Før slåmaskina kom på tidleg 1900 tal, var åkerriksa ein vanleg fugl. Men det at den er sterkt knytt til grasenger i kulturlandskapet held på å verte bana til arten.

Forhaustar og skiveslåmaskine har auka faren for både reir og fugl.

Åkerriksa 002

Klikk på biletet så kanskje du greier å lese teksten på biletet. Den spesielle songen til hannen har gjeve den det latinske namnet Creks Creks.

Sist på 70 talet høyrde eg åkerriksa på Rise for første gong. Den gonger var det etter at graset etter slåtten hadde vakse til ca. 15 cm.

Eg hadde med meg Andreas Hustad oppå marka for å høyre på den, og han huska den godt frå den tida den var meir vanleg

Det er som om nokon dreg att og fram på ein stor kam. Kreks, kreks, seier den samtidig som den snur på hovudet heile tida. Difor er det vanskeleg å høyre kvar den er.

Høyrer du åkerriksa er du ikkje i tvil om kva du høyrer.

I 1995 vart det gjort forsøk på å ringmerke den her på Rise, men eg trur det var mislukka, så vidt eg huskar. Forsøket vart gjort på Lensmannsmarka den 20. juni. Den gongen var den her lenge. Jarle høyrde den første gongen 9. juni.

Andreas Riise fortel at han høyrde den lenge ved Foldal sag i Follestaddalen for få år sidan. 

Anna og Jon Arne observerte den på Prestemarka tidlegare i vår, og dei fekk også sjå den. Etterpå var Helga og eg ein tur ned, og då landa ein fugl som kunne likne i den enga som Per Jan Myrhol slår. Like etter tok den til å krekse.

Etter dette har eg ikkje kunna høyre den. Problemet er susen frå Skondalselva, men andre med betre høyrsel enn eg har heller ikkje kunna høyre den, så vidt eg veit.

Mai 09 069

Korleis kan vi unngå å kverke dei siste med slåtteutstyret.

Det har vore sagt at ein skal starte å slå i midten og slå seg utover, men det er ikkje enkelt. Ein annan måte er at etter å ha laga vendeteig i endane, startar i midten og slår att og fram og utover. Det viktigaste er likevel å ha augene med seg. Skulle ein finne eit reir har vi råda til å sette att eit stykke i eit lovande forår.

Mai 09 071

Klikk på biletet så får du sjå ulike måtar å ta hensyn på dersom du har mistanke om at åkerriksa  er i di slåtteeng.

La oss håpe at den ikkje vert heilt borte. For det er ei oppleving å høyre på den.

I Møre og Romsdal var det i 2008 12 sikre observasjonar, men med dagens slåtteutstyr har den dårlege odds.

Den har nok største sjansen i kornåkrane, som vert truska etter at ungane har kome på vengjene.