Jentene spelar i kveld sin siste seriekamp i fotball denne sesongen mot Volda.
I haustsesongen spelar samarbeidslaget mellom Åmdal, Sæbø, Vartdal og Ørsta i 1. divisjon J16 11-ar fotball der dei beste laga frå Sunnmøre kvalifiserte seg i vårsesongen.
Hødd har allereie vunne serien og dersom ÅSVØ vinn eller spelar uavgjordt er andreplassen på tabellen sikra!
(Syns det er litt rart at ingen av våre jenter er gode nok for kretslagsspel, eg meinar at alle laga vi har møtt har ei eller fleire jenter på kretslaget. Trur Sunnmørsfotballen har gått glipp av mange talent her..).

Mot Volda 2

Vi er klare! Med Malene i mål og Maren og Sunniva som spissar føler vi at dette kan gå bra! Bana var glatt og isete og jentene hadde til tider litt problem med balansen..

Åmdal/Sæbø/Vartdal/Ørsta pressa det meste av første omgang og hadde eit lite overtak i ein utruleg spennande kamp. Spesielt var Maren, som saman med Sunniva hadde nokre fine angrep, farleg for Voldaforsvaret. 
Pauseresultatet var 0-0 og spenninga var stor!

mot Volda 3

Maren spelte ein kjempekamp og vart minst to gongar stoppa av dommaren som meinte ho var i offside, (noko undertegna ikkje er enig i..), i nokre fine gjennomløp som lett kunna ha gitt mål.
Volda hadde også nokre fine angrep men vart effektivt stoppa, enten av eit godt forsvar i bakrekka eller av ei dyktig Malene i mål.

 før kamp

Pauseresultatet var 0-0 og humøret og spenninga var på topp!

 

Maren avgjorde kampen eit kvarter ut i andre omgong då no fastsette resultetet til 1-0.
Alle jentene gjorde jobben sin og fortjenar + etter ein spennande og god kamp!

Jentene har tidlegare hatt litt respekt for Volda og ikkje klart å vinne men i denne kampen var respekta borte og fortjent siger til samarbeidslaget Åmdal/Sæbø/Vartdal/Ørsta!

Dermed ser tabellen slik ut:

Hødd                                         28
Åmdal/Sæbø/Vartdal/Ørsta           17
Blindheim                                   14
Volda                                         10
Stranda                                        9
Herd                                            7


ÅSØV 09

Nest beste lag 16-års lag i fotball på Sunnmøre!

Framme f.v. Maren Nordang og Malene Aambakk.
Rad to f.v. Else Marie Stokke, Hilde Vartdal Clausen, Ingeborg Halse Ressem, Rebekka Skylstad og Hilde Mork Sandvik.
Bak f.v. Ethel Johnson, Bente Jorun Håvoll, Sunniva Åmbakk Bjørkedal, Kristine Solem, Kathrine Fiksdal, Elen Maria Holen og Emilie Cathrin Skår Ville.
Ingvild Øye og Gladys Helen Vatne er også med på laget.