Hustadneset.

Hustadneset juli08
Hustadneset ligg flott til og er noko som alle legg merke til når dei
kryssar fjorden. Garden har store hytter til utleige.

Turen gjekk fyrst til Hustadneset og der møtte vi dei nye brukarane som var i full gong med slåtten.

Anders Hustadnes d.y.(28) og Sølvi Viddal(27) har gjort ein del oppussing og flytta inn i gamlehuset på garden, og Hustadneset har dermed fått nye brukarar som kan ta vare på den velstelte garden som er ei perle i Hjørundfjorden. Ja vi kan vel trygt seie at det må være ein av dei mest fotograferte gardane i fjorden.

Anders og Sølvi på Hustadneset
Janneche Myklebust frå Bondalen helselag ynskjer Sølvi og Anders velkomen til bygda med orkidèar. Her er dei unge brukarane på Hustadneset fotografert nedom huset med fri sikt til Jørnbakkane på Viddal.

-Kva får to unge personar til å flytte heim og overta garden på Hustadneset? Vi hadde no høyrt at de var etablerte på Viddal?

-Ja vi treivst godt på Viddal, men så fekk far min problem med helsa og dermed kom tilbodet, etter ei avklaring med systrene mine, om at eg kunne få overta Hustadneset. Eg er yngstemann i familien og det var ikkje noko sjølvfylgje at eg skulle overta Hustadneset, men no er det greit. Vi er no godt igong, og det er vi som skal drive sjølve garden, men å leige ut turisthyttene vil far min ha som ei biinntekt til arbeidet sitt i Ørsta, framover. Det vert ikkje mjølkeproduksjon, men vi satsar på sauer og vi har no 24 dyr og forar på eit par kviger.

-Men du er vel snikkar fortsatt og har arbeid utanom?

- Ja snikkar er eg fortsatt og vil alltid være, men no er eg på omskulering med ny fagutdanning og går som lærling i Tussa nett. Det står to år att i læretida der før eg får fagbrev.

-Og Sølvi du er oppvaksen på gard og det er vel ikkje den store overgongen frå Viddal til Hustadneset og i tillegg ser du også heimatt til Jørnbakkane når du vil. Du hadde vel også kikra ut Anders i god tid før du kom hit?

- He, he, nei Anders var heilt ukjend for meg før eg traff han, sjølv om eg ofte var med far min på mjølkebilen og henta mjølk på gardane. Det er sjølvsagt kjekt å sjå innatt til Viddal og eg er sikker på at eg kjem til å trivast på Hustadneset, for her er det fritt og godt og bu. Men om dagen er vi båe på arbeid og eg er utdanna barnevernspedagog og jobbar som miljøterapeut og på Sunnmørsheimen. Der har eg vore i 1,5 år og det er ein utfordrande og triveleg arbeidsplass.

-Og til hausten vert det bryllaup på neset, har me høyrt?

- Ja den 5.september gifter vi oss og då har vi invitert slekt og venner. Mykje av grunnen til at vi flytta til bygda er at det har vorte fleire i vår omgongskrets som har kome tilbake, og her vert etter kvart no eit fint miljø og bu i.

Helselaget og bygdemobiliseringa er svært glade for at vi får slike folk som dokke til å flytte tilbake til oss og ynskjer lukke til på Hustadneset.

Kanskje vi kjem att om 25 år med ein ny blomster.:-)

Vi besøkte deretter Svòra på Moane

Svåra juni09_1
Svòra på nedre Moane juni 09.

Då gjekk turen til nyefamilien på Svòra nederst på på Moane. Her har Audun Moe(29) og Anette Dagfinrud(28) og Marius 15 månader flytta inn og overteke garden. Det var foreldra til Audun som har dreve denne garden før og det hadde ikkje vore noko direkte planer at det var Audun som skulle overta garden, men i fjor døde faren til Audun og då vart det alvor og ei avklaring med dei to eldre brødne måtte kome om kven som ville føre garden vidare.

-Og då vart det lisjebroren som vart ofra då Audun?:-)

-Nei langt derifrå, slik ser vi ikkje på det. Vi har gått til dette med stor glede, men ei stor omstilling er det. Vi vil vidareføre mjølkjeproduksjonen på garden, og håper på at det vert leveleg på gardane i framtida også.

Vi budde i Ørsta i eit lite hus og det var trongt og eit nytt hus ville tvinge seg fram før eller sidan, og då låg alt til rette for å overta garden. Og ikkje minst no når vi ventar ein ny i familien til hausten, kommenterer Anette lurt. Mykje har det betydd at vi har fått ei god etablering av venene våre i same aldersgruppe i bygda. Her vert eit ungt og kjekt miljø og det meiner vi er svært avgjerande for borna våre, når dei veks opp, seier dei to. Til hausten er det også greitt å få seg barnehageplass på Sæbø.

Anette og Audun

Velkomen til bygda vår, og vi er svært glade for å ha dokke her, seier Janneche
og overrekker orkidèar til Anette, Audun og Marius.

Audun jobbar på Vik Ørsta As(tidl.Ø.Stål as) som verktøyinnstillar. Det vert travle dagar med oppussing av hus og det daglege gjeremål på garden, men det har vore godt å få hjelp. Far til Anette, Ivar Dagfinrud og Per Helge, bror til Audun, er gode hjelparar på garden og alt vert mykje lettare når ein er fleire om arbeidet. Ikkje minst er det kjekt for Marius å ha bestefar ilag med seg, seier Audun.

Anette jobbar som lærar på Åmås friskule i Åmdalen. Ho kjem frå Åmdalen i Ørsta.

-Ser du ikkje noko problem i å køyre over Bondalseidet på arbeid?

-Nei på ingen måte. Eg er glad i å køyre bil og det er ikkje stort verre å køyre på gode vegar frametter Bondalen eller kva det er å køyre frå andre stader, som t.d. Mosmarka.

Skulevegen på Svòra har alletider vore eit problem då det er langt til Sæbø og langt til Kvistadbrua, der det er busstopp, og ei gangbru over elva har vore noko som Svòrafolket har ynkst seg alle tider. Audun tenkjer ofte på det no, og i tillegg til skuleveg så ville kontakta med borna og familiane på Holen verte daglegdags, og vi vart heilt sentrale i bygda, seier Audun. Men eg er redd for at Bondalselva er ei for stor utfording å få bru over, men ideen og lysta til å bygge ei bru kostar ikkje noko so longt.

Bondalen Helselag har teke mål av seg og helse alle nyetablerar som flyttar til dalen velkomen med eit besøk.