Torsdag 18. desember 08 vedtok Ørsta kommunestyre at det skulle byggast ny gymnastikksal ved Sæbø skule.  Det vart løyvd åtte millionar kroner til salen - resten skulle finansierast gjennom rente- og avdragsfrie lån.

Den 28.1.09 vedtok driftsutvalet i Ørsta kommune - etter lang tids kamp frå hjørundfjordingane - at eigne ledige legestillingar på Sæbø og Vartdal likevel skulle lysast ut.  Hjørundfjorden skulle framleis få ha eigen lege.

Kva har så skjedd?

Først i denne månaden vart leiinga ved Sæbø skulle kalla inn til møte med den kommunale byggenemnda og administrasjonen  i Ørsta kommune.  På dette møtet fekk leinga ved Sæbø skule klar beskjed:  Det vert ikkje brukt pengar til bygging av ny gymsal ved Sæbø skule - det vert berre rendovering av den gamle.

Og kva med legesaka?  Fleire søkte den ledige stillinga på Sæbø og i alle høve ein av desse, Per Olav Brautaset, var svært interessert i solopraksis i Hjørundfjorden og øngste å verte tilsett.  Ørsta kommune sa likevel nei.  No har vi fått tilsett ein vikar i stillinga, men berre for eitt år.  Politikarane har overlate denne saka til administrasjonen i kommunen og mest truleg vert denne legestillinga overført til det private Ørsta legesenter i Ørsta sentrum.

Og kva har skjedd med Helsestasjonen på Sæbø?  Den er nedlagd.

I tillegg til dette vert det no snakka i fullt alvor om å lege ned Sæbø ungdomsskule og overføre elevane til Ørsta ungdomsskule.  I Ørsta kommunestyre har det og vore gjort framlegg om å legge ned sjukeheimen på Hjørundfjordheimen.

IMGP2275 - Kopi

Av Helsestasjonen på Sæbø er det berre tome lokal att. Og kva skjer med legekontoret til neste sommar?

Kva skjer framover?

Vi har ei bygdemobilisering gåande. Nokre vil hevde at bygdemobiliseringa ikkje har fått gjort noko som helst.  Det er sjølvsgt på ingen måte sant, men at bygdemobiliseringa no slit i motbakke p.g.a. Ørsta kommune er utan tvil sant.  Eg nemner eit par døme.

Hjørundfjord bygdemobilisering/Sæbø skule med Johs. Halland i spissen har no endeleg fått opp gatelys frå Øyragata og fram til skulen og klubbhuset til Sæbø IL.  Ørsta kommune løyvde sjølvsagt ikkje mykje pengar, men rådmannen var positiv og sa ja til at kommunen kunne vere byggherre. Dermed ville vi lokalt sleppe å finansiere momsen også.  Kva skjer så?  Ein av småkongane i kommunen seier at dette har ikkje rådmannen fullmakt til å seie ja til og per i dag er denne saka ikkje avgjort.

Som dei fleste kjenner til har bygdemobiliseringa og Hjørundfjordheimen i fleire år arbeidd for å få til ein hage- eit parkanlegg nedanfor Hjørundfjordheimen.  Lokalt har vi sjølve samla inn nok pengar, men er avhengige av kommune for planlegging/teikningar.  Vi hadde i alle høve vona å få opne parken til Hjørundfjorddagane, men per i dag ligg der berre nokre moldhaugar.  Personleg er eg skivar i styringsgruppa i bygdemobiliseringa, men vil sjølvsagt ikkje uttale meg på vegner av bygdemobiliseringa.  Likevel hevdar eg utan blygsel at det slit på både for den eine og andre at Ørsta kommune lovar og lovar, men knapt held ein eigen tidsfrist.

Og kvar gjer lokalpolitikarane som er busette i Hjørundfjorden?

