Eg har av fleire høyrt at det var murrestar etter eit sel/gjætarhytte i Saudedalen, og målet for turen var å finne desse murrestane samt få ei oversikt over heile gjætarområdet til Trefot-Jo. Bente Skår var kjentkvinne for turen, og ho hadde tantebarnet, Ann Kristin Skår, med seg. Lisjebroren min, Sveinung, hadde også masa seg med på ekspedisjonen. Maritim leiar for turen var nabo Jostein Koppen som hadde i oppgåve å leie gruppa trygt inn og på land ved Grønhola like utafor Lisjeskåradalen.

Instegylet09 004

Skipper Jostein Koppen (i midten) har stukke ut kurs, og ekspedisjonen kan starte. Han er flankert av Sveinung Walseth og Bente Skår

Blikkande still fjord gjorde ilandstigninga problemfri, og så starta turen skrått inn mot Lisjedalen gjennom ein hasselskog. Vi kom raskt fram til Lisjedals-støylen der Skår før hadde kyrne tidleg vår og seinhaustes. Her har mor, Ella f. Skår, mang ein gong mjølka Skårakyrne, Etterpå var det å bere mjølka heim.

Instegylet09 006 

Murrestar frå Lisjedalsstøylen

Lisjedalen har dei seinare åra vore godt beitt av geitene frå fellesfjøsen på Skår. og dei veit å halde skogen nede. Dette året er det første året denne fjøsen står tom. Men framleis er Lisjedalen lett framkomeleg, men utan geiter grør det nok raskt att. Snart er dette eit villnis, naturen har teke området attende. Så råder hjorten åleine grunnen.

I god fart går vi mot øvste Lisjedalen. Vi passerer eit område som er kalla Jamna. Ja, ein kan vel trygt slå fast at spesielt  jamnt er det ikkje, men skårafolket har likevel funne området flatt nok til namnet. Hugsar at mor  har fortalt at dei oftast måtte hente kyrne på Jamna når dei skulle mjølkast. Øvst i Lisjedalen hadde Hustadgardane beiterett, og i dette terrenget var nok Hustadgjætaren Trefot-Jo ofte.

Instegylet09 007

Brått aula det med rev i ei steinur.

Eit nysjerrig revefjes dukka opp. Litt etter pilte neste reveunge mellom steinane. Ei stund såg det ut som dei aula fram overalt. Eg meiner eg på det meste kunne sjå 6 revar/reveungar. Sveinung som slit litt med raske rørsler meinte at det maksimalt var fire, og at eg brukte fiskemålet mitt. Eit koseleg møte med var det i alle høve.

Instegylet09 010 

 Ann Kristin Skår viser lett turterreng på Jamna på nordsida av elva i Lisjedalen. I  bakgrunnen kjemper Sveinung.

Bente sa frå når vi skulle starte kryssinga opp mot nedste Lisjedalsnakkane. Her var tett ormetelgmark, glatt og vanskeleg å fote seg. I periodar gjekk vi nesten rett opp. Stundom dukka det opp stigar/dyretråkk som vi følgde. Eitt og anna almetre innimellom bjørka og tuver med alveld (romegras). Det var absolutt krevande å brøyte seg fram. Vi kjende stundom auge som følgde med ferda vår, ferske hjorteparlar, nytrakka spor frå klauvdyr. Endeleg kom vi opp på nedste Lisjedalsnakken og ei fantastisk utsikt var løna.

 

IMG_0379

Bente med panoramautsikt over Hjørundfjord.

Solrike sommardagar med spegelblank fjord. Dette måtte vere den ultimate oppleving for Trefot-Jo. På fjorden kunne han følgje båtar og tydde kva det galdt. Til kyrkje i glede eller sorg. Friarar som sakte gleid langs land i skumringstimen, eller eit kastenotlag med rop og latter etter ørreten. Dette var underhaldning som gledde. Verre var det nok i sur sørvest med regn og vind når bjørnen brølte eller ein ulveflokk ylte mot månen. Då var det ikkje greitt å vere einfota med ansvar over Hustad-sauene, og ein berre kunne hjelpe seg med tende neverkyndela og eiga hauking. Trefot-Jo var ikkje kjend som jeger. Forresten var kommunikasjonen visstnok så god den kunne vere. Trefot-Jo skulle ha ei bukkeskinnstromme og med denne kunne han tromme etter hjelp. Oldefar min, Jetmund Samuel f.1840 er referert på at han ein gong som barn hugsa at Trefot-Jo slo på tromma. Då galdt det i ei handvending å skaffe mannskap og gjere ende på fe-dreparane.

Turen oppetter Nakkane mot Saudedalen var den traudigaste, men også den desidert vakraste delen av turen. Utsikta var overalt utruleg - vilt og luftig.. I heile området var det tett av hjortegroper - Ja, dette må vere det nærmaste ein kjem eit spa-hotell for hjort. På den eine sida såg vi ned i den vegetasjonsrike nordsida av Lisjedalen. På den andre sida låg Ofargylet bratt og nesten utan skogvekst.

Instegylet09 015

På Lisjedalsnakkane. Vi nærmar oss Trefot-Jo sitt rike.  T.h. ser vi øvste delen av  Ofargylet. I bakgrunnen ser vi dei ypparlege beita i Saudedalen.

No byrja kreftene å ta slutt med meg medan særleg Sveinung og Ann Kristin såg uforskamma spreke ut enno. Men eg ante løna nærma seg, fullt oversyn over Saudedalen og tuftene etter gjætarhytta, for sel kunne dette neppe ha vore. Nokre munnfullar med vatn, og kroppen var klar til eit siste krafttak. På toppen av den siste av Lisjedalsnakkane....og der like nedafor låg tuftene.

