Rundt om i bygdene blei det på 1990-talet utført ei renovering av sel og heile sætergrender. Det vart gitt statstøtte til slike tiltak mot at eigarane skaut inn sin andel av kostnaden. Gjennom denne innsatsen vart ein viktig del sæterkulturen berga. Sel og sætergrender står i dag som små bygdemuseum. Kan dei opnast og takast i bruk igjen?

Urkehelg foto 2009 085

Det er så rotekte, så genuint og uvanleg å få oppleve ei overnatting i eit sel. Ein enkel parafinlampe er einaste lyskjelda, det er så stilt, så stilt ute. Elvesusen kan nok høyrast, fuglar kan gi lyd og sauebjøller eller ei kubjølle kan bryte stilla. Natta er di og dagslyset er vekkeklokke neste morgon. 

Engasjerte deltek dei i samtalen. Frå v.: Tidlegare hotelldrivar Leif Dahl (Union Øye), Eli Westphal, Dagfinn Larsen, Jorunn Urke Larsen og Randi Urke

Omtrent slik fall orda i samtalen i Jensaselet i august

Sela er svært enkle med ei eller to senger, ein vedomn og eit lite bord i opphaldsromet. I ein inngangsdel var det gjerne plass til mjølkekjerald og ytterkleda til sætrejenta. Vatn måtte hentast i bekken og naturen i området var toalettet.

I dag vert sela brukte inn i mellom av eigarane, men står ubrukte det meste av året, kanskje heile året.

SD518web Urketur 010807 010 (2)
Eit manipulert postkort (vegen er fjerna) frå Stavbergsætra i Norangsdalen - kanskje ei av dei mest kjende sætrene her til lands. Haukåssætra i Urkedalen. Her er alle dei åtte sela restaurerte og brukande for nokon kvar?

Siste sommar var det Urke-helg og vi vart inviterte til å sjå innom sela på Haukåssætra i Urkedalen. Det var fint og varmt ver og utanfor vart det servert åfalleringe og flatbrød og stemninga var god.

Eit heilt naturleg tema var kor synd det er at desse sela i stor grad står ubrukte etter at sæterdrifta vart avvikla. Det er så rotekte, så genuint og uvanleg å få oppleve ei overnatting i eit sel. Ein enkel parafinlampe er einaste lyskjelda, det er så stilt, så stilt ute. Elvesusen kan nok høyrast, fuglar kan gi lyd og sauebjøller eller ei kubjølle kan bryte stilla. Natta er di og dagslyset er vekkeklokke neste morgon. Kaffikoking på omnen og ansiktsvask i bekken som sildrar forbi, høyrer med i livet på sætra.

Urketur 010807 013 Urkehelg foto 2009 082
Bilete som viser området mellom dei to selrekkjene på Haukåssætra.
Livet på sætra I: Åfalleringe, flatbrød og god stemning. Frå Urkehelga i sommar.

Skal tru om det ikkje er ein del mellom oss som kan tenkje seg ei slik oppleving?  Kvifor ikkje vurdere om det er mulig å få til ei ordning der ein tilbyr overnatting på sætrane? Eit slikt ”konsept” må byggast opp slik at det enkle og primitive vert teke vere på. Brisken til å ligge på, eit laken og eigen sovepose kan vere ei grei ordning. Eit enkelt kjemitoalett kan plasserast som eit utedo.

Dei som hugsar sæterdrifta, kan formidle til yngre korleis det arta seg. Dette kan skje skriftleg eller muntleg. Gjestene må få vite ein del om kva sæterdrift var for noko og korleis det gjekk føre seg.

Eg kan ikkje forstå eller godta at det skulle vere reglar som hindrar slik utleige av sela. Eg kjenner til at tømmerkoier vert leigde ut enkelte stader på Austlandet, for å gi nye brukarar innblikk i korleis tømmerhoggarar og jegerfolk levde. Eigarane av sela – helst i eit samarbeid - kunne gi eit tilbod til dei som har lyst å prøve kombinasjonen av naturmenneske og sæterjente.

Urketur mai 09 019 Leik på Haukåssætra. F.Andre Bjørdal
Sæterliv II: På sengebrisken i Ramoselet. F.v. Sofia, Stefan og Sondre Sæterliv III: På sætervollen er det fint å leike (Foto Andre Bjørdal)

Eigarane må ha eit visst tilsyn slik at selet er presentabelt, men i prinsippet må selet forlatast som ein kom til det.  Det er same prinsippet som campinghyttene på enkle campingplassar. Kanskje ein kunne få organisert sjølve utleiga og tilsynet på ein enkel og god måte. Eit oppslag på butikken, ei orienteringstavle eller ei informasjonsbod kunne tene som marknadsføring. Elles veit vi at ”munn til munn-metoden” er svært effektiv.

Eg trur ikkje dette er eit gullegg og snarveg til rikdom for dei som eig sela. Det er meir eit kulturtiltak for å formidle ein no ukjent kultur til nye generasjonar.  Eg trur at dei rette brukarane ville ha større oppleving av ei overnatting på ei sæter enn å oververe ei forestilling på Operaen i Bjørvika. Ein billett på 5-600 kr. ville vere vel verdt ei sel-som overnattingsoppleving.