Eit yngre par, med kjærleik i blikket, sat på romansebenken ikkje langt frå Gunnar-råsa då underteikna kom forbi, men  straks  fotoapparatet kom fram var dei med eitt vekke som dogg for sola. Kanskje hadde friaren allereie fått sitt ja?

Ok, det er vel ikkje sikkert at nokon av dei to hadde fria og heller ikkje er det sikkert at den omtalte benken er nokon ja-benk, men ein hjartebenk er det - utan tvil - berre sjå under.

017 - Kopi 016 - Kopi

Det yngre paret hadde følgt oppfordringa og gått opp til romansebenken, men dei sette nok ikkje pris på ein fotograf som uroa dei.  Men med slik ei utsikt vil vel alle som prøver seg med eit frieri få ja?

Gunnar-råsa oppover til Storenakken ca. 540 meter ovanfor Rise, er svært så godt merka og på veg gjennom granskogen og seinare opp lauvskogen møter ein i tillegg på kjekk informasjon.  Vi får m.a. vite at der ligg den gamle brønnen til Sæbøfolket og når vi etter ca. 200 høgdemeter oppdagar at vi har lagt i veg i eit for optimistisk tempo og sveitten svir i augene, finn vi plutseleg ein fin kvilesess med innlagt vatn.

Så er det berre å legge i veg igjen straks pulsen har roa seg og ikkje lenge etter får vi vite at ei spesiell av mange graner har ein verdi på kr. 110,-. Kanskje ikkje den heilt store sumen, men når ein ser at det er svært mange graner rundt om og mange er større så vert det snakk om pengar likevel.  Om nokon skulle lure; råsbyggaren Gunnar Stokke har fått taksert denne spesielle grana på fagmessig vis.

027_kopi 2

Så er vi komne opp til 370 m over havet og opp til trimposten til Sæbø IL.  Utsikta er god, men likvel er det godt å ha tre å gå under når regnbygen held oss med selskap.  Trimboka får sjølvsagt ca. 30 nye oppføringar.

Om det har blitt ein trend å trimme meir, gå meir på tur, så har denne trenden kome til Sæbø og Bondalen.  Og  Bodil Skare og Gunnar Stokke må ta mykje av æra for dette.  Sæbø IL si trimgruppe med Bodil Skare i spissen har no i eit par års tid arrangert måndagsturar i sommarhalvåret.  Damene - for det har for det meste vore damer - har gått desse turane kvar måndag i regn og sol.  Mest regn forresten. - Som oftast vert vi velsigna med ei god regnbyge, humrar Bodil.  Likevel vert gjerne desse turana avslutta med eit bad i sjøen. - Flotten likar ikkje sjøvatn, forklarer damene.

Til helga skal Stranda turlag til topps på Dalgubben. Dei meiner at beste starten på turen er Gunnar-råsa

Som folk flest forstår er Gunnar-råsa oppkalla etter råsbyggaren Gunnar Stokke.  Heilt på eiga hand har denne herren laga ei flott rås med eig godt underlag opp gjennom granskogen, vidare opp gjennom bjørkeskogen, over Skondalen og til slutt opp til Storenakken ovanfor Rise.  Gunnar har brukt- og brukar utruleg mykje tid på å lage denne råsa og ikkje minst gjere den betre.  Han set opp informasjonsskilt, han brukar øks og sag og småljåen må også vere med når gras og ormegras vert for høgt.  Råsa har i desse dagar eittårs-jubileum. Det er eitt år sidan den offisielle opninga og korleis kan ein markere dette på betre vis enn ein måndagstur i samarbeid med den pågåande Naturfestivalen i Ørsta?  Før vi starta dagens tur hadde Bodil og Gunnar elles ein liten samtale om råsa.  Og ein ting er i alle høve sikker: Gunnar-råsa har blitt utruleg populær for dei som vil trimme.

035 - Kopi

Turgåing har blitt ein trend også på Sæbø og i Bondalen - takka vere m.a. Bodil Skare og Gunnar Stokke.

