Etter at regnet sette inn og aldri gir seg, har vi sjeldan eller aldri tort sett ut av vinduet "heimover". Der står nemeleg heile haustens avling nesten under vatn.

Tidlegare denne veka kom eit hint frå nabogutten om at det kanskje blir opplett i helga. Javel, dei er optimistar frampå Villane, vi trur det no ikkje før vi ser det!
Men han fekk rett og dermed var det berre å finne fram greva og gå i gang.

Potet 3

Jan Rune Ville er pådrivar og stiller med traktor, opptakar, kjerring, ungar, hanskar, "bytter" og grev!

Potet 11

Ser nesten idyllisk ut.. 

 

Potet 1

Emilie Cathrin Skår Ville starta frisk, ho har tydeleg vore med på dette før!

 

Potet 5

Den som leitar finn. Litt blaut kanskje, men med tanke på kor det har regna er det godkjent!

 

DSC_0028

Else Marie Stokke er nybegynnar i faget men lærer raskt!


potet 2

Frøydis Skår Ville har mange års erfaring. Litt flatare her enn i bakkane på Skår kanskje?

Potet 4

Joakim og Emilie er fornøgde med "fangsten" så langt.
Huskar tilegare tiders potetopptaking i Bjørdalen der vi hadde avkryssingsliste for kvar "bytte" (store oljebytter!) vi tømde. 10 øre bytta som gav mange karamellar på Pe-buda på Vatne!

Potet 6

Litt klus må ein regne med. Etter nokre minutt på "haude" i opptakaren var problemet løyst og vi kunne fortsette med stadig stivare bevegelsar og vond rygg...


Potet 7

Ferdi! Litt mindre avling enn vi hadde planlagt då vi sette dei men etter verforholda er vi fornøgde!
Bra det ikkje er for 100 år sidan, då hadde dei nok kalla det eit uår og hadde måtte svelte gjennom vinteren.

 

Potet 10

Vi er enige, dette gjer vi oftare, minst to gangar i året! Det er både sosialt og kjekt! (iallefall etterpå..)

Potet 9 

Kva er vel bedre enn nypoteter? Treng nesten ikkje tilbehør!

Potet 8

Misunneleg? Dei er iallefall ikkje til sals.  Ikkje eingong til dobbel pris!