I Kvistaddalen er det kvar sommar mjølking på fellesbeite og i år er der 22 mjølkekyr med budeie som tek seg av det daglege stellet av dyra og ser til at der kjem mjølk i tanken. Som oftast går dette utan noko anna utanom hjelp, men innimellom er det inseminering og litt sjukdom på dyra. I begge tilfella er det oftast veterinær som må tilkallast, utanom enkelte helgar då er det eigen inseminør. Denne helga var det eigen inseminør, men sidan det var sjukdom og langt å køyre så gjorde veterinær alt som skulle til.

Linda Midtgård
Avløysar Linda Midtgård frå Aamås i Åmdalen

 

Når avløysar Linda Midtgård finn ut at det feilar dyra noko og ho må ha assistanse, så ringer ho så langt som råd eigar av dyra, og får ho kontakt, så rådfører  ho seg med dyreigar om kva som skal gjerast, og eigar stiller om han kan i fjøsen i lag med veterinæren. Sist søndag var det tre dyr som måtte ha assistanse, og veterinær vart tilkalla. Veterinæren ringer på førehand til den som skal møte opp i fjøsen og hentar og bringar. Ein service som vi dyreigarane set stor pris på. Ja eg trur i dei fleste tilfella så er forholda så gode  at veterinæren ser på kunden som ein god ven og så snart som frakken og medisinkofferten er opna, vert forholdet veterinær/pasient og dyreeigar. Veterinæren har stor respekt og den medisinske avgjersla som veterinæren gjer, vert følgt utan noko diskusjon.

Ein fast tradisjon som har vore dei siste åra er at som ferievikar til veterinærvakta, i to veker, er det distriktsjef for Mattilsynet på Sunnmøre, Anne Stine Foldal Aam frå Åmdalen som utfører. Søndag var det siste dagen i den årlege sommarjobben til Anne Stine, og sidan det var utsikter til ein heller kort dag så hadde dottera Synnøve Kristiane Amalie Foldal Aam 6 år, fått være med mor si på arbeid.

Synnøve og Anne Stine
Synnøve Kristiane Amalie hjelper mamma Anne Stine med å halde medisinflaska.

Når veterinærbilen med dei to damene kom til gards, vart eg som passasjer beordra  inn i baksete og det var sjølvsagt assistenten som tok seg av. Den unge og oppvakte dama heldt meg med godt og hyggjeleg prat innover dei fire kilometarane som er å køyre til fellesfjøsen, som liggi 5-600 m/o.h. Som dei fleste i Ørsta kommune kjenner til, er mora ein profilert politikar i Ørsta kommune og det var ikkje til å ungå at tanken kom om at her vil nok mora få avløysing i politikken, om kanskje 10 år.

Medan Vet.Anne Stine gjer seg klar for å behandle dyra er det som alltid ein koseleg prat om laust og fast og gjerne litt lokal politikk. Ei spørsmål som berre må kome er:

-  Kva i allverden er det som gjer at du brukar ferien din i Mattilsynet for å reise rundt på bygda å behandle dyr ? Er det ein samanheng med at du må ha ein viss årleg praksis for å kunne kalle deg veterinær?

-  Nei praksisen treng eg ikkje, men det har berre vorte noko eg ser fram til kvart år og eg saknar den kontakta eg hadde med dyreeigarane frå den tida eg praktiserte. Det var så mang ein koseleg prat og ikkje minst å få hjelpe til med sjuke dyr. Det er no det eg har utdanne meg til då.

-  Jamen, reagerar ikkje folk på at når dei treng hjelp så kjem den personen som kanskje mange fryktar då, frå Mattilsynet, som dei fleste set i samanheng med pålegg og restriksjonar?

-  Jau, eg forstår problemstillinga og her må ein trå varsamt og være heilt klar med å ha rette hatten på. Det kan til tider være vanskeleg, men eg kjenner so godt folk og dei kjenner meg, at dette har gått utan problem. Og når ein har ei slik stilling i Staten så er det utruleg fint ein slik fin dag, å få ta med dottera på jobb og køyre opp i ein sætredal og behandle dyr som er tilfredse og har det så fint som eit dyr kan ha det. Samtidigt i dag så er tida romsleg og vi kan være litt privat. Seier veterinær Anne Stine.

 Og du med det flotte namnet,- Synnøve Kristiane Amalie, er det kjekt å køyre veterinærvakt?

-Åja det er kjekt og eg har med mat viss det skulle trenge. Vi har mange dyr heime sjølve, så dyr er eg vant med og kan ein del om.

(Synnøve kunne både om hjarte og kjærleik, så her vart det litt mykje for meg på ein gong. )

 -Veit du det at vi har ein flott stein heim i vegen som vi kallar Hjartesteinen og den kan eg vise deg dersom du får mamma til å stoppe. Skal vi det?

-  Åja det vil eg, seier Synnøve.

Hjartesteinen
”Hjartestein det betyr kjærleikstein det mamma” Det måtte berre mamma
 bekrefte var tilfelle, til Synnøve

- Nokre minutt stopp var ikkje problem på heimatturen og kommentaren frå Synnøve når ho såg steinen var at: ”Hjartestein det betyr kjærleikstein det mamma” Det måtte berre mamma bekrefte var tilfelle.
Steinen var ein  viktig milepæl for jentene som var på sætra før og kor mange forlovelser som har vorte inngått på denne steinen, er nok ei historie som vi aldri får vite alt om, men kanskje vi kan nå tak i ved eit seinare høve, nokon av dei som hugsar og kan fortelje frå sætretida i Kvistaddalen.

Eit inntrykk vi har i dag, er at i mange viktige posisjonar finn vi fleirtal av kvinner i omsorgstillingar og å ta vare på dei mjuke verdiane rundt oss. Her i sætredrifta har vi kvinneleg avløysar og når vi ringer veterinær så kjem ei kvinne. Ringer vi bla.Landbrukssjef, Fylkeslandbruksdirektør og  Mattilsyn så treff vi kvinner. Ikkje minst er kvinnene framtredne i det frivillige arbeidet med å lime bygda saman, og dette er ikkje noko nytt, for slik har vore til alle tider.

Men om vi har mange kvinner rundt oss, så er frå måndag karane på plass att  på veterinærvakta, og då skal familien Foldal Aam feriere ilag, heime med seg sjølve.