Flottaste 17. mai i manns minne ligg bak oss og no har vi også hatt ei svært så flott pinse.  Mange, for ikkje å seie dei fleste, har lagt lengre og kortare turar bak seg - anten i bilen, i båten eller til fots.  Det er kjekt å vere busett i Hjørundfjorden på dagar som dette.

1. pinsedag var Håvard (Myklebust) og underskrivne på ein svært så flott fot-/skitur.  Ei bratt rås, som dette, kan vere travel å gå med tunge ryggsekkar påfesta tungt skiutstyr, men det eg hugsar best frå denne strekninga, er den gode lukta, eller meir presist; den fantastiske angen. Tenk å gå oppover ei rås, i fleire hundre høgdemeter, men tusenvis av blomstrande liljekonvallar - convallaria majalis - på begge sider.

IMGP1030 kopi IMGP1027 kopi

Ikkje så gode fotografi p.g.a. den sterke sola på nedoverturen, men tenk deg den gode lukta av tusenvis av blomstrande liljekonvallar.

På denne strekninga var det i det heile svært så grønt og frodig og blomar som ikkje er heilt vanlege på skuggesida i Bondalen, var å finne her.  Under er to eksemplar.  Det er godt mogleg at eg har brukt desse i ein quiz før, men kva heiter dei?  Klikk på fotoa for å få dei i stor versjon.

IMGP1043 kopi IMGP1032 kopi

Kva heiter dei to blomane over?

Mitt neste spørsmål vert:  - På kva strekning, kvar i Hjørundfjorden, finn vi desse blomane?  Det er sjølvsagt umogleg å svare på desse spørsmålet på bakgrunn av desse få blomeopplysningane, men kikar du på ingressfotoet og fotoet under, kjenner du deg kanskje att?

IMGP1040 kopi

Her ser vi Håvard igjen.  Han står ikkje rett under fossen, men det kom her vassdråpar både på han og fotografen då fotoet vart tatt.  Den aktuelle råsa passerer her.

Kanskje er oppgåva framleis litt vanskeleg, eg legg difor på eit foto til - frå målet til denne turen.  Kjenner du deg att?

IMGP0966 kopi

Avslutningsvis nemner eg at eg godt kunne ha tenkt å plukke ein stor bukett med liljekonvallar til kona, men let det vere på grunn av allergikar i huset.  Likevel tillet eg meg å kome med eit tips.  Framover no er det mange som skal gifte seg, men det er nok enno slik at det må friast først. 

Denne skrivaren har gjennomført sitt eine frieri i livet og var heldig og fekk ja.  Alle er dessverre ikkje så heldige. Er du vordane friar, men kvir deg mot fordi du er redd får å få nei til svar, er det berre ein ting å gjere.  Ta deg ein tur hit og plukk ein stor bukett med liljekonvallar til den du har kjær. Du får garantert ja, men ikkje vent for lenge - liljekonvallane visnar etter kvart. 

Men kvar finn ein denne råsa?