Kampen åpna jamnt, Emblem slo stort sett longe ballar mot den sterke spissen Yngve Steffensen, men Sæbø forsvaret hadde stort sett bra kontroll. Sæbø kunne tatt leiinga då Svein Ivar Moltu såg at Emblem keeperen sto longt ute, men han klarte såvidt å fiste ballen over å til ein corner. Men ikkje lenge etter gjekk Sæbø opp i 1-0, målet kom på straffespark etter at Moltu blei sprunge overende på vei mot mål, straffa sette han sjøl sikkert i mål.

Omgangen fortsatte med mykje kjemping, men lite finspel frå nokon av laga. Emblem skapte kun småfarligheiter framfor Sæbømålet på cornera og lange innkast. Men like før pause kom likevel utlikninga, målet kom etter at Yngve Steffensen headda eit hjørenspark i mål.

Andre omg starta Emblem best, laget fekk eit visst trykk på mot Sæbø målet, men Sæbø forsvarte seg godt. Men laget klarte ikkje å ta vare på ballen når dei vann den, det blei slått mykje longt å upresist, spelarane blei springande mykje på jakt etter upresise pasningar. Hallvegs ut i omgongen tok Emblem leiinga 2-1, etter at eit frispark frå 22-23 meter blei klinka i mål, utagbart for Martin Liaskar. Dette såg ut til å tende Sæbø spelarane, for no fekk laget tatt meir ned ballen, spelarane gjekk til i duellane, å gradvis tok Sæbø over. Utlikninga kom då  Terje Stokke kom seg fri på sida og kunne servere ballen til Svein Ivar Moltu som enkelt kunne trille inn 2-2. Ikkje lenge etter kunna Emblem igjen tatt leiinga, men Martin Liaskar tok fram sitt aller beste då han redda etter at ein Emblem spelar kom åleine med han. Å når Sverre Børge Hjorthaug ikkje lenge etter blei sendt av bana av ein meget god dommar, etter at han tok ulovlege middel ibruk for å stanse ein spelar med fri bane på veg mot mål, såg det brått værre ut for Sæbø. Då la laget seg litt lavare i bana, Emblem flytta opp mange spelarar på jakt etter vinnarmålet. Dette skulle ikkje vise seg å være eit smart trekk av Emblem, for 5 min før slutt kontra Sæbø, Svein Ivar Moltu blei spelt fri, og åleine med keeper blei han klippt ned, soleklart straffespart. Jubelen var høg på Sæbø stadion då han sjøl satte straffa og keeperen i kvar sitt hjørne. Å ikkje lenge etter måtte ein Emblem spelar sjå det raude kortet etter å ha klippt styggt ned Moltu på vei mot mål.

Ein veldi godt laginnsats av Sæbø, laget viste sterk moral då dei snudde kampen og avgjorde med ein mann mindre på bana. Og Svein Ivar Moltu.. no har han 25 mål så longt i år. På ti kampar!!!!