Grøthaugen 09 038

Jonny og Angsgar i framgrunnen.

Rett over attelega på Moane går turen gjennom ledet og fin veg å gå rett oppover.

Etter ei lita "klivring" over eit gjerde, går råsa på ryggen ved sida av elva til moagjølet.

Grøthaugen 09 040

Angsgar, Ann Helene, Linda, Jonny og Bernt Arve.

Fin utsikt er det nesten heile vegen, iallefall når du kjem opp på ryggen.

Grøthaugen 09 042

AnnHelene hadde med Nanuk, ho drog godt opp farta.

Bodil, Ann Helene, Linda, Jonny og Bernt Arve.

Grøthaugen 09 044

Midt i ei regnbyge kom sola og glitra, dette måtte vi berre forevige, retning Stokkehornet.

Grøthaugen 09 048

Når vi kom opp, var det montering av boks, Jonny har ikkje heilt trua på at kvinnfolk kan dette!

Men med kvinnelist og stirr går det meste an, boksa vart fast.

Grøthaugen 09 049

Me brukte ein time opp, flott utsikt på kort tid!

Jonny, Bernt Arve (skriv i boka) og Ann Helen.

Grøthaugen 09 057

Her eit skrytebilde ta ein flott varde som vi bygde i fjor på måndagsturen hit og ei fast montert boks med bok, så no er det berre å ta tyren nyte utsikta og husk å skrive deg i boka.

Bernt Arve hadde med GPS så no veit vi at Grøthaugen ligg 494 m.o.h.

Grøthaugen 09 058

Så må eg minne om at det er mykje gull i skogane i år , kantarellen er svært stor og fin, dette plukka vi på veg nedatt.

Takk for laget på Grøthaugen!

Neste gong er det Årskogstøylen/Høgereset.

VEL MØTT!