At operasongar Knut Skram og akkompagnatør Markus Kvits greidde å fylle Hjørundfjord kyrkje laurdag kveld var nok ikkje så overraskande, men at kyrkja også skulle verte nesten fullsett under den "ordinære" gudstenesta dagen etter, overraska nok fleire enn prest Arne Svilosen.

DSC00056

Prest Arne Svilosen(i kvit kappe rett innanfor inngangsdøra) heldt ord og handhelste på nesten alle dei over 300 som møtte fram til gudstenesta på søndag.

For første gang på mange år heldt prest Arne Svilosen igjen gudstenesta i Hjørundfjord kyrkje.  Svilosen starta med å fortelje om den første gudstenesta si i Hjørundfjordkyrkja for over 30 år sidan.  Den gongen var han svært nærvøs og han frykta at knea ville svikte.  - I dag er det stemma mi som no er i ferd med å svikte, sa ein tydeleg rørt Arne Svilosen.

Det er vel kanskje litt feil å kalle denne gudstenesta "vanleg" eller "ordinær" i all den dag at det var tidlegare sokneprest i Hjørundfjorden, Arne Svilosen, som stod føre gudstenesta og og duoen Knut Skram og Markus Kvits  tok del med song og musikk.  Men same kva - det vart ein stor dag for alle frammøtte.

DSC00054

Kyrkja var nærast fullsett.

DSC00057

Svært mange tok seg god tid til å snakke med kjende og ukjende på kyrkjebakken etter gudstenesta.

- Arne Svilosen, eg veit at du no er på veg heim til Lillehammer etter ei lang og travel helg i Hjørundfjorden, men har du ein kommentar å kome med?

- Overvelda er nok eit rett ord å bruke.  Både Solveig og eg er overvelda over møtet med Hjørundfjorden denne gongen.  Vi fekk eit fantastisk vêr, vi vart tekne svært godt imot og ikkje minst er vi imponert over dei fantastiske Hjørundfjorddagane og det som de får til der oppe.  Vi kan ikkje anna enn late oss imponere.

- Og kva med gudstenesta i dag - det var vel ok at så mange møtte opp for å høyre "gamlepresten"?

- Som du sikkert høyrde, fekk eg litt problem med stemma i starten - det å sjå alle som hadde møtt fram vart nesten i meste laget for meg sjølv om flesteparten sikkert kom for å høyre hjørunfjording og operasongar Knut Skram, seier ein smålåten prest.

- Og som du lova tok du deg tid til å handhelse på dei fleste som var i kyrkja?

- Det er nok feil å seie at eg tok meg tid til det - dette var noko eg ynskte og eg sette svært stor pris på ikkje berre at så mange møtte fram, men at eg også fekk helse på så mange, både kjende og ukjende.  Ja, dette vart ein stor dag som vi vil hugse både for Solveig og eg.

Som allereie nemnt fekk vi vere tilstades under Hjørundfjorddagane og spesielt hyggeleg var det å få lov til å kome til Sæbøneset og gratulere 90-årsjubilant Anton Sæbønes med den store dagen sin.  Tida vart sjølvsagt litt knapt, men vi vil nytte høvet til å takke alle som var tilstades i kyrkja og som vi fekk møte elles.

At mikrofonen til presten klikka under preika og batteri måtte skiftast, vil Arne Svilosen ikkje snakke om ein gong. - Dette var ein bagatell som eg allereie har gløymt seier han på telefon på veg mot Lillehammer.

DSC00058

Sokneprest i Ørsta, Mathias Austrheim, i samtale med Martinus Riise.  (Alle desse fotoa er tekne med mobilkamera) 

Det var elles ikkje berre "gamlepresten" som var i kyrkja.  Vi såg "nyare" prestar og organistar og vi såg "gamlare" organistar.  Jon Birger Aamaas og Einar Ljones er namn som hjørundfjrodingar likar å høyre.

Og kven Arne Svilosen preika om?  Nikodemus, sjølvsagt...

Under eit lite intervju med Arne Svilosen før gudstenesta søndag.

 

           -------------------------

- Vi som brukar Hjørundfjordportalen av og til har fått med oss at det er "gamlepresten" som skal halde gudstenete i kyrkja på Sæbø under Hjørundfjorddagane.  Stemmer dette, Arne Svilosen?

- Ja, det stemmer og dette gler eg meg stort til.

- La oss gå rett på det første problemet.  Eg ser at du vert omtala som "gamlepresten".  Dette likar du vel ikkje for det er vel framleis slik at "gamlepresten" er yngre enn "nyepresten"?

- He, he... Eg er no 61 år og er vel såleis nokre år yngre enn noverande sokneprest i Hjørundfjorden, Kåre Øygard, men eg vert slett ikkje fornærma fordi eg vert titulert som "gamlepresten".  Tvert om, eg ser på dette som ein heiderstittel.

