Då det kjem eindel spørsmål om spreiing av husdyrgjødsel, sender vi ut ei melding.

Fristen for å spreie husdyrgjødsel i Ørsta kommune om hausten er som tidlegare: 15.september.
Denne fristen vart fastsett av Formannskapet i kommunen i 2006, og den står ved lag inntil politikarane eventuelt gjer eit nytt vedtak.

Det er høve til å søkje om dispensasjon frå fristen.
Ta kontakt så sender vi søknadskjema i posten eller som e-post.  

Dette seier fagkonsulent Børild Skåra i Ørsta kommune - Landbrukskontoret


boerild_skaara

Treng nokon hjelp ang.spørsmål om haustgjødsling, så ta kontakt -seier fagkonsulent Børild Skåra i Ørsta kommune - Landbrukskontoret.

Det har vore mykje vått ver sidan midt i august og vi har forståing for at einskilde må søkje om utsetjing.

Vi veit og at eindel bruk har knapt med lagerplass og difor må ha tom kjellar/lager no i september.

Skåra anbefaler at ein vurdere før ein søkjer:
- Har eg høve til å lagre gjødsla til våren, heime eller hjå andre i nærleiken som har ledig kapasitet? Husdyrgjødsla har etter kvart ein høg prislapp, og spreiing om hausten er dårleg økonomi då plantane i liten grad kan ta opp næringsstoffa. Optimal spreiing vår/sommar sparer innkjøp av kunstgjødsel.
- Skal eg snu/fornye enga? Nedmolding av husdyrgjødsel kan skje fram til 31.oktober, og ein treng ikkje søkje om løyve.

Kom innom Landbrukskontoret eller ta kontakt, så sender vi skjema.

Tlf: 700 49610
E-post: landbruk@orsta.kommune.no