Naturfestivalen har dei siste åra har vorte meir og meir populær. Målestjinga for festivalen er å få folk ut av godstolen og nytte aktivitetane til å kome seg ut og oppleve naturen sosialt saman med andre. Mest kjend er nok motbakkeløpet Saudehornet Rett Opp, som har trekt mange ivrige løparar og mosjonistar til Ørsta. Rett nok er ikkje alle tilstellingane av ein slik tøff kaliber, men ein kan oppleve alt frå luftige tindenålsturar med SunAlp til flotte opplevingar med til dømes båten Hindholmen.

Under årsmøtet for Naturfestivalen i februar kom det fram tips om nye aktivitetar, og blant dei frammøtte kom det mange gode forslag. Eit av dei var Den Store Rundturen, ein alt-i-eitt-tur der ein får oppleve mange smakebitar av Sunnmøre som ein elles ikkje ville klart på ein vanleg dag.

Målet for rundturen er nettopp å få sjå og oppleve mest mogleg av den vakre naturen Sunnmøre har og by på på ein fullpakka dag. Med Hjørundfjorden, Norangsdalen, Tyssedalen og Bjørke som ingrediensar er bordet dekka til ein framifrå oppleving.

View-from-Horn(2)

Tyssevatnet(under) og Hjørundfjorden(bak) sett frå Hornindalsrokken 1529 moh. Vi ser delar av ruta som vil bli gått under Naturfestivalen.  

Den store rundturen går av stabelen torsdag 30 juli. Den startar med ferje frå Sæbø til Leknes, der ifrå med buss gjennom Norangsdalen tidleg om morgonen. Her får turfølget ein forsmak på den sunnmørske naturen, med Hotell Union Øye og Lygnstøylvatnet som nokre attraksjonar, før bussen stoppar på Fivelstadhaugen. Litt organisering og orientering vil bli gjort før turen går vidare til fots mot Urdbakken, høgste punkt på den gamle overgangsråsa til Bjørke. Frå Urdbakken går følget ned til det flotte Tyssevatnet med Tyssenaustet, medan omkringliggande tindar som Hornindalsrokken, Kvitegga og Bjørkehornet følgjer spent med. Ved Tyssenaustet vil det bli lagt inn ei lengre matpause, før turen går vidare ned Bjørkeråsa til Bjørke.

Bjørke

Dei indre delane av Hjørundfjorden er vel verdt eit besøk.

På Bjørke vil ein få kunne kjøpt sveler, kaffi, is og brus på den populære handverkskafeen. Turen er slett ikkje over enno, tvert i mot, den har nærma seg eit klimaks. På Tussakaia vil M/S Hjørundfjord stå å vente på dei slitne turgåarane som skal frakte dei attende til Sæbø. Det vil bli ein uforgløymeleg båttur gjennom Revet mellom Kalneset og Finnes, vidare under det frykta fjellet Otåla, og vel attende til Sæbø. Dette er ein rundtur du seint vil gløyme...

Informasjon om turen(henta frå heimesida til Naturfestivalen):

- Ferje frå Sæbø 0815.
- Buss frå Leknes til Fivelstad.
- Frå Fivelstad går turen vidare til fots i spennande terreng over Fivelstadhaugen til Tyssedalen, og i majestetiske omgjevnader hamnar ein på Bjørke inst i Hjørundfjorden.
Her blir det ein matbit medan ein ventar på hurtigbåten attende til Sæbø.
- Avreise frå Bjørke kl 1800.

Dette er ein tung tur som krev gode sko og dagstursekk med ekstra skift, ytterklede, niste og drikke.

Turleiarar vert Jarle Myklebust, Håvard Myklebust og Hildegunn Mork.

Pris inkludert buss frå Leknes til Fivelstad og båt frå Bjørke til Sæbø kr 350,- per pers.

Påmelding til 70 06 85 18 eller info@orstainfo.no seinast tysdag 28. juli.

De kan lese meir på www.naturfestivalen.no

                                                                                    God tur!