Klikk på fotoa for å få dei i stor versjon.

I denne miniserien på to, har vi i dag kome fram til topp to, Nes-Staven, 1016 m.

Dette er travle tider for ein bonde, men vi rakk likevel "fjellferja" klokka 0945 frå Sæbø  med minst 10 sek. margin.  Vi hadde knapt fått fyllt kaffikoppane i salongen før billettør Bjørnar kom. - Trandal?  Men denne ferje går berre til Leknes...

Ok, dette var stort sett einaste dramatikken vi hadde på turen opp til Nes-Staven, fjellet som tek vare på Trollgjøttemannen.  Men det heile ordna seg.  Det vart to ekstra kryssingar av Hjørundfjorden, men så var vi på veg til Trandal i det som skulle - utruleg nok i desse tider - verte ein svært så vakker fjellturdag.

DSCN6211[1]

Skoggrensa og Nesdalen er nådd.  På tide med ei pause.  Junior, Jakob (Hustad), til venstre, underteikna til høgre.  Foto:  Olav Haugen.

Turen frå Nes og opp til Nesdalen har vore omtala tidlegare her på portalen.  Klikk her.  "Bestigning av Nes-Staven er krevande og luftig klyving", står det i turboka "Fotturar på Sunnmøre".  Som dei færraste har unngått å legge merke til, har det vore ein god del regn i august og september.  Underlaget har difor blitt svært vått og glatt, men vi gjekk til topps på Nes-Staven etter ryggen sør for toppen.  Her var det lite mose og sola tok godt tak.  Eit tørt underlag denne dagen gjorde at turen opp gjekk utan problem.

IMGP2228 - Kopi IMGP2230 - Kopi

På foto til venstre ser vi Olav(t.v.) og Jakob på veg oppover mot Nes-Staven frå Nesdalen. Nes-Staven i bakgrunnen.  På foto til høgre ser vi utover Hjørundfjorden.  Ålesund i det fjerne.

IMGP2235 - Kopi

Søregga er smal, men i all høve om du ikkje vert ør i hovudet i høgda er det ei triveleg ykt å gå mot toppen.

 IMGP2240 - Kopi IMGP2241

Olav(t.v.) og Jakob går dei siste metrane mot toppen.

Når ein går oppover mot Nesdalen og vidare oppover til Nes-Staven kan ein saktens gjere sine tankar.  Eg tenkjer ikkje først og fremst på at storsamfunnet har gjort det slik at der knapt er  husdyr att (berre nokre sauer som uløyves hadde gått over frå Trandaldalen) i dette området.  Nei, eg tenkjer på at berre for vel eitt år sidan var junior over 20 cm lågare enn han no er og han var ikkje alltid så interessert i å vere med på fjellturar.  No kjem han med forslag om slike turar sjølv, og ikkje berre det - eg må be han slakke på tempoet også...

IMGP2250 - Kopi

Toppen er nådd.  Men er det nokon som veit kvifor Nes-Staven har flymerke, men ikkje eigen varde?  Er det kanskje nokon som føler eit kall?

IMGP2268 - Kopi

Ikkje dans akurat, men armane kan vere gode å bruke som balansestang på den litt smale egga. Som vi ser var vêret flott på laurdag, men søndag var vi igjen i normalt  gjenge, dvs. regn.

IMGP2270 - Kopi IMGP2243

Foto til venstre:  Så, så - ikkje lenger fram no.  Store Standal i bakgrunnen.  Ser du Kolåstinden?  På foto til venstre ser vi austover.  Har du namnet på fjella?

Som sagt, melankonien kan lett få overtaket på ein slik fjelltur.  Likevel er det heilt feil å seie at at på toppen av Nes-Staven er det livlaust.  Nei, her var t.d. fleire vevkjerringar i full aktivitet.  Frua under gjorde det ho skulle gjere og såg ut til å bry seg lite om både fotograf og storfelt utsyn mot Ålesund.

IMGP2274 - Kopi

Vevkjerring i full aktivitet.

Det var visst Kong Henrik IV av Frankrike som ein gong sa at Paris var ei messe verd.  Om Nes-Staven også er verd ei messe kan sikkert diskuterast, men likar du god utsikt er Nes-Staven eit godt alternativ.  Men gå ikkje i dei verste regnbygene.