Kampen åpna eigentleg jamnt, men gradvis tok Stordal meir å meir over, uten å skape dei heilt store mogelegheitene. Dei farligaste situasjonane kom etter corner og lange innkast, og det var på eit langt innkast laget tok leiinga midtveis i første omg. Ballen blei stussa vidare frå fremste stolpe, til ein Stordalspelar som fullstendi uhindra fekk styre ballen i mål frå kort hald. Stordal fortsatte å dominere, og like før pause auka laget leiinga etter at ein corner blei heada i mål på første stolpe. Sæbø sleir fælt i første omg, laget klarte ikkje å ta ned ballen å spele, det blei stort sett slått longt mot Svein Ivar Moltu på topp, men helder ikkje han hadde dagen idag. Nærmaste Sæbø kom ein målsjanse var eit godt skot frå Lars Øyvind Mundal som keeperen måtte gje ein retur på.

Skulle tru at etter ein så dårleg omg så ville laget ta seg skikkeleg saman til andre omg, men den starta som den første slutta, ei grusom forsvarstabbe førte til at ein Stordal spelar enkelt kunne trille inn 3-0 omtrent før andre omg hadde starta. Det bedra seg helder ikkje utover omgongen, Sæbø skapte ikkje ein einaste målsjanse i løpet av andre omg. Stordal auka  til 4-0 og like før slutt stoppa det på 5-0.

Nei, her må det kraftig skjærping til før neste kamp som er førstkomande onsdag, heime mot Emblem. Då får vi håpe Sæbø stadion er klar, så vi verkeleg kan gi det opprykkjagande laget skikkeleg kamp.