Bodil er vår kommunestyrerepresentant frå Hjørundfjorden og representerer AP og er vara til Formannskapet og fast medlem i DU(driftsutvalet)

 -Bodil det vart litt dårleg med svar til Knut i går og mange har stussa på at du ikkje tok deg tid til å svare skikkeleg på Knut i sin artikkel med påstandar om passive lokalpolitikarar.

 -Ja eg var både lei meg og frustrert og var lite gira på å ta att, men ein liten nedtur går fort over. Fyrst vil eg påstå at eg faktisk toler kritikk svært godt, men då må den vere berettiga!

Legesaka i Hjørundfjord.

-At Knut Hustad trur i legesaka at det er eg og utvalsleiar Hans André Sørvik som tilsette legen i Hjørundfjorden er oppsiktsvekkande. Skal nytilsette stå skulerett framføre eit driftsutval eller kommunestyre med huå i handa og verte valde ut til jobben?
Nei, det er ei personalsak, så avgjerda vert då gjort av eit loveleg oppnemnt utval der vi politikarar ikkje eingong har innsyn.

-Eg har fleire gonger teke opp dette med økonomien, kva tilbaud kommuna, kva kravde Brautaset, kva får nyelegen, korleis føregjekk forhandlingane. Men desse spørsmåla og alt omkring er eg ikkje ferdig med. Eg har også samtala med Brautaset, og svara frå HS sjefen stemmer ikkje overens med Brautaset sine svar, så her er nok uglar i mosen, men det er vanskeleg å klare opp i dette.

-Vi hadde eit møte i DU (Driftsutvalet) i juni(ref finn du i kommuna sine sider) då var saka om vidare plan med legestillingane oppe, Ap(eg og Hans A.) la fram eit forslag om at  legestillinga på Sæbø må lysast ut att i god tid før noverande avtale går ut, dette forslaget fall, dei andre stemmte imot. Stillinga går då inn i legesenteret etter endt avtale om ikkje der står ein ny lege klar! Dette er så langt eg kan orientere om legesaka, seier Bodil
 
Helsestasjonen.

-Helsestasjonen er nedlagde og her har vel DU vore involvert og du som politikar har hatt ei rolle Bodil?

-Ja vi i DU får ei ramme med kommunestyret, som vi igjen skal fordele på: Helseavd, Sjukeheimen Ørsta, region Vartdal, Region Sæbø, heimebasert, buavdelingar, nav ol.
Helseavdelinga har funne det forsvarleg å flytte helsetenesta inn til sentrum, vi er sterkt uenige i dette, men kan ikkje overstyre, då dei innanfor ramma skal dekke dei lovpålagde oppgåvene. Detaljstyring innanfor desse einingane er ikkje vår oppgåve, likeeins som vi ikkje kan sei kven som skal få plass på sjukeheim eller ikkje.
Eg meiner sjølvsagt at det er feil å stenge helsestasjonen på Sæbø, og vi må legge press på at den må opnast att! Seier Bodil  bestemt.

Parkanlegget ved Hjørundfjordheimen

-Knut orienterte også om Hjørundfjord bygdemobilisering si venting og frustrasjon ovanfor Ørsta kommune.  HB har samla inn pengar og ventar i to år på å få svar om ein kan få lage til parken nedom Hjørundfjordheimen og kommuna held ikkje alltid det dei lova. Kunne politikarane hjelpe til her meir?

-Når det gjeld parkanlegget rundt Hjørundfj. heimen er du vel oppdatert i? Ja det tek si tid, og vi er vel ikkje alle like einige i kommuna sine omstendelege prosessar, men dei eig grunnen og skal det vere loveleg og skal vi få det rimlegast råd ved at kommuna sjølv teiknar og planlegg, må vi finne oss i dette og tru at det vert oppstart så raskt som råd. Planene er no ferdig og det står att å byggemelde prosjektet. Når byggemeldinga er klar er det klart for arbeidsgruppa å sette i gong. I denne arbeidsgruppa er eg medlem i og det skal verte kjekt å få lage område til ein triveleg plass for bygdefolk, tilreisande og sjølvsagt bebuarane på Hj. Heimen. Seier Bodil, som også jobbar på Hjørundfjordheimen

Gymsalen på Sæbø.

