Cruiseturistar, gondolheis og veg til Skårasalen, klatreturar, levande bygder, det genuine og ekte, gardturisme og tome hus på nedlagde gardsbruk, hytter og hotell, dykking, turløyper, bjørnehi og Hjørundfjordsti….

National Geographic

Det er tidsskriftet National Geographic si kåring av verdens mest ettertrakta reisemål - dei norske fjordane – som er utgangspunkt for diskusjonen.  Og når første kommentaren frå Svein J. Urke går ut på at det kan tyde på at hjørundfjordingane ikkje forstår kva gullklump dei sit på og endå mindre er i stand til å utvikle, så er det lagt eit godt grunnlag for ein engasjert diskusjon om kva som bør gjerast og kven som skal gjere det.

Innover fjorden

Svein Jarle på Slogen

Innover fjorden.(Foto Ivar Svein Mo) Svein J. Urke:"Det kan tyde på at hjørundfjordingane ikkje forstår kva gullklump dei sit på og endå mindre er i stand til å utvikle ..."

 

Grunnlaget er naturen

Først må vi slå fast at Hjørundfjorden og Sunnmørsalpane har utvilsomt eit potensiale som reisemål. Ørsta Reiselivslag framhevar nettopp desse stikkorda som grunnlaget for satsinga på reiselivet i Ørsta kommune.

Sitat:  Dei majestetiske tindane og alpine formasjonane skil Sunnmørsalpane frå andre fjellområde i Noreg. Alpelandskapet er heilt særmerkt med høge, steile og takkete fjell. Midt gjennom dette storslåtte landskapet skjer Hjørundfjorden 35 km inn gjennom fjellmassivet. Dette er ein av dei aller vakraste og mest dramatiske fjordane i Noreg. Mellom dei stupbratte fjellsidene og fjorden bur det framleis folk – gardsbruk og små bygder som (enno?) ikkje er fråflytta, gjer dette til ein levande og autentisk fjord.
(Ørsta Reiselivslag 2009)

 

 

 

 

Situasjonen i dag

Hjøundfjorden har blitt ein utkant som er prega av flytting frå bygdene og nedlegging av gardsbruk, gartneridrift og småindustri. Kommunesenteret Ørsta trekkjer til seg ein del nye innbyggarar frå bygdene, men langt dei fleste frå Hjørundfjorden har over tid flytt ut av kommunen, mest til Ålesund og ein del industrisenter rundt om på Sunnmre. Slik årelating tærer på.

Hjørundfjordingane uttrykkjer ei kjensle av å ikkje bli ivareteken av sin eigen kommune. Dei finn ikkje politisk eller administrativ vilje til å bruke midlar i dette området. Dei synest tvert imot å bli motarbeidd frå eigen kommune. Det vert vist til ei rekkje eksempel som t.d. innsparingar som fører til nedlegging av tilbod, kutt i planlagde investeringar og ein generell uvilje til å gi byggeløyve og kravstilling om kostnadskrevande plandokument m.m. 

Antan det eine eller andre?

Hjørundfjordingen er ikkje vanskelegare enn anna folk og lærer like lett eller like vanskeleg. Det er viktig for heile kommunen at optimisme, vilje til å utvikle og satse i dette området ikkje vert hindra. ”Utan utkantar, ingen sentrum!” kan vere eit godt slagord å ta med.

Queen Elisabeth 2 norangdalen1
At eit par tusen turistar ombord på Queen Elisabeth II får oppleve Hjørundfjorden, Sunnmørsalpane og Norangsdalen er positivt. Det var slik det starta på slutten av 1800-talet Norangsdalen har fått alt for lite merksemd siste åra

Rette instansane og dei interesserte personane må finne fram til samhandlingsmåtar for å få fremma sine planar og interesser. I denne samanheng er det bygdeutvikling knytt til turisme som er temaet. Bygdemobiliseringa var eit kortliva prosjekt som viste veg så lenge det varte.

