Vi vil hausten 09 starte opp att med barnekor på bedehuset/ i kyrkja på Sæbø, og vonar at DU vil vere med å syngje!

Marie Austrheim er ansatt som organist i Hjørundfjord kyrkje, og vil no ta over barnekoret.  Ho har fleire års erfaring frå forkjellige barnegospelkor som ho har drive i Oslo, og har ei høg utdanning innan musikk.  Ho har også vore ansatt som barne- og ungdomsarbeidar i Oslo.  Frå hausten 09 vil ho ha ansvaret for barnekoret på Sæbø.

Eg vonar at mange har lyst å være med å syngje i eit flott og stort kor!
Vi veit også at borna er svært aktive og er med på mange aktivitetar, difor vil vi prøve å tilretteleggje dette best mogleg for dykk slik at dine bornfår vere med!  Vi har lyst å ha med så mange som mogleg, og er interesserte i å vite kva dagar og tidspunkt som passar best for korøving.  Når vi veit meir om dag og tidspunkt, vil vi sende ut informasjon om oppstart og semesterplan.

Vi bed dykk gi oss tilbakemelding ang dag/tidspunkt innan tirsdag 15. sept.

Om du har lyst å vere med, eller har andre spørsmål, ta kontakt med:

Marie Austrheim på tlf: 45235996, mail: marie_austrheim@hotmail.com eller Eldbjørg Tvergrov på tlf: 91532852, mail: eldtver@frisurf.no

Her er ALLE velkomne, og vi håpar at DU vil vere med å syngje:)

Helsing Marie Mundal Austrheim