Dei to siste, Samdegarden og Olagarden, ligg litt utanfor høgre kant på biletet under. Mine foreldre overtok Ramogarden i 1947, der eg voks opp og kan med ei viss erfaring uttale meg litt om å bu i eit klyngetun. Vi brukte aldri det uttrykket. Vi sa berre "nede i garden" og det var samnamnet på dei fem gardane.

Tunet på Ytre-Urke

Frå v.: Ramogarden nærast, Hansgarden bakanfor (huset med to skorsteinar) med endeveggen til løa. Jensagarden til høgre med løe, stabburet midt i tunet og våningshuset. Ramostabburet nærast t.h. Dette stabburet var opprinneleg sakristiet i gamlekyrkja. Heilt i ytre, høgre biletkant ser ein litt i huset i Samdegarden. Olagarden viser ikkje på biletet.

Eg har fått titta i tante Olufine Urke sin album. Der fann eg nyleg dette biletet. Årstalet er truleg 1946. Bygging av vegen mot Leknes er ikkje oppstarta etter krigen. Vegen vart avslutta i 1940 ved Ramostabburet. Murane til venstre for løa er delvis på plass. Det lafta stabburet vart flytta til desse murane. Først når det var fjerna, vart Leknesvegen påbegynt, men ferdig først i 1954. Gamlehuset i Ramogarden var frå ca. 1905, det same som i Jensagarden og Samdegarden. I dag hadde vi kalla desse tre for typehus.

Bustadhuset i Hansgarden, som vart bygt i 1926, brann heilt ned i 1956. Dei tre løene vart bygde i 30-åra. Jensastabburet ser vi midt i tunet. Først på 80-talet vart det rive.

Dei fem gardane som låg så nær kvarandre i husplassering, hadde bøane sine spreidde på ulike teigar i ganske stor avstand frå hus og løe. Dette blir kalla teigblanding og det er minussida med ordninga med å bu i klynge.

Fellestiltaka på dei fem gardane på Ytre-Urke  var, slik eg hugsar det:

1. Bygging av eige kraftverk, først i 1924, flytting og nytt kraftverk i 1934/35. Passinga av verket gjekk på turnus mellom dei fem gardbrukarane.

2. Felles mjølketransport til kaia kvar morgon i halv sju-tida. Turnus ei veke - same som kraftverkpassinga.

3. Felles posthenting for alle fem gardane på posthuset på Indre-Urke slik at posten vart lagt ut i kjellaren i Jensagarden. Nokre av kvinnene abonnerte på ulike vekeblad med bytedag midt i veka. 

4. Så langt det var råd, hadde ein felles brønn og vassleidninga til kvart tun.

Når ungane skulle leike, var det kort veg til næraste leikekamerat. Julekvelden vart avslutta med at vi borna gjekk rundt juletreet i dei fem gardane. Eg kan ikkje minnast usemje eller uvenskap mellom brukarane og resten av folket på Ytre-Urke.