Trass i politiske vedtak om nybygg har det i den seinare tid  vore drøfta om ikkje pengane heller bør brukast til å renovere noverande gymsal ved Sæbø skule. I går, måndag den 19.10.09,  hadde snikkarane Johan Arnt Leknes og Aage Solhaug fått i oppdrag å fjerne altaskiferen på taket på bygget mellom gymsalen og skulen og så legge på eit mellombels papplag.  Dette fordi det hadde vorte oppdaga ein lekkasje også på dette taket.  Det synte seg raskt at skadane på taket i alle høve dikkje var betre enn det ein  kunne frykte.

IMGP2484 - Kopi

Omfattande rotskadar på taket kom fram då snikkarane fjerna altaskiferen på taket.

IMGP2483 IMGP2485 - Kopi

Johan Arnt Leknes, t.v., var ikkje redd for å stå på taket akkurat her, men Aage Solhaug, t.h.,  frykta at tilstande på taket lenger borte, under ei takrenne og over toaletta, var endå verre.  Her kunne ein nemleg tydeleg sjå at taket var sekt ned.

IMGP2489

Heller ikkje tilstanden til vindauga på den eldste delen av Sæbø skule er så mykje å rope hurra for

Leknes og Solhaug sitt oppdrag var altså å fjerne skiferen, fjerne lektene, fjerne pappen under lektene og så legge på eit nytt papplag over trodet. Vona er då at dette taket vert tett - i alle høve for ei periode.  Johan Arne Leknes presiserte at dei to enno ikkje hadde fått sett på tilstanden på trodet under pappen.  Kanskje hadde trodet også fått rotskadar?

I alle høve - sjølv ein amatør må ha lov til å slå fast at det umogleg kan vere overinvestering å få noko nytt her...