IMG_0387

Endeleg får eg rusle rundt i murrestane med døropninga mot nordvest, men soga til steinane kjenner ingen. Ein gong overnatta dei første med ukjent oppgåve her i fjellheimen.

Sist eg vitja Hjørundfjordheimen, snakka eg med tante Jenny på 95 år som ofte hadde ansvaret for Skårabuskapen i Lisjedalen. Ho kjende til Trefot-Jo og sa straks:"Trefot-Jo var karen som gjætte Hustadsauene i Saudedalen."

IMG_0396

Saudedalen. Til venstre ser vi fremste delen av Lisjedalen der Hustadsauene ofte beitte. Like nedanfor der Bente står, renn Saudedalselva der det ein gong var ein vasshammar for å skræme udyra

Det er fortalt at når sauene vart salthungrige, så gjekk dei ned Lisjedalen og til sjøss for å drikke saltvatn. På vegen til fjells att, rova dei til seg av det gode graset på Lisjedals-støylen. Dette likte Skåra-karane dårleg, og det enda med at Hustadgardane måtte gje frå seg eit område til Skår. På dette området, truleg Lisjedalsnakkane,  stod ein vakker furuskog og den ville Hustadkarane berge. Trea vart felte, og plasserte øvst i Ofargylet for at snøskred frå Ofargylet skulle transportere tømmeret til fjords. Alt gjekk etter planen, bortsett frå at snøfonna var så stor at tømmeret vart knust til pinneved. Overnatta tømmerhoggarane i gjætarhytta/tømmerhytta?

Instegylet09 021

Matrast og moro med sjølvutløysar i tufta. Logistikken var nok ei utfording i større grad før enn no. Det vert fortalt at Trefot-Jo fekk ei spann med surmjølk, flatbrød og boknasild kvar fjortande dag. Denne vart rodd inn og avlevert på Viddalsnasa på nordsida av Ofargylet av Hustadkarane (Anders Hustadnes). Eg hadde med meg kald, steikt storsei, men ingen av ekspedisjonsdeltakarane tok mot eit velvilljug tilbod. Dei baud derimot på sjokolade - absolutt ikkje i Trefot-Jo si ånd, vil eg tru.

Det vart unekteleg snakka litt om Trefot-Jo under turen. Anders Hustadnes brukte namnet Trefot-Pe om gjætaren. Han fortalde at han gjekk opp Purkeflåa og inn i Strikedalsfloget på nordsida av Ofargylet. Ved eit utoverheng i Strikedalsfloget hadde han ei lauvhytte. Det heittest at han då passa bukkar. Turen opp Purkeflåa for ein einfota mann må ha vore ei formidabel kraftprøve. Det er semje om at han budde i Hustadvika, og Arnold Hustad fann også ut at dette kunne vere ein kar som opphaveleg kom frå Maude (såvidt eg hugsar). Han skreiv for ein del år sidan ein svært interessant artikkel om gjætaren i Sunnmørsposten. Ein gong snøa han inne. Han kom seg ned i fjøra og varskudde nokre Leira-karar som rodde forbi. Skårakarane frakta den forkomne karen til Hustadvika. Det vert også sagt at løna han fekk etter endt gjætarsesong var ein nyspikka trefot.  Instegylet09 014

Ann Kristin kikar over mot Purkeflå. På nordsida av den ligg Strikedalsfloget der Trefot-Pe hadde lauvhytte.

Turen heimatt gjekk smertefritt, sjølv om vi hadde visse problem med å finne råsa ned frå nedste Lisjedalsnakken. Skarpøygde Sveinung glimta til med korrekt observasjon. Ved Grønhola dukka Jostein opp med "Tobias" og med sedvanleg godt sjømannskap smatt han inn mot land mellom to vindrosser og berga ekspedisjonen om bord. Kursen vart sett mot Sæbø-hamna.Instegylet09 025

Kjølvatnet etter "Tobias". Vi forlet Trefot-Jo-land for denne gong.Turen ruska også opp i trøytte hjerneceller.

Planane om ei Hjørundfjordrås er absolutt interessant. No er det vel rett å seie at det mange stadar er liten tradisjon for å gå langs land i Hjørundfjord. Turen Skår-Hustadneset langs fjorden er det berre eit fåtal som har gjort. Ikkje ein gong friarar tok denne vegen. Dei rodde eller gjekk over fjella, og heilt ufarleg vil ei slik rås langs fjorden neppe bli. Under Brattestrikane går det ofte steinsprang, og sleipe svæder i bratt terreng fristar ikkje. Over fjella var det meir vanleg å gå. Turen frå Hustadneset -Hustadnestua-skrått opp Lisjehornet- over Råmannsgylet og ned i Saudedalen kjenner Hustadkarane godt. Jon Urkegjerde er m.a. lokalkjend i dette terrenget. Vegen vidare ned Lisjedalen har vi nettopp gått, og for ein tur !! Kanskje skulle ein heidre Trefot-Jo - denne slitets adelsmann? Hjørundfjord-råsa kan gå om gjætarhytta i Saudedalen. Det er eit lett helikopterlyft å frake ei lita gjætarhytte på 2,6 m x 2,6m. Thomas Hustad kan lage ein truverdig kopi. Ein trist observasjon til slutt. Ikkje eit einaste beitande husdyr var å sjå i dette flotte beiteområdet.