Ver ikkje i tvil, reint privat støttar eg  kampen mot 420 kV-lina i luftspenn. Likevel stiller eg meg sjølv eit spørsmål: Gjer vi oss sjølve ei bjørneteneste med å seie absolutt nei til lina, og at heile lina skal i kabel. Ingen har til no dokumentert at ny teknologi gjer at heile lina kan gå i sjøkabel frå Fardal til  Ørskog, og samstundes medverke til leveringstryggleik for straum til Sunnmøre.

Det er dette som er mitt dilemma: På den eine sida ser vi at eit luftspenn vil verte stygt og øydeleggjande, samstundes koplar vi oss til breiband, kjøper flatskjermar, har lys og varme på altanen, og gjerne også varmekablar i oppkøyrselen. Vi byggjer utleigehytter som også skal ha straum, og krev at straumen skal vere billeg.

Då seier nokon: Bygg vindkraft på Mørekysten, eller bygg gasskraftverk. For eller i mot, det løyser ingenting, for uansett kor Stortinget er samansett, vert det ikkje fleirtal for noko.

Då står vi som krevjande straumforbrukarar att med eit alternativ: Vi må få tilført straum. Eg registrerer at den som er mest mot lina, vil byggje hyttelandsbyar på Bondalseidet og ei gondolbane på toppen. Meir straumforbruk, og høge master. Men så lenge det er master til eiga vinning er det greitt.

Kampen mot lina må konsentrerast der det er mogleg å vinne. Då handlar det om strekninga Haugen – Sykkylven. Tussa Nett har prova at det i ein periode er mogleg å kople ned 132 kV-lina frå Haugen til Sykkylven, sanere henne, og nytte eksisterande trase til 420 kV-lina. Skal vi få det til, og verne Lisje-Standal, må vi også peike på dette i protestane, og ikkje berre seie nei, nei, nei, og setje oss sjølve heilt på sidelina for noko det faktisk er politisk fleirtal for å få til, både i fylkestinget og på Stortinget

Viss vi held fram og seier at Hjørundfjorden vert øydelagt på  grunn av lina, er ikkje det sant. Det er utruleg dårleg marknadsføring å seie at Hjørundfjorden som opplevingsprodukt vert øydelagt av lina. Det er ikkje sant. Vi gjer oss sjølve ei bjørnesteneste. Hjørundfjorden vil vere like attraktiv etterpå. Det handlar om måten vi gjer det på.

 

Elles er eg noko spørjande til at einskilde på Ytre Standal no ber om folk i fjorden om den største merksemd til kraftlina, og at det handlar om Hjørundfjorden si framtid, medan dei sjølve aksepterte og lanserte lakseoppdrett i fjorden, og dermed starta Bondalselva og Sæbø sin undergang.

 

Rune Sæbønes