Som sikkert mange veit greidde damelaget vårt, Sæbø/Åmdal, opprykk til 3. divisjon forrige sesong. Det er første gong Sæbø og Åmdal har lag i denne divisjonen og vi ser fram til sesongen med spenning.
Jentene har trena heile sommaren, om ikkje så mykje reine handballteningar så har dei fleste vore med å sprunge på fjellet og fleire av jentene spelar også fotball.

Første seriekampen er laurdag 12. september kl 15.00 heime mot Aksla. Aksla rykte ned frå 2. divisjon og har nok tenkt seg oppatt dit.. Aksla er kanskje eit av dei sterkaste laga i divisjonen og eit av Møre og Romsdal sitt beste damelag.
Kven veit, kanskje vi er like gode?

Vi har 19 treningsvillige jenter med i stallen og dei er ein flott gjeng med kjekke jenter. Vi har eit veldig ungt lag med jenter frå 15 til 18 år og vi gler oss til opplevingane vi heilt sikkert vil få denne sesongen!

Jentene har vunne komfortabelt to treningskampar, mot Eid (31-22) og Bergsøy (33-26), og skal spele mot Stryn i Ørstahallen tirsdag kl 19.30.

Tek med nokre bilder frå kampen mot Bergsøy der jentene vann 33-26!

 Nina 1

Nina! Ho er litt for ung til å vere med i seriekampane men vil trene og vere ein av laget i tillegg til å spele på J16.

 

Hanne1

 Hanne!

tren8

Else Marie, godt innepakka av Bergsøyspelarar!

 

ten9

Men ballen gir ho ikkje frå seg..

 

Else M

Mål neste!

 

tren2

Malene, Også ho får kjenne på musklane til Bergsøyspelarane.. Ballen er visst av mindre interesse men Silje tek seg av den!

Malene 1

Mål igjen.

 

rten2

Kathrine!

 

tren4

Liv Grete har rive seg laus og skyt på mål.

 

Laget 3

bak f.v. Karen Ose Lid, Hanne Stokke, Kathrine Brekke, Nina Hustad, Stine Bjørndalen Årflot, Kristina Y. Hovdenakk, Synnøve Eikås, Torill Haugen Øye og Anette Mork.
framme f.v. Helene Andreassen, Aina O. Bakke, Else Marie Stokke, Marthe Takseth, Sara Årseth, Liv Grete Stokke, Malene Aambakk og Silje Anette Sandnes.
målvaktene Elisabeth Skogen og Monica Krøvel.