Det må også nemnast at det heilt sikkert er Hilde Sæbønes som oftast nyttar seg av Gunnar-råsa på spinnesida.  Ho kunne  ikkje vere med på måndagsturen i dag p.g.a. ein viktig fotballkamp i Ålesund, men Hilde fekk i alle høve med seg ein trur på Grøttdalstinden før avreise.  Anders  Holen er nok ikkje like suveren på herresida, men også han brukar råsa ofte.  NB:  Ikkje la deg lure av at Anders har passert dei 80 - råsa er bratt og får mange til å hive etter pusten på veg oppover.

Frå november 08 og fram til i dag er det notert heile 800 turar i trimboka på 370 m.o.h

Ei snøfonn, eller kanskje fonnvinden frå fonna, som gjekk ned Knutsgjelet rundt juletider i vinter har gjeve Gunnar mykje ekstraarbeid.  Overraskande mykje heller stor bjørkeskog gjekk med og gjorde råsa eit stykke nærast uframkomeleg.  Men Gunnar har rydda opp og aldri så gale at det ikkje er godt for noko:  Utsikta frå trimposten på 370 m.o.h. har blitt langt betre enn den var.

Så er det berre å legge i veg vidare oppover også for oss etternølarane.  Dei yngste har nok allereie kome opp til Storenakken.

039

Vått i Skondalen, men takka vere tempoet held ein temperaturen oppe.  Ann-Helen Urkegjerde t.h., Annette Brøkker frå Bielefeldt og Tyskland t.v.  Annette ferierer no på 28. året på rad på Sæbø.  (Ho og familien har vore her eit par juler også)

046

500-meters merket er passert og Storenakken er nådd.  Mor og son Dimmen - Elisabeth og Eivind t.v., Wenche Strand i midten og Dagny Riise Heggestad til høgre.  Ut på tur i regn og uvêr, men aldri sur, må vere parolen her.

054 - Kopi

Nærast alle dei ca. 30 startande nådde Storenakken måndagskvelden.  Kanskje ikkje den turen som går høgast opp i regi av Naturfestivalen dette året, men truleg med dei blidaste deltakarane.

059 - Kopi

Så har nedoverturen starta.  Vi kjenner att Bondalen.

Når ein tillet seg å tenkje nokre år attende, mange år for oss som er tørre bak øyra, så må det nok vedgåast at ein kunne ha fått med seg meir kunnskap i ikkje så få skuletimar.  Men det er ikkje så farleg når ein turleiar som Bodil Skare auser av kunnskapen sin til oss andre.  Visste du at firkantperikum - den gule blomen du veit - er ei svært så viktig plante?  Tek du ein knupp og gnir den mellom fingrane vert fingrane blålilla.  Dei same knuppane brukar Bodil å tørke.  Etter tørkinga har ho dei opp i ei flaske med noko sterkt i saman med  andre krydderplanter (oppskrifta er sjølvsagt hemmeleg) og vips - så har ho ein smakfull drykk med det velklingande namnet hirkum pirkum.  Hirkum pirkum skal visstnok  vere godt for både det eine og andre. 

Det skal visst vere fare for lysallergi dersom du et for mange av desse tørka knuppane når du solar deg, men nyt du drykken rundt juletider skal ikkje faren for slik allergi vere særleg stor - i alle høve ikkje for dei av oss som bur på skuggesida. Ein av turdeltakarane, som ynskjer å vere anonym, kunne i tillegg opplyse at firkantperikum skulle vere godt for underlivet og gje fin hud.  Så veit vi det.  Forresten - igjen, de som likar å høyre på visa "Øppna landksap" av svenske Ulf Lundell, kjenner sikker denne planten betre som Johannesurt.

Men på denne turen kunne Bodil også vise for mange av oss ein ny bærsort.  Bæra veks på lange stenglar - tæger, men kva heiter desse bæra?  Det får vere dagens quiz.

065 - Kopi 068 - Kopi

Kva heiter desse bæra, bæra som veks på lange stilkar?  Dette er dagens quiz frå turleiar Bodil.

Og vi var alle samde om at det var ein gild tur.  Takk for turen.

P.s.:  Tydelegvis er ikkje alle like begeistra for firkantperikum/johannesurt.  I dag fekk eg ein e-post med ei viss åtvaring. Les sjølv her.

d.s.