-Då kjem vi til den saka som Knut går hardast ut på- Gymsalen?

-Når det gjeld gymsalen er det eit sørgeleg kapittel. Alle hadde tru på at når vi fekk ei kommunal byggjenemd ville det bli slutt på Muren si trenering av saka.
No har han gitt denne byggenemda ordre om å utrede kommunal seksavdelingsbarnehage i sentrum først. Slik kom dei seint i gong med gymsalsaka, og då fekk dei i oppdrag å legge opprusting av gamleskulen inn i desse 8 mill som var budsjettert. Då sei det seg sjølv at det vart ikkje mykje att til gymsal.
-Dette oppdraget er ikkje politisk forankra og eg vil nok skulde litt på Steinar Nordang som ikkje har sjekka kva som gjekk føre seg, og som er leiar i oppvekst og kultur og som no utviklingsutvalet.
Eg trur han ikkje hadde peiling og trudde alt gjekk som det skulle, desverre!
No hastar det med å få gjort rette val før budsjetthandsaminga. Då vi hadde møte i samarbeidsutvalget på Sæbø skule, møtte ikkje leiaren opp. (Knut Hustad)
Etterpå kom han med eit soloutspel i avisa, kor lurt var dette då? Eg tok det opp på kommunestyremøtet og det var mange i salen som var svært overraska over ståda!

Her var det mangel på samarbeid Knut H!, seier Bodil
 
-Ellers kan eg nemne at det er inntekter det kjem til å stå på i framtidsplanane. Kommunestyret stemte ned eigedomskatt, men vedtok fleire innbyggjarar og mindre sjukefråvær. Tru det eller ei.
-Eg er ikkje ein ihuga tilhengar av eigedomskatt, men når vi veit at eit årleg budsjett til td. Hjørundfjordheimen er ca 16,5 mill og overskridingane til kommuna som må betalast ned er 30 mill, greier alle, vil eg tru å forstå at her hjelp det lite med mindre sjukefråvær og nye borgarar.Då må vi legge ned to hjørundfjordheimar eller noke i same størrelseorden. Dette er realiteten. Derfor vil eg auke inntekta til kommuna med eigedomsskatt i ei prøveperiode.

-Mange vil selje aksjar frå Tussa, men dei vert vanskeleg å få bruke, då berre 5 prosent av slike sal kan brukast til drift, likeeins sal av faste eigedommar som skular.

-Det fins ingen enkle løysingar, vi må gjere vanskelege val, og heilt sikkert upopulere val, men eg skal kjempe for skulen og ungdomskulen, Hjørundfjordheimen og barnehagen. Det hjelpe godt å då kunne dokumentere at vi driv rimlegast i kommuna!
Men med dei som ikkje VIL høyre, er utruleg vanskelege å nå. (td Sven Castberg)! Avsluttar vår kommunerepresentant, som vi alle kjenner ved fornamn- Bodil

 Storbesøk i fellesfjøsen

Neste kommune styremøte er 29. okt i Fellesfjøsen til Sæbø samdrift. Økonomiplanen skal då handsamast, og vi skulle hatt fleirbrukshall på Sæbø med der!

Bilde viser storbesøk i møteromet i fjøsen i juni. Nærast Ordførar i Ørsta Gudny Fagerhol, Mat og -landbruksminister Lars Peder Brekk, Synnøve R.Hill, Ordførar Kalland i Volda, i døra Helga M.Riise og Knut J.Riise.Skjult bak Brekk er dåværande stortingsrepresentant Bjørn Jacobsen frå SV