I ein debatt med tidlegare ordførar i Ørsta kommune, Sigbjørn Kvistad, hevda han at slike som meg - som ikkje er medlem i eit kommunestyre - knapt har rett til å kome med synspunkt offentleg.  I alle høve har ikkje desse synspunkta noko å seie.  Kanskje har han rett, men i så fall bør ein forvente meir av dei som er valde inn i eit kommunestyre.  Rett nok har eg høyrt at fleire av dei skal vere flinka til å jobbe i dei ulike utvala, men i den viktige offentlege debatten er dei alle frå Hjørundfjorden stort sett fråverande.

Eg skal vere litt konkret.  Teknisk sjef i Ørsta kommune, Knut Krøvel Velle, som også er sjef for brannvernet i Ørsta kommune, røytte seg av i Møre-Nytt i sommar.  Han var arg på denne sentraliseringssykja som han meinte var aukande og øydeleggande.  Eg meiner at han hadde rett og at han var i sin fulle rett til å kome med meiningane sine sjølv om han er tilsett i Ørsta kommune.

På Sæbø har vi altså sjukeheimen Hjørundfjordheimen, ein av dei best drivne sjukeheimane i landet.  Der er Knut Åmås sjef og han er også Krf-politikar i Ørsta kommunestyre.  Er det nokon som kan argumentere for ein eigen lege i Hjørundfjorden og ikkje minst tilsynslege for Hjørundfjordheimen så må det vere han.  Likevel er han totalt fråverande i den offentlege debatten om lege i Hjørundfjorden.  Kan han ikkje gjere slik som teknisk sjef Knut Krøvel Velle og kjempe for sitt hjartebarn?

Ap-politikar Bodil Skare har kjempa for legestillinga som medlem av driftsutvalet, men kvifor ville ikkje ho og leiaren i driftsutvalet, Hans Andre Sørvik, tilsetje den legen som hadde søkt stillinga, men i staden lyse ut stillinga på nytt? (Dette i fylgje Møre-Nytt).  Trudde dei at ein lege kunne tilsetjast utan kostnadar?  Av ein eller annan grunn ser no politikarane ut til å vere glade over å sleppe å ha meir med denne legestillinga å gjere.  Dei har overlate saka til administrasjonen og fungerande helse- og sosialsjef Oddvar Marøy har som kjent sagt mange gonger kva han meiner om eiga legestilling på Sæbø - overfør den til Ørsta.

Men ein ting er i alle høve sikkert:  Alle politikarane på "Hjørundfjordbenken" burde ha samla seg og i fellesskap kjempa meir - også i den offentlege debatten - for eigen lege i Hjørundfjforden.

Og kva med Sp-veteranar som Steinar Nordang og Ola Perry Saure?  Ikkje ein gong då, det kom framlegg om å legge ned ungdomsskulen på Sæbø (i eit formannskapsmøte) sa Ola Perry Saure klart ifrå at det ikkje kom på tale å legge ned ungdomskulen.  Han kom berre med ein vag uttale om at "ungdomsskulen ikkje kunne leggast ned over bordet".   Steinar Nordang var også taus. 

Ola Perry er ein mykje sitert politikar, men som oftast er han så rund og vag at det ikkje tener dei sakene han er for eller mot.   Rett skal likevel vere rett - han gjekk ut i Møre-Nytt og hevda med rette at det var mot folks rettskjensle at "Stenessaka" vart anka av påtalemakta.  (Men er han sikker på at Ørsta kommune ikkje pr tlf./e-post/brev til fylket/politimeisteren ikkje har bede om at nettopp denne saka vart anka?)

Etter at Helsestasjonane på Vartdal og Sæbø vart nedlagde gjekk nettopp Oddvar Marøy ut i Møre-Nytt hevda at ingen hadde protestert mot dette.  Kvar var lokalpolitikarane våre då?  Hadde dei allereie gløymt eit stort oppslag med foto  - av svært mange småbarnsforledre i Møre-Nytt for ca. eitt år attende?  I dette oppslaget kjempa dei alle mot nedlegging av Helsestasjonen på Sæbø.  Igjen - lokalpolitikarar burde ha reagert i Møre-Nytt etter Marøy sitt oppslag.

