Årets Sæbø cup viste seg etter kvart å bli svært spennande ang den siste finale plassen etter suverene Åmdal, som vann alle sine innleiande kampar. Den avgjerdande kampen var mellom Ørsta og Sæbø, og med siger ville Sæbø snyte storebror for finalen då innbyrdes oppgjær tel ved poenglikheit. Sæbø leia både 1-0 og 2-1, men to minutt før slutt kom utlikninga som sikra finalebilletten for Ørsta.

Finalen viste seg ganske tidlig å bli svært lite spennande. Allereide etter få minutt spel blei Åmdal sin toppscorar Bjørn Ove Strand utvist etter å ha slengt med leppa mot dommar Jan Erik Myklebust. Med ein mann mindre klarte ikkje Åmdal å henge med, å sluttresultatet enda med heile 9-0 til Ørsta. Espen Standal brukte annledninga godt då han putta heile 5 ballar bak Åmdal keeper Torbjørn Sande. Med dette passerte han Svein Ivar Moltu på scoringstabellen, Standal enda opp med 7 mål totalt, mens Moltu måtte nøye seg med "berre" seks.  Men Svein Ivar Moltu revansjerte seg på premieutdelinga då han blei kåra til turneringa sin beste spelar. Med mål i alle kampane og ellers svært godt spel, var utmerkinga svært fortjent.