DronningrutaHøgereset-09 080

Vi starta på Tvergrova og gjekk etter flott raudemerka rås oppetter beitet.

Oppom granskogen går råsa gjennom bjørkaskog , vi vart fort varme og kasta jakka, regnet roa seg også.

DronningrutaHøgereset-09 081

Her ser vi at det er bratt oppover i skogen, fossen i bakgrunnen er Tvergrova.

Kari, Maria, Jorunn, Haldis og Linda.

DronningrutaHøgereset-09 084

Her er selmurane etter gamle Tvergrovselet, dette var i bruk berre nokre få år.

Når vi kom opp hit trur eg det heldt opp å regne, resten av dalen låg skodde og regn men vi fekk opplett!

DronningrutaHøgereset-09 085

Fin utsikt mot Videtjørn og Bjørdalen, ein kan skimte Bjørdalsvatnet i bakgrunnen.

Linda og Haldis.

DronningrutaHøgereset-09 088

No er vi oppe på heida, Korsvatnet i bakgrunnen.

Bodil, Haldis, Linda, Kari, Maria og Jorunn.

DronningrutaHøgereset-09 086

Vi gjekk inn i hytta til Ola Valset og sette oss, vi skreiv ei helsing i boka, det var godt med litt husly, beklager at det dogga på vindua av oss! 

DronningrutaHøgereset-09 089

Frå heida er det utsikt mot Hjørundfjorden, sjolv om det var skodde kan du sjå det glimtar i fjord.

Hausten er tydeleg på veg no fargane på Heida er gyldne allereide.

DronningrutaHøgereset-09 090

No er vi på heimveg, elvane er store og det var godt vått i marka, ikkje rart med so mykje væte vi har fått i det siste.

DronningrutaHøgereset-09 093

Maria var vegvisar og "hare", ho måtte sette seg og vente litt nokre gonger, men det mangla ikkje  på kvileplassar.

DronningrutaHøgereset-09 095

Jorunn i fullt firsprang over Tvergrova, det var rikeleg med vatn i elva.

DronningrutaHøgereset-09 096

Her demonstrerar Linda korleis ein "rumpelerer" der det er for bratt og sleipt til å gå.

DronningrutaHøgereset-09 094

Blåbæra var søte og gode og der er rikeleg å ta av.

DronningrutaHøgereset-09 097

Så fann vi enorme mengder med sopp!

Både kantarell og piggsopp, skogens "gull".

Vi var heime i god tid for det mørkna og alle var nøgde med turen.

Minner om turmarsjen på laurdag, og neste måndag er det  tur til vasstøylen og muligens vi tek langhorndalen , vi ser.

VEL MØTT!