Aktive Fredsreiser seier at turen vil gi deg:

Kunnskap
om konflikter og de lidelser en totalitær tankegang kan føre til

Forståelse
for hvor viktig det er å motarbeide holdninger som ikke er basert på menneskers likeverd

Ansvar
slik at du kjenner igjen de kreftene som truer demokratier

Intigritet
Som gir kraft og vilje til å ta personlig ansvar i stedet for bare å se på

Fellesskap
med andre elever, i en sammenheng der hver enkelt må bidra for at verden skal bli bedre

Opplevelser
av andre land og kulturer, men også en reise i ditt eget indre

 

Etter å ha sett og følt på korleis det var i utryddelsesleiren Birkenu vart dette ein litt annan oppleving. Sjølv om også her var grusomt så var førsteinntrykket at her var eit aldri så lite håp og ikkje slett så kummerleg forhold.

 

kl 10tur 73

Auschwitz I var ein arbeidsleir der inntil 20 000 fangar var stuva saman.

 

kl 10tur 11

Gift og elekrisk piggtråd pluss vakthald overalt. Ikkje lett å rømme herifrå nei!

 

kl 10tur 30

Elekrisk piggtråd var her iallefall mykje av.
Og etterkvart som guiden fortalte kom alvoret fort fram!

 

kl 10tur 79

Blokkene låg tett og bestod av 28 bygningar. I 1942 var her 20 000 fangar. Dei fleste var jødar, men her var også sigøynarar, homofile, politisk kristne og kriminelle.

 

Klassa 1

Heile klassa framfor porten der fangane kvar morgen vart ført ut gjennom for å gå på arbeid. Det "frigjerande" arbeidet, der arbeidsdagen var på 12 timar, var hardt og risikofylt og mange døde.

Bak f.v. Henning Solvåg, Martin Dimmen, Karl-Erik Sæbønes, Jon-Martin Mo, Tommy Midtflå, Martin Luan Håndlykken og Bjørnar Holen.
Framme f.v. Rakel Frøland, Rebekka Skylstad, Emilie Cathrin Skår Ville, Else Marie Stokke, Hanne Stokke og Anita Hurlen Aklestad.

 

 

 kl 10tur 45

Guiden var den same som i Birkenau, ho var dyktig og hadde vår fulle oppmerksomheit!

 


fangar


Når ein ser på bilda som heng på veggen inne ser ein at dei fleste som kom hit berre overlevde 2-6 månadar.

 

kl 10tur 31

Eit heilt rom i Blokk 12 fullt av koffertar som eigarane trudde dei skulle få att når dei reiste heim.
Alt fangane hadde med når dei kom inn vart teke frå dei, verdigjenstandar, sko, klede, koppar og kar. Ingenting fekk dei behalde og dei fleste fekk heller aldri meir bruk for det.

 

kl 10tur 32

Eit hav av børster og barberkostar som eigarane måtte levere frå seg. Endatil håret vart barbert av dei og sendt til Tyskland for å brukast i industrien for å lage det finaste tøy og etter at fangar var drepne, tok dei ut gullfyllingar i tennene.

 

kl 10tur 80

Bak galgen her ligg gasskammeret med krematorie delvis under jorda.

Dei fangane som ikkje skulle utryddast med ein gong, fekk tatovert inn fangenrummer på venstre underarm.
Dei som ikkje vart godkjent arbeidsdyktige gikk rett i gasskammera..

Krematoriet i Auschwitz I hadde "berre" kapasitet til å brenne 350 lik i døgnet så mange av fangane her vart frakta til Birkenau for gassing og brenning der.

kl 10tur 81

I Auschwitz I vart det i 1942-43 brukt over 20 000 kilo Zyklon B i gasskammera. I følge leirkommandant Rudolf Høss, trengtes det 5-7 kilo for å drepe 1 500 mennesker..
Zyklon B vart dryssa ned igjennom ventilane på gasskammera for så å bli skrudd att. Dette var ein gass som kvelte fangane etter ca. 15-20 minutt.

kl 10tur 74      kl 10tur 75

Blokk 11, også kalt "dødsblokka". I denne blokka vart avstraffingane gjorde og i kjellaren var celler for forskjellege avstraffingsmetodar.
Kvar av dei 28 blokkene innheld mange menneskeskjebner der mykje aldri kom fram i lyset og vart begreve saman med dei som utførte ugjerningane.

 

kl 10tur 78

Dødsmuren eller "skytemuren"  låg mellom blokk 10 og blokk 11.
Blokk 10 hadde skodder for vindauga for å hindre fangane i å sjå kva som skjedde i blokk 11.

 

kl 10tur 76


Øystein informerar før Rebekka las dikt mens Susanne frå Flåtestad la ned blomar framfor "skytemuren" der tusenvis av fangar blei skotne, oftast utan nokon spesiell grunn, kanskje berre for å underhalde offiserar på vakt!

 

kl 10tur 33     kl 10tur 77

Ingemund la ned ei rose for 11-åringen Jan som blei hengd her men som var altfor lett og difor vart teken ned att og skoten.

Heile dagen gjekk med til å besøke fangeleirane og vi var fulle av inntrykk om  menneskesyn, mangel på respekt, grådigheit og grusomheiter!

 Fortsettelsen kjem i morga. Då skal vi til saltgruvene i Wieliczka.