- Javel, og det er vel også nokre år sidan du flytte frå Hjørundfjorden?

- Ja, vi reiste derifrå i januar 87 så det vert nokre år.  Men eg må få legge til at vi hadde mange gode år i fjorden og på Sæbø.  Utan tvil har både Solveig (kona) og eg lagt igjen ein del av hjarta våre i Hjørundfjorden.  No gler vi oss til å kome oppover igjen for å få helse både på eldre og unge.

- No veit eg tilfeldigvis at "gamlepresten" framleis har det som vel vert kalla ein "fan-skare" her i Hjørundfjorden.  Vil den tidlegare soknepresten ta med ein del autografar som han kan dele ut?

- Nei, eg har nok ikkje skrive nokon autograf før og kjem nok ikkje til å gjere det heretter heller, men eg ser som sagt fram til...

- Men eit handtrykk på kyrkjetrappa på søndag vil vel kyrkjegjengarane få?

...å få helse på flest mogleg på søndag og eg vil gjerne handhelse.

- Ok, eg forstår at du no er fungerande sokneprest på Lillehammer, men det er berre vel eitt år sidan du var sjef for feltprestane i Forsvaret.  Tek eg ikkje feil var du høgare offiser av obersts grad...

- det er korrekt, ja...

...betyr det no at det vert stilt krav om grunnstilling mellom benkeradene i kyrkja på søndag?

- He, he... Nei, på ingen måte.  Rett nok var eg tilsett i Hæren i fleire år, men eg prøvde å skilje den militære delen frå den sivilie/privatlivet.  Solveig slapp t.d. å stille opp kvar morgon...

- Så då må kyrkjegjengarane legge att våpena i våpenromet også på søndag?

Ja, men det er vel ikkje snakk om knivar og t.d. skytevåpen her.  Som du veit, finns det andre "våpen", t.d. vonde og negative tankar og fordommar som det kan vere klokt å legge at før ein kjem inn i kyrkjeromet.  Det er nok klokast å møte med eit ope sinn.

Svilosen

Både Solveig og Arne Svilosen kjem til Sæbø og Hjørundfjorden til helga.

- Men du, du er vel samd i at kyrkja er inne i ei litt trasig tid akkurat no?  Den har vel gått litt ut på dato?  Eg tenkjer på at "The missing link", Ida, er funnen og folk flest i Noreg greier seg vel godt på eiga hand, dvs. utan Gud og Jesus?

- Det kan nok vere rett at kyrkja er litt på vikande front i Noreg og er høyrde nettopp at i Inda veit fleire kva McDonalds er for noko enn kven Jesus er. Det er sjølvsagt trist å høyre, men eg ser likevel ikkje den stsore dramatikken i det.  Eg opplever nemleg ikkje at folk er mindre religiøse no enn før - slett ikkje.

- Men kyrkja har vel etter kvart blitt så vag for ikkje å støyte bort nokon at det er vanskeleg å vite kva denne folkekyrkja meiner?

- Det er sjølvsagt viktig at kyrkja er tydeleg, men samstundes må kyrkja vere både raus og inkluderande.  Eg kan ta Sjømannskyrkja, ei kyrkje eg har jobba ein del for, som døme.  Den kyrkja held seg til den klassiske forkynninga, men er likevel raus.  I Sjømannskyrkja møter ein alle typar folk og det ser ikkje ut til at nokon mislikar den fordi den kyrkja er tydeleg.

- Du likar Sjømannskyrkja?

- Absolutt.  Eg har jobba eit par månadar for Sjømannskyrkja i Pataya i Thailand.  Eg ser ikkje vekk ifrå at Solveig og eg tek oss ein tur nedover dit igjen.

- Til slutt, "gamleprest"/fungerande sokneprest/oberst Arne Svilosen, til hausten blir det visst ei ledig stilling i Hjørundfjorden.  Det går rykter om at dei som bestemmer, dvs. dei som held til på Molde, vil redusere prestestillinga i Hjørundfjorden til 50 %.  I så fall - det må vel vere ei fin retrettstilling til ein prest som enno er berre 61 år?

- He, he... Det er ikkje alltid godt å vite kva som vil skje her i livet.

Tusen takk for praten, men nemnde du kva  du skal preike om på søndag?

- Nei det gjorde eg ikkje.  Søndag skal eg snakke om Nikodemus sitt møte med Jesus.  Eg vonar at flest mogleg har tid og anledning til å møte.  Hugs også på at Hjørundfjordkvintetten skal spele og Knut Skram skal synge...

- Knut Skram?  Då vil det vel koste pengar å kome inn?

Slett ikkje - som alltid er det gratis å kome til kyrkje.  Takk for praten og igjen - vel møtt til alle.  Gudstenesta startar klokka 1100.