Og kva skjer no når det ser ut til at ei byggenemnd og delar av administrasjonen ser ut til - på eiga hand - å gjere om eit lovleg fatta vedtak i Ørsta kommunestyre, dvs. ikkje bygge ny gymsal på Sæbø?  Ikkje godt å seie - ingen politikar ser ut til å bry seg.

IMGP2277 - Kopi

Den kommunale byggenemnda og skulesjefen har bestemt at det ikkje skal byggast ny gymsal på Sæbø trass i kommunestyrevedtak om nybygg.

Eg kunne gjerne kome med fleire døme, men dette får vere nok no.

- Klarsignal for fleirbrukshall i haust.

Laurdag kunne vi lese i Møre-Nytt at rådmann Jan Petter Eide går for klarsignal for 72-millionar-kroner-hallen i Ørsta.  Ja, noko anna var vel ikkje å vente.  Ein rådmann som tydelegvis ikkje har den respekt han fortener og som no har gjort det verre for seg sjølv, hadde vel ikkje noko val dersom populariteten hans, og kanskje respekta, skulle auke aldri så lite. Det er sikkert liten vits-/lite klokt å kjempe mot denne hallen, men ein må i alle høve forvente at endeleg må lokalpolitikarane i Hjørundfjorden kome på bana og syte for at den nye gymsalen på Sæbø kjem opp før ein brukar 70-80 mill. i eit prestisjeprosjekt i Ørsta - Robecregister eller ikkje.  Fleire gonger har eg vore kritisk til varaordførar Paul Kristian Hovden, men han skal ha ros for at han er med og ytrar seg offentleg.

Eg registrerer også at leiinga i Sæbø Il er god til å kjempe for fleirbrukshallen, men kva med ny gymsal på Sæbø?

Atter ein gong viser eg til Møre-Nytt.  I løpet av året har vi fleire gonger lese om eit fantastisk prosjekt der Hotell Ivar Aasen og Kulturhuset skulle byggast saman - utan kostnadar for kommunen.  I finansieringsplanen til Ørsta kommune er det no visst gjort framlegg om at kommunen skal forskottere denne samanbygginga.  Det er snakk om mange millionar.  Det gjeld å fylgje med.

- Var det nokon som fekk med seg at det likevel skulle løyvast kr. 100.000,- til djupvasskaia i Ørsta og at ordføraren ville at cruisskipsturistane skulle fraktast til Sæbø med buss?  Er dette kommentert av nokon?  Eller er det slik at også "våre" lokalpolitikarar synest at dette er god politikk i desse Robec-tider?

Det som no kan skje er at legekontoret på Sæbø vert lagt ned, at Helsestasjonen på Sæbø ikkje kjem attende, at ny gymsal likevel ikkje vert bygd trass i vedtak, at ungdomsskulen på Sæbø vert lagd ned, at ein ikkje får bygge noko i Sæbø sentrum p.g.a. Åkernesremna, at kommunen spyttar inn fleire millionar i djupvasskai i Ørsta, at kommunen foskotterer ei samanbyggjing av hotell og kulturhus, men at eigedomsskatt vert innførd slik at vi hjørundfjordingar i alle høve skal få lov til å vere med på å betale for fleirbrukshallen i Ørsta.  Dette kan godt mogleg skje - i alle høve om politikarane har Tause Birgitte som  ideal.

Her eine dagen fekk eg ein e-post som eg kan sitere litt frå: "Framtida for Hjørundfjorden ser ganske svart ut.  Alt skal takast frå oss".  Om dette er sant står vel att å sjå, men ein må kunne forvente at våre beste, våre folkevalde - dei som har rett til å meine og ytre seg - kjempar for fjorden.  Det er lov å seie anna enn berre ja og nei til saker som administrasjonen legg fram.

Og snart skal noverande sokneprest slutte og flytte her ifrå.  Skal vi i det heile bry oss om å kjempe for at ein ny prest skal bu på Sæbø?

 

Knut Hustad