Bondalselva var på 70-talet ei av norges beste lakseelvar. Med yrande folkeliv langs elva. Små og store,kvinner og menn,med intresse for elva.

Ei fantastisk tid å sjå tilbake på.Ein Lidenskap for mange,litt sunn og herleg galskap.

Ei elv full av fisk,med stadig tilsig av ny frå havet og fjorden.

Har fiska min del i Bondalselva,men ikkje så mykje dei siste åra.Blir liksom ikkje det same å prøve å lure den "siste" bondalslaksen på kroken.

Ikkje for det eg klandrar på ingen måte dei som fiskar i elva. Alle må få gjere sitt valg. Fiskarane har ei interesse og lidenskap i dette å fiske laks og for mange er dette eit av høgdepunkta om sommaren.

Fiskarane forheld seg til dei lova og reglar som blitt fatta generelt for laksefisket og for elva lokalt.  

Folk kom langvegs frå med store forventningar om godt fiske,og dei blei sjeldan skuffa. Det var nesten alltid nokon som hadde på fisk og folk strøymde til for å sjå på begivenheita.

Så har det skjedd ein gradvis tilbakegang over mange år der vi i år har sett ein alarmerande tilbakegang for laksen i Bondalselva.

Vi kan  plutseleg få eit brukbart år igjen innimellom,men dette er ikkje nødvendigvis eit teikn på bedring,då vi ser at det blir lenger og lenger mellom desse " gode" åra og at dei "gode" kanskje har blitt til brukbare.

Det har og blitt stadig mindre gytefisk i elva og særleg gytefisk som går opp i elva og overlever før 10.juli.Dette har stor betydning då det er viktig å ha ei blanding av gytefisk utover heile sesongen frå 1.juni til 1.september for å få ein sesong med minst muleg "svarte" periodar.

Og vi veit også at tilbakevandringa med laks til ei elv ein sommar er ei god blanding av fleire årgangar.

Kva tiltak kan vi gjere for å forebygge og snu denne trenden? Ein ting er sikkert,eg trur ikkje at dette kjem til rette seg sjølv i allefall ikkje på kort sikt.

Bondalselva er ei spesiell elv også på andre områder,vi manglar dei store djupe hølane der fisken kan gøyme seg og heilt sjølv bestemme, om han ønskjer å stige opp og bite på kroken eller ikkje.Derfor blir fiskepresset svært stort,kvar stein blir snudd,kvar fisk blir registrert og jakta på, litt sånn at, vil du ikkje bite så skal du.

Bondalselva frå Hustadbrua framover dalen

Bondalselva sett frå Hustadbrua sommaren 09

Der er ei elv med mykje rullestein som gjer at overlevingsevna til rogna er svært begrensa då den lett reiser avgårde  i stor elv og flaum.Viser til masseuttaking frå elv under bygging av ny veg spesielt i nedre del av elva.

Etter mi meining bør ein leggje til rette så godt som råd for laksevandring i sideelvane. Hadde og vore interessant å prøve å lage til fleire store djupe hølar høgt oppe i elva med store steinar på botnen så laksen kan skjule seg på ved lav vannføring og leggje ut gytegrus i desse hølane. Desse hølane må liggje i eit område der elva er freda, og ikkje for stri.Her skal ein god del av bondalslaksen klekkjast ut.

I mellomtida må ein også kultivere elva med bakgrunn i dei spesielle tilhøva i elva. Og også frede denne sona med dei djupe hølane,og sette ut fisken som ein kultiverer ovanfor desse hølane slik det er blitt gjort før.

Når dette er gjort ser eg for meg ei blanding av naturleg gyting og kultiverering.

 Her må ein leggje vekk eventuelle stridiheiter og samle alle krefter om å berge Bondalslaksen. Her skal ingen tjene pengar på laksefisket for ei periode, inntektene skal gå tilbake til elva der dei nødvendige tiltaka for å få tilbake laksen blir gjort. Når ein då har lykkast,laksen er tilbake,folket er tilbake kan ein byrje å take ut utbytte på ein berekraftig måte og på laksen sine premissar.

Om ikkje er eg redd for at inntektene i framtida kan falle heilt vekk i staden for å øke dei som potensialet kan bere bud om,i allefall om ein gjer ting på rette måten.

Er det nokon som bryr og som er villig til å jobbe målbevisst for å få Bondaslselva på fote igjen? Det er absolutt mulig meiner eg,ein porsjon optimisme må ein ha,naturlegvis,sånn som ellers i livet,men absolutt mulig.

Ein burde gløyme alt som har med mitt og ditt å gjere, men å samle allegode krefter mot eit felles mål nemleg å redde Bondalslaksen. Får vi det til vil det vere eit viktig bidrag i mot heile lokalsamfunnet på Sæbø spesielt sommarstid.

Våkn opp,det er no det skjer.

Stå på!! Kom igjen! Kan gjerne vere med å bidra,bli inkludert i ein god plan, om ønskjeleg.

Laksefisket er for mange ein fantastisk hobby og rekreasjon på høgt plan.Ein lidenskap som for mange lett kan grense til ein herleg rus eller lett galskap om ein vil.

Ein hobby som forsatt burde kunne gå i generasjonar!

Eg vil til slutt ønskje lykke til med arbeidet med å redde Bondalslaksen,for eg nektar å tru at  at det ikkje blir gjort noko i forhold til situasjonen vi er i ,i dag.

Vennleg helsing ein som vil Bondalselva vel.

Arve N.Ertesvåg