Laurdag 3.oktober kl.11 opna dørene til årsets loppemarknad på Sæbø bedehus. Folk stod i kø for å sleppe inn og sikre seg dei aller beste godbitane.

IMG_2863_1

Administrasjonen tek seg ein velfortjent matbit etter stengetid på laurdag. Det hadde vore ein hektisk og inntektsgjevande dag. Fv.Haldis F. Mo, Ingvild Åmbakk og Ann Helene Urkegjerde

Arrangørane som er strikkekafeen og styret i bedehuset vart nesten overvelda då dei såg kva som kom inn og dei er svært takksame for den gjevargleda som folk har vist. Trafikken til bedehuset var god heile veka av folk som kom med lopper, og det kom inn mykje kvar dag. 

Damene held korta tett inntil seg og det var ingen andre enn dei sjølve som fekk sjå dei enorme mengdene med lopper. Ei god marknadsføring og ei opparbeidd forventning, gjorde at køa var stor når dørene skulle opne på laurdag.

-Vi ynskte oss myke folk, men ei stund var det iallefall nok syntes vi, men du verden kor kjekt det var. Sjølv om vi var 11 som passa butikken og 5 som tok seg av maten, hadde vi hendene fulle heile dagen.Vi følte at folk kosa seg og her var også mykje framande folk som vi ikkje kjente og mange av desse såg vi att på søndag. Her var nok kvalitetar som trekte og sansynlegvis hadde vi treft med prisinga også.

På laurdagen hadde vi besøk av pressa og studentene ved Radio Volda. Tema var gjenbruk og miljøbevistheit. Radioen intervjua både arrangørar og folk som var ute og handla.

Etter to år, har loppemarknaden begynt å få efaring med kva som går. Barneleiker, bøker, filmar og LP-plater gjekk ut det meste av. Der er litt bøker att, men er nok å rekne som ein av bestselgarane.
Ting frå 60 talet som tinn er svært populært og retro frå 70 talet som koppar og kar i orange og grønt, gjekk ut og var ettertrakta.

Men det som vi fleste huskar frå 80 talet som messing og kopar, gjekk heller dårleg. Det er nok eit tiår for nytt. Dette får me gøyme å ta framatt om 10 år, så skal det nok gå ut.

Det vi må slutte med er tyngre møblar og lenestolar. Det er ikkje noko sal på i det heile.

Folk er ute etter er noko som vekker minne som Norgesglas, gamle mjølkeflasker og forskjellige små ting som handarbeide. Og så var det dette å føle at dei har gjort eit kupp, som er svært viktigt for folk.

På laurdagen stilte også generasjonskorpset opp og det gav skikkeleg god stemning.

Inntekta i år vart svært bra og slo rekorden i fjor. Pengane skal delast på Generasjonskorpset, Bedehuset og Strikkekafeen, så folk skal få att pengane i form av ei levande bygd.

Borsett frå den store kaka som var gjeve av Hjørundfjord bygdemobilisering, så vart maten laga av damer som høyrde til korpset og strikkekafeen. Det var rikeleg med mat og folk kosa seg i peisstova.

Vi som arrangørar vil takke alle som har bidratt til suksessen med mat og lopper og hjelp desse to dagane, og til sponsorane for kaker og annonser. Det er berre kjekt å lage til eit slikt arrangement når alle tek eit tak. Men akkurat no er vi trøtte og slitne, men vi er på plass til neste år også, seier dei, for dette er noko vi gler oss til.

Overskytande vert pakka ned i kassar og gøymt og skal gje pengar i kassa til neste år, avsluttar dei tre.

 

Bilder frå loppemarknaden dag for dag og time for time.

Foto Kari Stokke, Bernt Arve Hustad, Aashild Taklo og Ivar Svein Mo (alle bilda kan klikkas på for større versjon)

Laurdag

DSC_1105- DSC_1106-20091003-1010-Kulturvandring
Utstilling av møbler i gangen Koppar og kar og middagsservice bl.a
DSC_1107-g DSC_1108-
Glas og finare fat Barneleiker var ein bestseljar
DPP_00040 DSC_1109-
Kl.10.14 Den siste finpuss før slaget begynner. Pyntegjenstander
DPP_00043 DSC_1114--
Retro bord med kopper og kar frå 70talet Vesker og småartiklar
DSC_1121- DPP_00045
Eit siste overblikk. Kl.11.08 Og då  var det å gjere det store kuppet.
DPP_00046 DPP_00047
Folk kosa seg
IMG_2845 IMG_2848
70 tals retro var ettetraktra Både gamle og unge og amatørar og proffar
DPP_00048 IMG_2855
Det store slaget er nok over Kl.12.50 Generasjonskorpset underheldt i gangen

IMG_2859

Og strikkekafeen er ein arbeidsgruppe til Hjørundfjord bygdemobilisering, så ei kake vart nok sponsa.

 

Søndag

IMGP5542_1 IMGP5543_1

Anne Grethe Barstad er fast besøkande på Sæbø.
Ein handel med Haldis måtte til.

Latterleg billigt på loppemarknaden. Ann Helene Urkegjerde og Reidun Gjerløw Holen
IMGP5546_1 IMGP5548_1
Kl.15.49 Søndags ettermiddag var det fortsatt besøkande og lopper att. I kjellarstova var det mat og kaffi
IMGP5549_1 IMGP5550_1
Dei frivillige rakk i maten sjølv om det er slutten på dagen. Kl.15.54 Kjøkenpersonalet er utrøtteleg og står på til det siste. Fv. Kjellaug Hustad, Aashild Taklo og Solfrid Holen