J 16 Åmdal/Sæbø/Ørsta/Vartdal samlar inn brukte mobiltelefonar for miljøet.

For kvar mobil vi samlar inn planter Røde Kors 25 tre i Asia. Difor kan din gamle mobil kome andre til gode.

Som eit ledd i klimasatsinga har Telenor lansert ei løysing for gjenbruk og gjenvinning av gamle mobilar. Telenor gir alle Norway Cup-lag muligheit til å tene pengar ved å samle inn brukte mobilar for miljøet.
Alt innhald på alle mobilar som kjem inn blir sletta.

Jentene stiller opp og samlar inn på desse plassane torsdag og fredag denne veka:

Amfi ved Coop                    kl 12-16
Eurospar Ørsta                    kl 16-18
Skipsens på Vartdal             kl 16-18

Bellingen på Sæbø                   kl 16-18

For deg som handlar på andre tider står det desse dagane ute kasser å legge din gamle mobiltelefon i.

Nokre av jentene er med på Norway Cup for fjerde året, mens nokre er med for første gong. Roger Holen trenar jentene som i år er eit samarbeidslag mellom Åmdal, Sæbø, Ørsta og Vartdal.
Vi reiser tidleg laurdag morgon og ser fram til ei kjekk og spennande veke i Oslo med mykje fotball og andre opplevingar. Tusenfryd kanskje..

På forhand takk for støtta!

Mari-Anne Bjørdal