Finst det ein fellesnemnar for bygdeutviklarane

Gode heimesider var ein fellesnemnar. Sjølv om hjorundfjord.no ligg godt over dei andre i aktiv bruk, dvs. lesing, så hadde mange av dei andre prosjekta gode og aktive sider. Eit lag hadde server med bygdenamn. Kanskje er det noko for oss. Eksempelvis kunne Ivar Svein ha denne adressa: ivar.svein.mo@hjorundfjord.no.

Dei fleste prosjekta hadde oppnådd aukande dugnadslyst og bygdeinteresse, dvs. ei positiv mobilisering for bygda. Fleire hadde skapt tiltak som kunne køyrast årleg. Det mest omfattande finst i Eikesdal med ei heil festivalveke. Elles var det løyst fleire konkrete oppgåver som f.eks. gang og sykkelveg, elverampa hos oss, bygging av barnehage, oppussing av samfunnshus o.likn.

Å få liv i tomme hus var også eit attgangande problem då desse bygdene ofte er utsett for fråflytting. Å få resultat av tilflyttingsarbeide opplever prosjekta krevjande både med omsyn til tid og innhald. Kommunen sin medverknad i slikt arbeide er svært viktig - også for Hjørundfjorden. Det er forøvrig ulik erfaring for kor godt samarbeidet med kommunen fungerer. Nokre har gode erfaringar med ein støttande og aktiv kommune. Vi opplever vel kommunen som støttande i tale, men treg og tafatt i handling. Muleg at dette heller har med uklar organisering å gjere enn manglande vilje, håper vi.

Bygda og språket

Dette var eit av foredraga på laurdag 26. Maria Almli frå høgskulen i Bodø hadde forska på dette og kome fram til at språket, dvs. måten vi snakka om bygda på, var sterkt medverkande til haldningane i bygda. Positiv omtale av folk, av hendingar, om tilhøva i bygda og ikkje minst om trua på framtida - viser seg å ha stor innverknad på kor attraktiv bygda er. Intern kiv og krangel gir negativt omdøme og liten næring til bulyst. Frisk debatt treng ikkje å vere negativ, men vi må hugse å "spele" med ballen. Forskningsarbeidet prova at utkantbygda som var vanskelegast stillt, vann over "nærare byenbygda" pga langt meir positivt språk og haldning. Ordtak om dette - " språk er verkty for å uttrykke livet - og samtidig verkty for å forme livet".

Spreidd bustadbygging for jordglade folk

Ordførar Kjell Lode, Fræna, hadde eit foredrag om tilrettelegging for busetjing på bygdene og konflikter med omsyn til jordlova. Ein av ideane han la fram var klyngetun med tilgang til små jordlappar for hagebruk. Denne ideen ligg nær forstudien vår om eit muleg klyngetun på Bjørke. Han foreslo også å opprette lokale nydyrkingsfond der fondsmidlane kjem frå meirpris på utbyggingsareal. Bønder som ønskjer å dyrke meir, kan søke midlar frå fondet.

Småbrukarprosjektet i Vest-Telemark er eit prosjekt som går noko i same lei. Der var det 726 registrerte bruk utan fast busetjing. Etter langvarig kontakt og samtale var 120 eigarar positiv til sal eller utleige. Over 4 år vart 70 av desse bruka selt + 25 aktivisert av familie. Tilsaman er 280 personar tilflytt og 150 familiar står på venteliste. Dette viste seg å vere barnerike familiar frå byar eller bynære strøk. Dei var motiverte, reflekterte med god økonomi og utdanning - og dei ønskte å bu og leve annleis. Dei skaffa og 50% av sysselsetjinga sjølv. Kva var deira preferanse for å flytte? Dei ønskte å vere eigen herre, finne godt bumiljø, ro og fred, nærare natur og miljø, friluftsliv, småskala drift, nær dyr, gamle bygningar og kulturlandskap, bygdeliv og gode oppvekstvilkår, leve annsleis og skifte livsstil.

Kunne dette vere aktuelt prosjekt for Hjørundfjord og søre Sunnmøre?

Butikkar og småsamfunn

Møreforskning har hatt fleire prosjektarbeide med dette temaet. I arbeidet sitt har dei forsøkt å svare på kva som gjer butikken til ein utviklingsaktør. Strategien har endra seg frå å få overskot til å overleve for dei fleste av desse samfunnsutviklarane. Av dei mest utviklingsorienterte landhandlarar er 25% involvert i næringsverksemd utanom butikken - primært turistrelatert. Heile 67% er involvert i sosiale arrangement i bygda. Dei har mellom 5 og 6 tilleggstenester som post, bakeri, kafe, bensin, tipping osv. Forskninga viser at desse butikkane er svært viktige for bygda - og vi som er så heldige å ha tre butikkar må difor innsjå kor viktige dei er gjennom den faste og trufaste bruken vår. Eg kan også legge til for eigen del at dei store kjøpesentra rett nok kan stoppe handelslekkasjen (les; til Moa), men dei stopper ikkje kapitalflukta frå bygda (kven eig sentra?).

Kommunen som tilretteleggar er også viktig her. Butikken må synast i kommuneplanar og gjerne om muleg få andre samfunnsaktivitetar i nærleiken. Merkur-programmet starta i 1995 med Kommunal- og regionaldept. som eigar. programmet er ein del av småsamfunnssatsinga og har m.a. som mål å "oppretthalde levekraftige bygder - utvikle butikken som eit viktig sørviselement.

Avslutning

Alt i alt var dette er lærerik samling med god kontakt deltakarane i mellom. Middagen på Lensmannsgarden i Innfjorden ga også anna næring. Intessesant var det å høyre om oppbygginga av overnattingskapasitet der med ca. 50 senger med planar for snarleg utviding til 70. Dei som leigde rom dreiv aktivitetar som vi kjenner oss att i i Hjørundfjorden, dvs. i fjellet vinter og sommar, på fjorden for å fiske, i dalane og i skogen på sanking og på jakt pluss mykje anna. Turismen i Rauma er noko meir utvikla enn i Hjørundfjorden, men vi er så heldige at potensialet vårt er stort - og vi kjem etter, men det tek tid.