Einar Arne Stennes omgir seg ikkje med store fakter og høylytt tale. Han har frå barnsbein lært seg at hardt arbeid med lange arbeidsdagar gir resultat. Han sikta seg tidleg inn på å vidareutvikle livsgrunnlaget, tok agronomutdanning  og viser ei ekte, realistisk interesse for dyra, for garden og for menneska rundt seg.

Urkehelg foto 2009 028

Einar Arne Stennes

Bøane i Nilsgarden på Stenes ber preg av godt stell og vert stadig omtala av dei som ferdast forbi på den motsette sida av Norangsfjorden.

Urkehelg foto 2009 032

Gardsnamnet på veggen viser at her ser ein verdien av å gjere seg synleg, for å halde ryggen rak og vere STOLT av det ein har.

Dei to gardane på Stenes var veglause fram til 1976. Då jordbruksvegen på 3,6 km til Norang, ved austenden av fjorden. Vegen vart bygt med ein stor del eigeninnsats.  Strekninga er utsett for snøras og då er båttransport einaste utveg i kortare eller lengre periodar vinterstid.

Urkehelg foto 2009 016

Dei velstelte bøane på Stenes vert hausta i første halvdel av august.  Husklynga med Nilsgarden og Knutegarden ligg fonntrygt ytst ute på neset. I bakgrunnen Urkebygda, med Saksatindane og Breifonnhornet t.h. Flytebrygger og kai kjem ved garasjen t.h. og lengst ute på neset ser vi landfestet for moloen.

Då vi besøkte Nilsgarden på Stenes midt i ho-slåtten, var foreldra til Einar Arne, Olaug og Jon – begge i 70-åra – på låven og jamna i siloane og noterte sirleg talet lass.

Urkehelg foto 2009 025

Jon Stennes

Urkehelg foto 2009 026

Olaug Stennes

I år har det vore bra avling av førsteslåtten med 97 vossakasser. Hoslåtten ga toppresultat med 168. To velfylte siloar og rundballar frå nedlagde gardsbruk på Urke sikrar vinterforet til geitflokken som beiter i liene ovanfor bøen. Einar Arne brukte traktoren med forhaustaren og slo skåre for skåre opp og ned på bøen. Å slå sidelengs her, vert for bratt.

Urkehelg foto 2009 022

Her er det brattare enn det kan sjå ut til. Ho-slåtten er i full gang. Rett ovanfor bøgarden beiter konsumentane av alt som vert køyrt i hus. 140 geiter har gått sin daglege rundtur ut- og innover i dei frodige utmarksbeita.

Men dagen har andre gjeremål; først eit par små timar om morgonen med mjølking og om kvelden er det ny runde med henting av geitene og deretter mjølking. I 7-tida om kvelden roar arbeidsdagen seg for pensjonistane, medan Einar Arne køyrer med traktoren om Øye til Urke for å samle ”traktoregga”, rundballane som ligg utover bøane i Jensagarden. Etter sengetid for folk flest er den jobben gjort.

Urkehelg foto 2009 017

Nydyrkingsfeltet på knapt 5 dekar skal tilsåast neste vår. Høgda på skråninga viser tydeleg kor store mengder stein som er fjerna frå feltet.

Utanom onnene ligg gardbrukaren heller ikkje på latsida.  Eit nybrot på knapt fem dekar aust for innmarka har siste året blitt reinska for storstein.  Dette vart sett i gang for å skaffe stor stein som skal brukast til moloen ved småbåthamna. I sørkant, opp mot fjellet, er terrenget senka bort i mot 10 meter og det er resultat av steinmassene som er køyrt til moloen.  Flatnes Maskin har stått for gravearbeidet og steintransport.

140 geiter - 100 mjølkegeiter og 40 som skal bli det i løpet av vinteren – syter for at beitemarkene ovanfor innmarka er skogfri. Ovanfor lia ragar Stålberghornet 1284 meter rett opp – tilsynelatande - når ein legg hovudet bakover og ser opp frå Stenes. 

Urkehelg foto 2009 029

Her er steinlageret som skal plastre moloen. På dette området skal dei tre turisthyttene plasserast.

Urkehelg foto 2009 033

Det meste av moloen ligg under sjøoverflata no. På innsida kjem småbåthamna. Maude-gardane tvers over fjorden.

I første omgang skal moloen på plass.  Det står att plastring, den store steinen frå nybrotet skal leggast i ytter- og innerkant til vern mot bølgjene og isen. Så skal flytebrygger og kai monterast.

På steinplattingane aust for kjempesteinen som markerer ytterpunktet på Stenes – Storjura heiter den – ligg det ferdige planar om tre flotte turisthytter.  Brukaren på Stenes skal syte for at det vert kvalitetsbygg. Eit opphald her skal ikkje gløymast etter at ein rundar det neste neset.

Urkehelg foto 2009 036

Her kjem dei 140 geitene i lang perlerad frå grinda opp mot utmarka og ned til fjøsen.

På steinplattingane aust for kjempesteinen som markerer ytterpunktet på Stenes – Storjura heiter den – ligg det ferdige planar om tre flotte turisthytter.  Brukaren på Stenes skal syte for at det vert kvalitetsbygg. Eit opphald her skal ikkje gløymast etter at ein rundar det neste neset.

Det er i dette rotekte naturområdet med aktiv gardsdrift Einar Arne vil tilby gjestene sine varige opplevingar. Ein skal aldri gløyme at ein har vore turist på Stenes etter å ha fått delteke i fjøsen med geitmjølking, slåttearbeid og ei stille stund på fjorden i båt og rikt fiske på Revet, rett under dei majestetiske fjella og med kveldssola som fargelegg naturen.

Mor Olaug er nok litt spent på korleis dette skal gå. Investeringane er store , men Einar Arne veit kva han gjer og kvifor han skal lykkast med sitt livs prosjekt:

Aktiv gardsdrift kombinert med turisme skal bli framtida for Stenes  og dei andre bygdene her i Hjørundfjorden i framtida.

Tekst og foto: Per Urke