Det er 3. året på rad folk med ei eller annan form for tilknytning til Urkebygda samlast. Mellom 200 og 400 har møtt på dei tidlegare tilskipingane. Vi veit ingen ting om kor mange som kjem i år fordi det er ingen påmelding eller inngangspengar - alt går på frivillig dugnad. Urke Grendalag er nok ein gong arrangør.

Eit svart-kvit bilete frå 1950-åra er vignett for Urke-Helg og skal vere kjend.

Urke Helg 09 -tekst

                    Frå Skarane mot Indre Urke, Norangsfjorden, Slogen og Skruen.

I samband med Urke-Helg brukar det å vere folksamt i bygda. "Der det er hjarterom, er det husrom", er eit gangbart prinsipp. Kvar syter for overnatting og eigen mat. Unntaket er kveldsarrangementet laurdag på Grendahuset der det vert høve til å få kjøpt noko å bite i.

Urke frå Stennes

Her er eit bilete frå Stenes over mot Urke - ein uvanleg vinkel å sjå bygda.

Programmet skal kaste lys over bygdehistorie mellom anna om handelsverksemdene i bygda. Difor startar bygdevandringa nettopp frå butikkområdet laurdag kl. 12. Men vi skal og inn om bruhistoria, vi skal inspisere Iver-kvernhuset, Nilsastabburet og naust, garnsetting og ein gammal færing. Kaiområdet har si eiga historie om gravhaugar, kaibygging og småbåthamna. Dei yngste får nok høve til å delta i fiskekonkurranse frå kaiene.

Urke landhandel 006

Desse to veit kva det vil seie å drive landhandel. Sigvart (1917-95) og Olufine Urke dreiv S.J.Urkes Eftf. i 44 år - utan ferie. Dette biletet er teke etter dei hadde overlate butikken til nye eigarar og er klar til å reise på vel fortent ferie.

Programmet for søndagen er framleis ei hemmeligheit i detaljane. Det har vore steikt flatbrød og det har vore leita etter tettegras for å få rette syrningsstoffet til rjomeringe. Resultatet er ikkje heilt avdekt av underteikna. Men det er altså på Haukåssætra dette skal skje.

Sætra3

Haukåssætra: Åtte restaurerte sel i to rekkjer. Her vert deler av  NRK-filmen "Den store hesteferda" teken opp .

 Vi seier vel møtt til Urke-Helg 2009!