Men Svein Ivar Moltu fekk hard konkuranse om å bli Sæbø sin toppscorar denne kampen, Kai Arne Skår var og i det målkåte hjørnet og scora dei tre andre måla. Men kanskje vart målhungeren i det største laget for Skår, for han scora og det tredje målet for Stranda då han var uheldig å beina ballen i eige mål etter eit hjørnespark.

Stranda 2 åpna kampen best, og tok fortjent leiinga etter ti minutt etter eit mål som lukta usedvanli sterkt offside. Men dommaren, som ikkje hadde sin beste dag på jobben, godkjendte målet. Det gjekk ikkje lenge før Sæbø kom ajour. Martin Liaskar i Sæbø målet tok eit tidlig utspel etter eit Stranda angrep, og ballen havna hos Svein Ivar Moltu som såg at Stranda keeperen sto litt longt ute og skaut på halv volley frå nesten 50 meter. Ballen gjekk i ein stor boge over keeperen og i mål.

Etter dette tok Sæbø fullstendi over kampen og gjekk opp til 2-1 ved Kai Arne Skår med eit godt skot frå 20 meter, og 3-1 ved Svein Ivar Moltu på straffespark. Så fekk Stranda 2 eit straffespark etter holding i feltet og reduserte til 2-3. Rett før pause scora nok ein gong Moltu etter eit godt Sæbø angrep, og Sæbø gekk til pause med ei relativ trygg leiing.

Andre omgong var ikkje gammal før Kai Arne Skår la på til 5-2 etter at Sæbø hadde spelt trill rundt Stranda forsvaret, kampens vakraste angrep. Så reduserte Stranda etter Kai Arne Skår sitt nevnte sjølmål, men ikkje lenge etter økte Svein Ivar Moltu Sæbø si leiing med eit volley skot frå veldi skrått hold der ingen andre enn Moltu hadde skudt. Men han veit kvar målet står, og med si tjuetoande skåring på åtte kampar trygga han Sæbø leiinga. Like etterpå skåra Kai Arne Skår sitt tredje rette vegen etter eit innlegg frå høgre.

Då vart Mikkel Riise, 16 år, bytta inn som erstatning for kapteinen og Riise fekk beskjed om å gi kapteinsbindet til Marius Strandmann. Men frekkheita frå Riise brødrene når stadig nye høgder, for unge Mr Riise såg muligheita til å bli tidenes yngste Sæbø kaptein, å tredde nonchelant bindet på si høgre arm. Og når Sæbø fekk straffespartk like etter tok sjølsagt kapteinen ansvar. Han tok rennfart, sikta på brystkassa til Stranda keeperen og traff klokkereint der han sikta!! Det enda opp i eit resultatlaust hjørnespark. Ikkje lenge etter fekk Stranda 2 og eit fullstendig meiningslaust straffespark, der dommaren såg ei felling ingen andre enn han sjøl såg. Til og med Stranda spelarane log høgt etter den avgjerdsla. Men Martin Liaskar viste seg som den botnsolide keeperen han er og redda det godt plasserte straffesparket.

Alt i alt ein  greit gjennomført kamp av Sæbø mot botnlaget i divisjonen. Neste kamp er heime mot Stordal førstkomande fredag klokka 19.00, å vi oppmodar alle Hjørundfjordingar om å møte opp å støtte laget.