7530-en fekk Tre Aks av utstillarkomiteen.

 

I hall C var det Case IH og A-K Maskiner som tok mest plass.

 Case IH Puma 225

 

Case IH (International Harvester) Puma 225 var den nest største Casen som var på messa.

 

New Holland

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Skurtreskar frå New Holland stod på sin rette plass.

 

 

  Vinsj

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

To-trumla vinsj frå Igland var ein av dei som var litt "handy" .

I hall D var det Claas og Valtra som styrte med kvar sine breide utval av traktorar og treskerar.

 

 

Claas Xerion 3300

 

Claas Xerion var ein av hovudattraksjonane til Claas og ein av mine favorittar.

 

  Claas Axion

 

Claas Axion 840 CEMATIC var den største "normale" traktoren innen det merket og ein ganske populær traktor...

 

  Axion Simulator

 

 ...så populær at dei lagar simulatorar til han! Der var lange køer ved simulatoren, så det var nesten uaktuelt å køyre meir enn to gongar for dag.

 

  Valtra

 

Valtra N 142 Versu med fronthydraulikk som fyljer hjula. Kjekt å ha når du f.eks.  skal slå med frontslåmaskin og skal kome inntil straummaster på marka, eller når du skal ta ein sving.

 

 McCormic

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

McCormic XTX 145 Extra Speed

 

I hall E var det Eik-senteret som dominerte. Dei hadde mange modellar frå både Fendt og Massey Ferguson.

 

 Massey Ferguson

 

Massey Ferguson 7499 Dyna-VT var den største MF-en på heile messa.

 

Fendt 936 Vario

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Den enorme Fendt 936 Vario stod på plass med eit lodd på 1250 KG

 

 

 JCB

 

Den kjende JCB-en "Elsa" var den mest populære blant JCB

Ei kort oppsummering av messa må vere at det var noko av det kjekkaste eg har vore med på !!!