Eitrefjellet-09 002

Frøydis, Marit, Unni, Kari, Haldis, Fred, Ansgar, Alvhild og Janneche.

I varm sol gekk vi nakkeløypa opp, her er vi i starten ved nederste tidtakarbuda.

Eitrefjellet-09 005

Her er vi i siget oppover mot det brattaste henget i nakkeløypa.

Eitrefjellet-09 006

Ved midterste tidtakarbuda etter bratta, her er det flott utsikt, og det vert berre finare til lenger opp ein kjem.

Eitrefjellet-09 007

Oppe på kollen mellom Knuteløypa og Nakkeløypa her er Voldsfjorden og Hovdeåsen i bakgrunnen.

Eitrefjellet-09 008

Fred og Ansgar med Nottane og Veirahaldet bak seg, her gjekk vi i sykkelløpa til "Mellom bakkar og berg".

 

Eitrefjellet-09 009

Denne brua er bygd av samme gjengen som har laga sykkelløypa, ho bar oss godt.

Eitrefjellet-09 010

Frøydis var litt forbausa over storevatnet, dette er ikkje godt å sjå på vinterstid  då er det dekt av snøv.

Måtte fram og sjekke om det virkeleg var sant.

Haldis i framgrunnen nyt haustfargane. 

Vidare ser vi trekket i Nottane , Veirahaldet og Blåhornet med Kolbeinskaret i mellom, og Trollbotnen i skuggen, der var det mange hopprenn i ei "svunnen tid".

Eitrefjellet-09 011

Vi tok rast på Verandaen til Eitrefjellkafèen, sol og vindstille og fantastisk god utsikt.

Eitrefjellet-09 016

Grøthornet, lissjetinden/Solhatten og Storetinden i sikte.

Eitrefjellet-09 013

Her kvanndalshesten og lissjedalshornet til venstre og Snøhornet til høgre.

Kansje neste års turmål?

Nedatt gjekk vi bratthenget, der var det dugnad, ein gjeng rydda skog i heistraseet, det gror fort att.

Nokre av oss lengta no mot vinter og gode søvforhold, me treng ikkje nevne navn.

Det var ein flott tur i fantastisk godt vèr.

Neste tur er Frølandsetra.

VEL MØTT!