Ein må ikkje leite etter berre eitt einaste fasitsvar på korleis utviklinga skal vidareførast. Det må bli både det eine og det andre. Derfor må ein ikkje klive opp på skansane og kjempe mot veg til Skårasalen, mot djupvasskai, mot hotell eller mot gondolheis.  Ein må i staden tenkje over alt ein kan arbeide for å få til. Når ein finn ut kva saker ein skal arbeide for, er det lettare å finne både vegretninga og unngå å virre rundt i tåka.

Overbygningane

Hjørundfjordingane saknar overbygningar som kan invitere til samarbeid. Det har vore knytt håp om at kommunale organ skulle medvirke. Reiselivslaget er eitt slikt organ, men det er for Ørsta sitt vedkomande ein vingklipt fugl som er i ferd med å permittere sin eine tilsette. Kva andre kommunale organ vil gå i spissen for å fremje  det som er skriftleg formulert å vere  grunnlaget for satsinga på reiselivet i Ørsta kommune – Hjørundfjorden og Sunnmørsalpane - ?

Fra Molaupstind mot vest SM Bjørke Tussefossen tv
Frå Molaupstind tvers over fjorden. Foto: Svein Myhre       Frå Bjørke. Tyssefossen t.v.

Var det eit grovt feilgrep at Ørsta i reiselivssamanheng ikkje har engasjert seg i breiare samarbeid med heile regionen?  Kva rolle spelar Ørsta kommune i satsingsområdet Destinasjon Ålesund og Sunnmøre (DÅS)?  Må Hjørundfjord etablere ein eigen organisasjon, sitt eige reiselivslag, eit forum for kreativ samhandling i eit samarbeid med DÅS?

Det må til eit visst omfang av turisme før ein får opplegga til å gå rundt.  Difor må ein unngå å åtvare mot ”masseturisme” – det ligg langt unna. Det er behov for å kunne lykkast med satsingane. Om ikkje det skjer det første året, så må satsinga bli berekraftig på sikt. Vi må vakte oss for å ønskje berre ein ”sort” turistar velkomne, gjestfridom er ikkje knytt til kor mange som kjem eller kor mykje kvar enkelt legg att i form av pengar. Slik sortering straffar seg i neste omgang.

 Idemyldringa

Dermed er vi tilbake til starten på dette innlegget der det vert nemnt nokre av ideane som dukkar opp:

-   Opplysnings- og informasjonskioskar i kvar bygd, medrekna hjelp til å utv. info-materiell
-   Tursti-utvikling i nærmiljøa, stimulere restaureringsarbeid
-   Hjørundfjordstien
-   Fisketilbod og gode båtar til utleige
-   Orienteringar om fjellturar, klatreruter m.m.
-   Utvikling av kulturløyper m/ alle attraksjonar, skilting
-   Guideordning for bygder og heile området
-   Hjelp til planlegging av turisthytter og marknadsføring av hyttene
-   Serviceutvikling knytt til hytteutleige og reinhald
-   Stimulere til å etablere hyttefelt med god service og gode tekniske anlegg, inkl. hotell/motell
-   Campingplassar i alle bygder
-   Utleigeordning av restaurerte sel til spektakulær og rimeleg overnatting
-   Medvirke til å fjerne byggerestriksjonar i høve urimelege ras-truslar (snø, stein og flodbølgjer)
-   Arbeide overfor Hurtigruten med tanke på anløp i Hjørundfjord.
-   Djupvasskai på Urke                                                            
-   Veg til Skårasalen
-   Gondolheis til Saksa
-   Norangsdalen må framførast som ein av dei STORE attrraksjonane, dykking og klatring
-   Strandgardane med ridetilbod, turopplegg og særeigne tilbod om geithald, gardsarbeid etc.
-   Bærplukking, fruktplukking og vidareforedling til syltetøy, saft og vin

Lykke til, alle gode krefter!