Ei kjend folkevise - som kan syngast som kanon - skal få innleie dagens vitjing i stabburet.

Stabbura på Urke og kvernhusa i bygda er omtala på portalen tidlegare, men under bygdevandringa på Urke siste helg var det ingen motforestillingar om å få vite meir om Nilsastabburet - bygd av Peder Berntson Haandlykken (1850-1932). Han tok seinare etternamnet Bjørke då han gifte seg der.

Nilsastabburet

Nilsastabburet - omlag 125 år gammalt

Det er ni stabbur att i Urkebygda. Nilsastabburet er nok eit av dei mest innhaldsrike.

På denne garden har brukarane vore framsynte og sytt for å samle på det meste som kunne vere godt å ha eller for godt til å kaste.

Urkehelg foto 2009 061

I ei slik stabburshylle kan du finne interessanne greier.

Tilhøyrarane visste å sette pris på få sjå att slikt som hos dei fleste har vorte sendt på skraphaugen eller brent. For den yngre garde var det meste heilt nye oppdagingar.

Stabburet tillet ikkje at store folkemengder kan gå inn, men då er det råd å hente interssanne gjenstandar ut på stabburshella.

Urkehelg foto 2009 075

Frå v.: Langvedsag - nær tre meter lang, bogtre til hesteselen - både gamle utslitne og nye i reserve - , hisser, sportsvogn 90 år gammal, kinne , seperator og meierispann.

Her fann vi ei 90 år gammal sportsvogn til odelsguten Knut, svære sager (svansar) til langved og kapp, skomakarutstyr, seperator og kinne, deler og reservedeler til hesteselen, heimelaga skeiser og mange, hundretals andre originale gjenstandar. 

Stabbura 029

Her er sportsvogna som odelsguten Knut fekk som liten. Utføring i dreia treverk og stål og med finessear som ikkje står langt tilbake for dagens vogner: Regulerbar ryggstøtte og fotbrett, sikringa framom magen kan opnast, gummi på hjula og samanleggbar .

Urkehelg foto 2009 069

Og folket lytta til det som vart fortalt om stabburet

Eigaren, Kjellfrid Prestegarden, fekk applaus for å la oss få opne dørene til denne kulturskatten.

Kanskje det i framtida kan leggast opp ei kulturvandring gjennom bygda kvar laurdag om sommaren med guide? Vi trur at mange turistar og gjester er på jakt etter dette som er så ekte og opprinneleg.