I år kom den tilbake som laks i 8-10 kgs klassa. Den kom seg velberga forbi laksenøter,bikarane med  både makk og sluk. Kanskje var den fast på vegna til Paulsen eller Håkonsholm, eller var det denne Oddmar stubba på ein av dei siste dagane i juli?

Den kom seg også opp Hauafossen. Mest sannsynleg gjekk den renna som Tore M.Årskog, Bakk Eljas og Sæbønes Lars skaut ut i 70 åra, for at laksen skulle kome seg inn i Rognestøyldalen for å gyte.

Det er no i alle fall bevist at renna verkar, for den enda sine dagar med ein oter oppå ryggen inne ved Risestøylen.

Laks ved Risestøylen 003

Søndag då vi jaga kyrne over elva gjekk  Magne (Riise) seg på den inne ved Risestøylen.

Det er inponerande at instinktet til ein slik villaks sender den langt inni setredalen vår for å føre arten vidare.

Men siste vintrane har eg observert otervegar langs elva, og innafor Storevatnet. Det er i og for seg ein rikdom, men for dei få laksane som når fram til gyteplassen kan det vere ei katastrofe.

Laks ved Risestøylen 001

Ein fin holaks på ca. 8-10kg som eg går ut frå er teken av oter. Men no har vassflødet sendt han på sjøen att.

Der er påfallande ar mange laksar som er funne langs elva siste åra, teken av oter, stort sett berre er tekne nokre bitar av. Oteren er kanskje mest sportsfiskar den også?

Den hadde neppe langt att til gyteplassen. Kanskje var den komen på plass ilag med ein hannlaks då oteren angreip?

Hallvard på brua

Hadde den kome seg inn på grusbankane innanfor Oksehølbrua hadde den kanskje berga seg.

september 09 021

Det har nok hendt at pjakk og laks har kome seg heilt inn i Storevatnet. Men det er ingen  gyteplass for laks.

Denne historia hadde ikkje vore særleg trist om den var servert på 70 talet. For då var det mykje laks og knapt nok oter i Rognestøyldalen. Det er langt verre no når det er like mykje oter som laks. Og kankje om få år går det troll i ord det som Lida-Peder sa ein gong då han tykte at laksefiskarane vart vel grådige.

"Når dei vel he fått den siste, då spøre dei: Kvar i verden vart det ta nå?"