Hjellane frå Stenes 

Hjellane hyttefelt strekkjer seg frå dei fire hyttene midt på biletet og oppover til høgre.Til venstre ser vi løa i Jo-garden (nedst) og tunet på Klokk (øvst).

Marknadfører seg sjølv

Inge Karl Haandlykken er eigar av hyttefeltet som ligg høgt og fritt oppe i lia på Indre Urke med utsikt over fjorden og fjella i sør og vest. Utsikta og fjorden gjer at eigaren ikkje treng å marknadsføre dei ledige tomtene. Skiltet ved riksvegen som viser til Hjellane hyttefelt synest å vere godt nok. Ei forsiktig utbygging med eit par hytter i året er ønskjeleg for å oppretthalde ro og unngå stor anleggsaktivitet i feltet.

 Gerd og Inge Karl Haandlykken

Gerd og Inge Karl Haandlykken er på Urke så ofte dei kan og har fått med eit minne for livet…

Inge Karl arva Ivagarden for nokre år sidan. Han og kona Gerd Helene bur på Pinnerud i Brumunddal, men er på Urke bort i mot ti turar i året.

- Det har vore triveleg å utvikle planlegginga av hyttefeltet i Gregoriusbakkane, seier Inge Karl. Arbeidet starta for knapt ti år sidan. Gregoriusnamnet kjem frå ein husmann og soldat som bygsla området på 1600-talet. Gamlefolket brukte både Gregoriusbrønnen og Gregoriusskiftet som namn i området på Hjellane. 

Her er det ingen rasfare!

- Vi fekk ein periode med stillstand i framdrifta då Ørsta kommune insisterte på å få rasfaren vurdert av departemenet for å overprøve fylkesavdelinga. Planleggaren vår karakteriserte dette som rein trenering og fekk stoppa kommunen. Dei siste tomtene på feltet vert ikkje byggeklare før høgspentlina vert kabla, men vi har grei avtale med Tussa Energi om den delen av planen.

Eit minne for livet...

- Siste sommar hadde vi ei oppleving oppe på Hjellane som vi aldri gløymer, fortel Inge Karl. Ein stille morgon ser kona og eg ein mann i ein liten båt nede på fjorden. Og så høyrer vi trompetlyden   av ”Ut mot havet” og deretter ”No ser eg atter slike fjell og dalar..” Dette sit fast i minnet resten av livet hos ein brumunddøl.

Utsikt frå Hjellane

Utsikt frå hyttefeltet på Hjellane. Norangsfjorden og Hjørundfjorden mot Skårafjella i vest.  (Foto: Rune Håndlykken)

Hytteeigarane høyrer til i bygda og miljøet

 - Vi har lagt vekt på at fleire av tomtekjøparane skal ha tilknytning til bygda og vi seier og i frå at dei må love å bruke butikken på Urke. Hvis den forsvinn, vil det bli eit stort tap. Inge Karl rosar eit godt naboskap og for all velvilje og hjelp han har fått frå gode naboar.

Dei tekniske anlegga for feltet er ordna med rørføringar til djupt vatn etter rensing i tank som ligg rett under det felles bosshuset på Siloplassen ved riksvegen. Anlegget har nok kapasitet til å knytte til seg nokre hytter som ligg på Klokk- og Jo-garden.

Leikeplass er innregulert i området

Det er og avsett areal til ein leikeplass som skal opparbeidast inne på området. Det er opp til hytteeigarane – som er organiserte i eit eige hyttelag – å disponere dette området. Rune Håndlykken er leiar i hyttelaget.

Superhytta

Ei hytte ut om det vanlege har super utsikt og  har ein flott steinmur i framkant.

I den øvste rekka på Hjellane vert det i desse dagar fullført ei superhytte som vekkjer oppsikt. Hytta er langstrakt og ligg i svært bratt terreng. Alle rom har panoramautsikt mot fjorden og støttemuren i framkant er spektakulær. Arkitekt er Arne A. Hauger i Drammen.

Hytte i grindbyggtradisjon

Nabohytta er den einaste i området som er til utleige og er inspirert av tradisjonell vestnorsk stavbygg- eller grindbyggstil. Grindverket er bygd av Thomas Hustad på Sæbø og arkitekt er Berge Hjørungnes i Molde.

 Grindbygghytta

Stav- eller grindbygghytta er inspirert av tradisjonell vest-norsk byggeskikk.

I bygda har ein lagt merke til at mest alle hytteeigarane tek del i dei sosiale aktivitetane i bygda. Dei fleste på hyttefeltet har skaffa seg båt og kjøper seg plass på småbåthamna. Frå Urke Landhandel vert det understreka kor viktig hyttebuarane er for omsetninga, saman med den vanlege turisttrafikken.

 Interiør frå grindverkhytta

I grindbygghytta er både stavane og skråbanda synlege. (Foto: Rune Håndlykken)

Rasfaren i bygda er mindre enn i Ørsta sentrum

Grendalaget og småbåtlaget inviterer til samarbeid og har tru på at det ikkje er lenge før fleire hyttefelt må takast i bruk for å møte etterspørselen. Grendalaget har tankar om å engasjere seg for å få ei ny vurdering av det som vert hevda er rasfarlege område i bygda.

Hovudristing over bygdefientleg politikk

Så lenge det vert hevda at minst halve bygda ligg i eit rasfarleg område, legg det ei klam hand over mest all utvikling. Det er ikkje basert på erfaring eller historisk grunnlag for ei slik grunngiing for å avslå mest alle utbyggings-planar. Og om det ikkje er ras som trugar, så blir det skulda på flodbølgja frå Åkerneset. Mellom folket i bygda vert det rista på hovudet og snakka om at her vert det ført ein styrt politisk eller administrativ aksjon som går ut på at minst mulig skal få utvikle seg i bygda.