Jarle Walseth var trenar for småguttelaget sesongen 1980, og laget gjorde det bra i seriespelet. Men det gjekk litt tråare under Sunnmørscupen, bl.a vart det eit klart 0-7 tap mot Godøy. Uansett var desse gutane i godt humør enten det vart siger eller tap, og å reise til Ålesund på cup var sjølvsagt moro. Rolf Egil Riise og Roger Holen var med som lagleiarar under denne cupen som føregjekk på Moa-feltet.

 

fotball 005

 

Nokon som kjenner att desse kjekke fotballgutane frå 1980 ? Her er det fritt fram for å setje namn på dette lagbiletet.

 

fotball 004

 

Ingenting å seie på konsentrasjonen framfor eige mål her, men kanskje litt i overkant med 5 mann til å passe på ein angripar frå Godøy :)

 

Sæbø smågutter-80

 

Her er nok eit bilete av småguttelaget 1980. Dette er teke tidlegare på våren i samband med ei turnering på grusbana på Sæbø. Bak frå venstre: Frank Urkegjerde, Sverre Hustad, Willy Håndlykken, Roar Kvistad, Svein Sæbønes, Ole-Ragnar Riise og trenar Jarle Walseth. Framme frå venstre; Arnt Egil Hjellen, Jens-Arve Forbord, Roy Torvik, Ole Tryggeset, Vidar Stokke og Alf Ole Aarseth.