Det har vore Urke-Helg i helga. Eit av høgdepunkta var tur på Haukåssætra. Vi visste at det hadde vorte utført eit forarbeid, men resultatet var høgst usikkert.

Nelly Urke, dagleg leiar på Urke Landhandel, har gode kontakter. Ideen om å servere tradisjonsmaten åfalleringje (Ivar Aasen har med j-en) og flatbrød, vart vidareutvikla.

Nøkkelen for å lage åfalleringe er tette. Det er kulturen - bakteriane - som får mjølka til å "falle ut" og med det dele seg til eit kremaktig, gult topplag med ein smak du ikkje kan samanlikne med noko.

Nelly fekk tak i tette hos Tove Nordang på Norang - og dermed var den delen sikra. Helge L. Urke skaffa rett-frå-spenen-mjølk. Fordelt over 70 porsjonar, to - tre dagar i romtemperatur: Søndag morgon var åfalleringa på plass.

Urkehelg foto 2009 083

Her står åfalleringe i stablar. Råstoff: Tette og nysila mjølk. Sukker på toppen. Resultat: Noko du aldri får kjøpt – takka vere mattilsynet - men som smakar himmelsk.

Kirsti Fiskerstrand og Jorun Urke hadde baka stablar av flatbrødleivar.  Alt gjekk unna.

Urkehelg foto 2009 082

Her går det unna. I framgrunnen står Nelly Urke ,t.v., og Kirsti Fiskerstrand som serverte åfalleringe og heimebaka flatbrød. Fire flate flatbrødleivar var det einaste som var att!

Vi som fekk smake, takkar for smaksopplevinga. Vi veit at tetten er komen tilbake til Urke og er trygt lagra i Nelly sin frysar.