Venteromet var bygd på dugnad av folket på Urke og Øye i 1988 og teke i bruk 1989. Urke Grendalag eig huset.

Dugnad og anna 047

Eit velstelt hus som inneheld tre toalettrom og eitt venterom.

Det er ikkje så ofte du finn venterom med flis og vevd rye på golvet, bilete på veggane og planter på småborda. Golva var nyvaska, papirkorga er tømd og det var toalettpapir og tørkepapir ved alle vaskar.

Dugnad og anna 042

Benkar, småbord med ei stor flott plante og elevbilete frå Urke skule - som no er nedlagd - på vestveggen.

I sommarhalvåret leiger grendalaget ein reinhaldar som gjer reint og tømer bosskassene minst ein gong kvar dag.

I vinterhalvåret er same jobben lagd ut på dugnad der det er oppsett liste for kvar veke. Den som har hatt siste veka leverer lykjelen til nestemann på lista og slik glir systemet fram til reinhaldaren overtek til sommartrafikken.

Grendalaget tek mot ein sum frå Statens Vegvesen som skal dekkje reinhald, vedlikehald og andre utgifter.

Dugnad og anna 044

I den andre vinduskråa - mot kaia - er det like triveleg. Men her manglar planta på bordet. Ein dag i sommar var det ein eller annan langfingra som ikkje hadde eigenkarakter til å halde fingrane borte.

Hærverk er eit lite problem og vi håper det vil vare, opplyser kasseraren i Urke Grendalag, Eldrid Øye. Straks det vert utført eit skadeverk, vert det reparert umiddelbart. I løpet av dei 20 åra huset har gjort teneste, er det skifta ei dør og det blei skribla på glaset som dekkjer elevarbeida. I tillegg kjem planta som vart borte i sommar.

Ein plakat på veggen forklarer bakgrunnen for huset og oppmodar brukarane slik:

"Det er no opp til deg at vi får ha det like fint i mange år framover.  Reinhaldet vert gjort på dugnad av folk i bgyda. Tenk på det før du kastar papir o.l."

Dugnad og anna 043

Frå v.: Toalett for rullestolbrukarar, kvinner og menn. Matte og løpar på golvet. Flis på alle golv.

Det vekkjer visse tankar når ein les at venteromet på Festøya er stengt og trengande vert vist til skogs eller til fjøresteinane bak nova på venteromsbygget. Eit grelt eksempel minnast eg og frå ein velkjent turiststad midt i Gudbrandsdalen der ein rasteplass hadde det toalett-tilbod - skrekk og gru.

Dugnad og anna 046

Her er plakaten som fortel om venteromet sin bakgrunn og oppmoding om å stelle pent med bygget. Det er alt som tyder på at plakaten har fungert som ein tankevekkjar for gjestene.

Det tener folket i Norangsfjorden til ære at ein kan presentere eit så flott tilbod til brukarane.