Det nærmar seg advent og Damekoret Lyst held sine årvisse konsertar. Laurdag 28. november held koret konsert i Volda kyrkje, og søndag 29.vert det konsert i Ørsta kyrkje. Men for folk som har lyst å kome i tidleg adventstemning, kan ein ta turen til Bjørke allereie på komande søndag. Her vert det konsert med koret og folk kan få oppleve eit allsidige repertoar i bjørkekyrkja, der adventsprogrammet vert presentert i ei generalprøve.

 Damekoret Lyst har eksistert i snart 10 år og dei årvisse julekonsertane med Lyst har vore eit høgdepunkt for eit stort publikum. Damekoret Lyst er frå Ørsta (ca 25 damer frå Ørsta og Volda). Dirigent er Nina Vedeld Telseth som tidlegare har dirigert blandakoret på Vartdal. På tangentinstrument har dei hyra inn Tom Erik Bogen som bur på Bjørke og er lokalt kjent musikar, organist i Bjørke kyrkje, lærar og  rektor i Austefjorden.

 IMG_4429_1

Damekoret Lyst består av unge kvinner frå Ørsta/Volda og  har totalt 25 medlemmar, men til denne jula er det ca.20 aktive i koret.

Tom Erik Bogen
Tom Erik Bogen frå Saure
på Bjørke, er henta inn og-
så i år for å tonefølgje
koret på tangentinstrument

 -Tom Erik har gitt oss stor fagleg drahjelp og no vil koret gje noko tilbake til Bjørke, ved å halde ein konsert i kyrkja.

Sidan koret består av småbarnsmødre som ikkje alltid har anledning å være aktive pga fødselpermisjonar og andre familiehøver, er det for tida ca.20 aktive i koret, men totalt er me 25 songarar. Det er heller ikkje vore anledning til så mykje reising som me skulle ynskje, men for to år sidan var det Herøy og Vartdal vi hadde konsertar utanom Ørsta og Volda. Me har også for ei tid tilbake vore og sunge i Bjørke kyrkja, så vi er kjende med konsertlokalet sine gode om intime eigenskapar.

Sidan det er begrensa med tid til konsertreisingar, så  prøvar vi også  å nå fram til folk gjennom sal av vår CD, i tillegg til konsertar. Til våren skal vi også få prøve oss, då vi skal delta i ein stor korkonkurranse i Bergen. - Seier talskvinne for koret, Linda Njåstad Øyehaug

 Koret har hatt ein aktiv haust, med øving og perfeksjonering framfor årets konsertar. I tillegg til ordinære øvingar, har Lyst også hatt undervisning med songpedagog Siv Aurdal. Koret er såleis betre skulert i sangteknikk og står betre rusta til å få fram klangpotensialet til songarane i koret. Det er difor med stor glede Lyst i år inviterer til ein vakker og stemningsfull adventskonsert som vil gje publikum ei positiv oppleving.

 

Årets adventskonsert har to avdelingar. I den første delen framfører koret Benjamin Britten sitt nydelege verk « A Ceremony of carols». Dette verket av Britten, inneheld 11 satsar bundne saman av inngang- og utgangsprosesjonar.

Untitled-1
Framside, LYST sin jule-CD

Fager er jordi
This little babe
Mitt hjerte alltid vanker
Eg synger julekvad
Det kimer nu til julefest
Tenn eit lys
Jingle bells
When you wish upon a star
Betlehems stjärna
Sang til juletræet
Himlen i min favn
Juleklokkor over jord

Verket byd på store musikalske utfordringar og fleire av koristane har krevjande solistoppgåver. Tom Erik Bogen som ved fleire høve har akkompagnert Lyst, er også i år henta inn for å tonefølgje koret på tangentinstrument.

 I andre avdeling vil Lyst framføre kjende og kjære julesongar. Her vil publikum mellom anna få høyre «Eg er så glad kvar jolekveld», vakkert arrangert av koret sin eigen dirigent, Nina Vedeld Telseth.

 Damekoret Lyst har sett saman eit velklingande og allsidig repertoar som utan tvil vil skape julestemning.

 Det vert inngongspengar på kroner 50 for å dekkje utgifter til kyrkja og i tillegg vert det  høve til å kjøpe Lyst sin jule-CD, kr. 150,-

 

Kom, senk skuldrane, lytt og nyt!

 

Vel møtt!